Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd:   

Facebook    -   Twitter

Årvik skulemuseum - ein kulturhistorisk dugnad   

Sida er sist endra 6. mai 2017

Fiksing på det gamle skulehuset i Årvik
Dugnadsånda lever ennå godt i bygda

av Steinar 6.5.2017

Dugnad på skulehuset

Vårdagen var varm som den beste Vestlands-sommar og 12-15 vaksne pluss ein del born hadde samla seg ved det gamle skulehuset. Dugnadsånda lever godt i bygda, ser vi. Denne dagen skulle det malast utvendig og ein del av taket som var skada skulle fiksast.  I ei bygd med både gardsbruk, entreprenørar og andre nevenyttige lokalfolk er det ikkje vanskeleg å få noko gjort når ein inviterer til dugnad for fellesskapet. 

Den gamle skule vart lagd ned i 1962. Framleis står han med innreiinga som var der då. Pultar der benkene er faste og bordplata skrå. Dette er lokal kulturhistorie. Dei som er noko over 60 år har vore elevar her i barndomen, før skulen vart lagd ned og borna flytta til Vik skule. Nå er også den riven, og ein ny skule på plass. Men Årvik skule - den lever.

Her vil vi ta vare på historia vår. Visa den fram til nye generasjonar. Av og til kjem folk heilt frå Amerika. Dei set pris på å få sjå kor beste- eller oldeforeldra gjekk på skulen, før harde tider tvang dei til å søkja lukka ute i den store verda.  Over havet i båt og vidare til den ville vesten.

Felles måltid under primitive forhold, høyrer med til ein skikkeleg dugnad.  Bordet var snikra i fjor. -Me skulle hadde laga benker og, var eit ynskje som kom fram, men ståande buffé går greitt ute i lyngen på den gamle skuleplassen. Her har aldri vore asfalt, og truleg kjem det heller ikkje slikt her.  Dei vil bevara historia slik ho var. Men det vart snakka om å få ei gravemaskin bort og grava vekk litt av jorda og lyngen rett utanfor huset.  Grus i vegen og mellom huset og utedoen kunne vera bra. Men den gamle skuleplassen er rydda for buskar og tre. Det vart gjort i fjor.  I år så vart litt meir av buskane i ytterkantane fjerna.  Kan ikkje brenna bål på desse i slik tørke, så Kjetil Skartland stilte med traktor og tømmerhengar. Med kranen lasta han buntar av greiner på hengaren og køyrde dei vekk.

Gode kaker var det. Noko er vel kanskje ennå som før. Det var vel damene som kom med kaker og menna med stillas og traktor. Det viktigaste er å kunne delta saman og visa borna at ein kan ha det fint saman i eit arbeidslag som vil forbetra og ta vare på det ein har og den historia vi har bak oss. For å byggja ei god framtid må vi kjenna historia.

Takk til alle som stiller på dugnad og tek eit tak for å gjera bygda og grendene endå trivelegare.  Og takk til dei som set i styret for skulemuseet i Årvik for at dei styrer med dette og kallar inn til dugnad. Responsen viser at folk likar slike tiltak.
 


Rolf Arne Juulsrud stilte med motorsag og i full skogsarbeidar mundur.  Her skulle det ryddast i krattskogen.

Det vart jobba både høgt og lågt.  Også den gamle utedoen fekk seg eit strøk maling.
 

Kunngjeringa
Styret for Årvik skulemuseum inviterer til
Dugnad på Årvik Gamleskule
Laurdag 6. mai klokka 12:00

- Me må prøva å ordna litt på taket!! Skoga litt meir og mala det som blei grunna i fjor, skriv Cathrine Hamre Tindeland i tilknyting til invitasjonen dei har sendt ut via facebook.
 
 

Les om dugnaden i 2016 her
Les meir om Årvik skule her


Skulebilete frå 1912.  35 elevar og to lærarar på skulen.  Kjenner du fleire?
Lærar Dahle og Lærarinne Betha Aarvik saman med elevane utanfor skulebygget i Årvik 1912
Kanskje nokon har namna på dei? Så langt kjenner vi igjen: Samson Skartland (2 i bakre rekke)
Knut Johnsen Skartland og Valborg Skartland (midt i 2. bakarste rekke).
Selmer Tindeland og Gudmund K. Tindeland (ved Dahle), Alfred Skartland (midt i fremste rekke)
Gurine og Elisabeth (Stien) Skartland (med blondekragar ytst til høgre i 2, rekke)
Kanskje er det Hjørdis Skartland og Inga Årvik heilt til høgre i midtarste rekke

Les også andre nyheiter frå Vikebygd


Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Siste nytt frå bygda
Mai
Dugnad på Årvik skule
April
Vikesprinten 30.4.2017
Vikeputten 29.4.2017
Nyopning av butikken
Rolf Alne i Kenya
På leit etter røtene i Vikebygd
Påsken 2017
Vikestølstur i sol
Fasteaksjonen
Mars
SØK inn i Haugaland Kraft
Vikebygd Amatørteater
Forskjellig frå febr.-mars
Februar
Planeten Venus i vest
Kulturettermiddag
Speidarfest og Nutastavar
Venneklubben i Vikebygd
Arquebus-filmen
Januar
Januar
Årsmøte i Grendautvalet


Tidlegare år
 2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org