Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Det skjedde i Vikebygd   

Facebook    -   Twitter

Venneklubben i Vikebygd  

Sida er sist endra 19. febr. 2017


Søndagsskule og Laurdagsklubb vart til Venneklubben
av Steinar Skartland 19.2.2017

Kjersti, Lene og Lina vidarefører aktivitet for born i Vikebygd, men nå annankvar fredags-ettermiddag på bedehuset, klokka 16:00 - 17:30.  Dei står i en lang tradisjon i dette arbeide som nå er i sitt 94. år i Vikebygd.

Ein lang tradisjon gjennom 94 år
Søndagsskulen har lange tradisjonar i Vikebygd. Heilt frå den vart starta opp 21. oktober 1923 av Harald Alne. Rebekka Alne (Tante Bekka) skreiv i ein rapport om dette på 60-talet:

- Efter en Læretid paa Bibelskolen i Oslo, tok han og Bertin Alne fat paa Søndagsskolen, og var Leder til 1932.  Harald Alne fra 1923 til 1932. Bertin Alne var med hele tiden. Rebekka Alne fra 1932.

Ved oppstarten i 1923 var det 61 barn og 2 lærarar med i søndagsskulearbeidet. Då Rebekka rapporterte (omlag 1960) var barnetalet 90 og framleis med to lærarar, som på det tidspunkt var Rebekka og Bertin Alne.  Søndagsskulen vart innmeld i Karmsund-Sunnhodland krets av Norsk Søndagsskoleforbund frå starten av og arbeidet er ennå medlem her, sjølv om ein i 2005 gjekk over til å ha dette på laurdagane og i 2017 har samlingane på fredags ettermiddag.  (Søndagsskolen Norge)

40 år som søndagsskulelærar
Gjennom åra har mange av hovudleiarane gjort dette til ei oppgåve dei brukar mange år av sitt liv på. Vi veit ikkje heilt kva år Bertin Alne (som vart med i 1923) slutta av, men truleg var han med i 40 år. Rebekka Alne (som overtok i 1932) heldt fram i arbeidet til 1972.  Også ho kunne notera seg 40 år i tenesta, og då mest kvar søndag. Det må ha vore livleg på bedehuset med opp mot 90 born samla og 2 vaksne til å ta seg av dei i ein time med song og bibelforteljingar.

I 1968 fekk ho hjelp av ein ny medarbeidar. Det var Solveig Trodal (Solveig Eikrem) som var komen til Vikebygd som ung, nyutdanna lærar på skulen her i to år.  Ho flytta frå bygda i 1970, Rebekka heldt fram ennå eit par år. Då ho ga seg overtok lærar Odd Svendsen (1972), fram til at Solveig (som nå hadde gifta seg med ein annan lærar til namnet Eikrem), flytta tilbake til bygda.  Ho overtok søndagsskulen og stod trufast i dette arbeidet til ho flytta i 1978. Solveig var flink å rekruttera ungdommar til å vera med. I 1975 var dette Steinar Skartland, fram til han reiste i militæret i 1978. I 1976 til 1979 var Annbjørg Veastad med.  I nokre av desse åra kunne ein difor dela den store barnegruppa i tre aldersdelte grupper. Steinar hadde Søndagsklubben, som var den eldste gruppa.

I ein del år var det då mange som var med i kortare periodar.  Dette var m.a. Svanhild Lunde (1978), Anders Sørhus (1980-1981), Åse og Egil Eide (1981-1983), Vigdis Vågen (1983-1985). 

