Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd:   

Facebook    -   Twitter

Bøsseinnsamling  TV-aksjonen  

Sida er sist endra 22. okt. 2017

Bøsseinnsamling søndag 22. oktober
Vikebuen ga kr. 19.800 i bøssene!

av Steinar Skartland, medlem i aksjonskomiteen i Vindafjord, 22.10.17
 

I solskin og vind gjekk 8 vikebuar med bøsser og banka på alle dørene i bygda, i tillegg til to som stod for organiseringa. Dei vart alle godt mottekne, og var det nokon som ikkje hadde kontantar eller som ikkje var heime, så fekk dei ein lapp med kontonummer og VIPPS nummer for å kunna senda pengar elektronisk.

I heile Vindafjord kom det inn ca.
kr 250.000, i dei 114 bøssene. Totalt var nær 130 personar i aktivitet med innsamling, organisering og oppteljing. Vi kan berre retta ei stor takk til alle som deltok og alle som ga.

Ikkje alt blir registrert i oppteljinga.
I tillegg til bøssene så var det ein næringslivstafett dagane før innsamlinga. I Vindafjord kom her inn kr 101.572 inkludert bidraget frå kommunen på kr 25.000,-.  Men ikkje alt kan registrerast lokalt. Midlar som kjem inn via VIPPS og direkte bidrag til aksjonen sin konto, vert ikkje fordelt på kommunen.  Dei er likevel med i totalbeløpet på landsbasis.  

Totalt i Vindafjord kom et inn kr 250.085 i bøssene og med andre registrerte bidrag er totalen kr 366.162.  Ein reknar med at dette stig m.a. med det som kjem inn på VIPPS og andre bidrag.

Vil du gi, kan du nytta
VIPPS nr.: 2133
  (valgfri sum).
eller
SMS: send TVA til 2133 (250 kr).

 


To av eldsjelene i arbeidet med aksjonen lokalt er Jon Olav Velde og Magne Christi-ansen (banksjef i SR-bank), som saman med lokale innsamlingskontaktar i kommune-komiteen og medhjelparar frå banken, stod for oppteljinga søndag kveld.

Dei innsamla pengane skal gi barn i Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan tilgong på læring. Eit av fem barn i krig- og konfliktområde står i dag utan skulegong. Unicef jobbar hardt og målretta for at barn ikkje skal få øydelagt framtida på grunn av dei vaksne sine krigar og konfliktar. Skulegong gir born som lever i konfliktområde ein moglegheit til å læra, leika og vera saman. På sikt bidrar utdanning til å byggja opp att samfunn og gi håp for framtida.

Aksjonskomiteen vil takke for godt samarbeid og god hjelp frå frivillige til komitearbeid og som bøssebærar.

Følg med i kor mykje som kjem inn her.
 


Bøsseinnsamling søndag 22. oktober
Vikebygd har 8 bøsseberarar på plass!

av Steinar Skartland, medlem i aksjonskomiteen i Vindafjord, 18.9.17

Årets TV-aksjon går til Unicef og har som mål å hjelpa barn og unge i krigssonar å få den skulegangen dei har rett på.  Slagordet er «Hvert barn er en mulighet»
Sjå meir på: www.blimed.no, -der er mykje flott informasjon om aksjonen og organisasjonen.

Politikarar på ringedugnad i næringslivsstafett
Onsdag 18.9. deltok ordførar, varaordførar, utvalsleiar og leiar for servicetorget i kommunen, på dugnad saman med politisk leiing i alle kommunane på Haugalandet. Dei nådde å ringa til ein stor del av verksemdene i kommunen og utfordra dei på å støtta TV-aksjonen med ei gåve.
 
Totalt var det til og med onsdag kveld kome inn kr 27.063.084 i Noreg.
Av dette er beløpet i Vindafjord, frå bedrifter og kommunen, på kr 94.086
 
Om vi ikkje nådde fram til di bedrift, kan du ennå delta i stafetten på websida: giverstafett.no/gi-gave
 
Følg med i kor mykje som kjem inn her.


Bøsseinnsamling søndag 22. oktober
Vikebygd har 8 bøsseberarar på plass!

av Steinar Skartland, medlem i aksjonskomiteen i Vindafjord

Årets TV-aksjon går til Unicef og har som mål å hjelpa barn og unge i krigssonar å få den skulegangen dei har rett på.  Slagordet er «Hvert barn er en mulighet»
Sjå meir på: www.blimed.no, -der er mykje flott informasjon om aksjonen og organisasjonen.

Kommunekomiteen i Vindafjord er organisert likt som dei tidlegare åra:

Ordførar leiar kommunekomiteen med ein kontaktperson i kvar bygd, som er oppnemnd av formannskapet. Gunnbjørg Nesbu er bindeleddet mellom tv-aksjonen og kommune. Ho hjelper ordførar med organiseringa.

Dei lokale kontaktpersonane / innsamlingsleiarane i kvar bygd har som oppgåve:

  • Skaffa bøsseberarar og fordela dei på rodane og så vera deira
    kontaktperson med all informasjon.
  • Henta og klargjera materiell og bøsser.
  • Avtala lokale for aksjonsdagen, der ein møter bøsseberarane
  • Ut- og innlevering av bøssene på aksjonsdagen
  • Vera med på oppteljinga i banken i Ølen søndag kveld.
Bøsseberarane i Vikebygd møtest på skulen og går ut klokka 15:00 (kl. 3 em) på aksjonsdagen. Når alle bøsseberarane har returnert dit med bøssene, tek den lokale kontakten desse med seg til Ølen der pengane vert opptalde i banken.

Då årets aksjon gjeld skule og utdanning, vil kommunekomiteen senda ekstra informasjon til skulane om aksjonen og arbeidet pengane skal gå til.

Meir info ser du her: www.blimed.no
 

 
 
 

Les også andre nyheiter frå Vikebygd


Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Siste nytt frå bygda
Oktober
Open Heart Ukraina
TV-aksjonen
Oktober-November
Handle lokalt dagen
September
1 år med Gunn til rors.
Familie-idrett 25.9.
Vikestølsmarsjen 3.9.
August
Basar på bedehuset
Forskjellig frå august-sept.
Gravsteinane på internett
Sildajazz i Skjold kyrkje
Lokale lag på Norway Cup
Juli
102 Sommarshow frå Plasset
Bakedag i Plassabakeriet
30 sone i Plassavegen
Forskjellig frå juli 2017
Juni
Vikebygd i bilete
Jordskjelv 25.6.
Vikestølsmøtet
Nedoverbakke
Jonsok feiringa 23.6.
Dårleg stell av gravplass
Vossaplasset-vegen
Folketalet og skulen i bygda
Mai
17. Mai feiringa
Konfirmasjon i bygda
Merking av nye stiar
Dugnad på Årvik skule
April
Vikesprinten 30.4.2017
Vikeputten 29.4.2017
Nyopning av butikken
Rolf Alne i Kenya
På leit etter røtene i Vikebygd
Påsken 2017
Vikestølstur i sol
Fasteaksjonen
Mars
SØK inn i Haugaland Kraft
Vikebygd Amatørteater
Forskjellig frå febr.-mars
Februar
Planeten Venus i vest
Kulturettermiddag
Speidarfest og Nutastavar
Venneklubben i Vikebygd
Arquebus-filmen
Januar
Januar
Årsmøte i Grendautvalet


Tidlegare år
 2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org