Nyopning av Vikebygd Landhandel
Skal nå ha ope til klokka 18:00, også laurdagar
av Steinar Skartland 27.4.2017
Gunn Vikingstad sikrar fleire arbeidsplassar i bygda gjennom Vikebygd
Landhandel. På nyopningsdagen tok ho sjølv plass i kassen og ekspederte
kundane som strøymde på. Inne
på
drøsestova vart det servert kaffi og kaker til alle som var innom.
Etter at butikken vart stengd laurdag har det vore
arbeida for fullt. Gunn rosa spesielt Ola Harald, som med sin
snikkererfaring stod for mykje av byggjearbeidet saman med fleire andre.
Det har vore svært travelt, måtte Gunn medgi. Dei tømde ut alt som var
i butikken for å kunna leggja nytt golv, plata og mala vegger, og få inn ny
innreiing. Endå til på opningsdagen var det full aktivitet heilt fram til
snora skulle klyppast.
Varaordførar
Skartland skar av "snora"
som var Joker bæreposar knytt saman til
ei
lang remse.
Ved sida av døra viser oppslag om opningstider at nå blir
det ope til klokka 18:00 også på laurdagane. Bygda har mange hytter og
i helgane aukar folketalet ein god del. Det må nyttast til å ha open
butikk. Innvendig er reolar snudde slik at det både blir betre
oversikt og lettare å koma seg fram med handlekorga. Drøsestova skal bestå
og Gunn vonar at butikken ikkje berre skal vera ein
plass å kjøpa brød og
mjølk, men også ein
sosial møtestad for folk i bygda.
I kjellaren ligg treningssenter og butikken køyrer ut
varer til dei som treng det. Så vonar vi butikken, som årleg omset for
7-8 millionar, kan bli nytta godt av folket i Vikebygd til daglegvarer dei
treng.
- Då er oppussinga ferdig og "den nye butikken" opna!
Me er storfornøyde med resultatet - og det var berre godord frå dagens
kundar også! skreiv Gunn på Facebook då kvelden endeleg kom. Og ho la
til:
- Velkommen til hyggelig handel! PS: Nå blir det åpent til 18:00 på
lørdagene også!