I 1985 overtok Steinar Skartland som leiar, fast fram til 2011 og som ekstrahjelp og kasserar etter det. Kona, Berit, var aktivt med i arbeidet frå 1987 til 1998, og litt sporadisk også i åra etterpå. I den tida var det også mange andre gode medarbeidarar som vart med i kortare periodar og gjorde det mulig å dela barnegruppa i to alderstrinn dei gongene det var mange som møtte.  Desse var: Margaret Nøkling (1985), Oddbjørn Rannestad (1986-1987), Terje og Guri Bjørnevik (1987-1988). Sigrun Alne, Nora Knutsen og Gunnvor Alne (Desse tre i åra 1989-1990, men Sigrun også i 1997-1998). Nokre var med i lengre periodar: Unn Sjo (1991-1994), Inger Alne (1991-1996), Hilde Holsbrekken (1996-2003).  Frammøtet kunne variere frå 5-6 til 30 dei ulike åra. Ofte var det omlag 15.

Men så, i året 2004, klarte søndagsskulen å verve ein ny medarbeidar.  Kjersti Hausberg Bjerga hadde flytta til Vikebygd der ho og mannen overtok eit gardsbruk. Ho var utdanna lærar og fekk snart smaken på søndagsskulearbeidet. Etter nokre år overtok ho leiar-ansvaret og har hatt dette fram til nå, med hjelp av fleire ungdommar, ektemannen, Jone og svigerinna Lene Liodden. Etter kvart Steinar trappa ned.

Laurdagsklubben
Nokre år tidlegare hadde det vore ein laurdagsklubb i Vikebygd annankvar laurdag, og søndagsskule dei andre helgane.  Det var m.a. Vigdis Vågen saman med Berit Ryvik Skartland som stod for dette i to-tre år.  Kjersti føreslo etter at ho kom med i arbeidet, å prøva å ha søndagsskulen på laurdagane, som ein klubb og fast annankvar laurdag. Ideen vart testa ut, og det synte seg at dette høvde godt både for leiarane, borna, og ikkje minst familiane i bygda.  Mange foreldre stilte opp med å skyssa borna til laurdagsklubben som kunne ha 12 - 25 frammøtte. I tillegg til søndagsskuleopplegget med song, bibelhistorier og slikt, vart det vektlagt formingsaktivitetar. Tida vart utvida til 1,5 time.  Og at borna trivst, merka ein på at dei etterlyste laurdagsklubben om det var periodar som ikkje det var klubb. At ein utdanna lærar stod i bresjen vart veldig bra.

Nye krefter og Venneklubb
Arbeidet held fram, men nå med litt annen vri og nye medarbeidarar i teamet. Lene Liodden, Lina Fisk Eide og Kjersti Bjerga kallar nå arbeidet for:  Venneklubben.  
- Ein klubb der alle er venner og saman om å syngja, eta, lytta, leika, leita, dansa og forma noko. 
- Ein venneklubb for barn på bedehuset annankvar fredag klokka 16:00 - 17:30.

Flott at tilbodet og trusopplæringa kan halda fram, i nye tider og med nye medarbeidarar.
Vi ynskjer dei lukke til og alt vel i arbeidet, som framover inviterer til desse datoane:  3/3, 17/3, 31/3, 21/4 og 5/5.
 

Les også andre nyheter frå Vikebygd


Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Februar
Kulturettermiddag
Speidarfest og Nutastavar
Venneklubben i Vikebygd
Arquebus-filmen
Januar
Januar
Årsmøte i Grendautvalet

2016
Desember
Forskjellig frå desember 2016
Omvisning på båten Wayfarer
Musikalsk julegudsteneste
Lokal julekonsert m fullt hus
Julekonsert med Scala
Lysmessa i kyrkja
November
Tenning av julegrana
Julemessa 2016
Globalaksjonen
Bibelmaraton i Skjold
Vikebygd Amatørteater?
November skjedde det
Oktober
Grendautvalet - ope møte
Lokal drivstoffløysing
Amatør teater i Vikebygd?
Longåsdals-dagen
Aktivitetsdag på idrettsbanen
September
Eigarskiftehelg på Joker
Folkerøystinga
Spennande gudsteneste
Vikestølsmarsjen med pop-up
August
Ny butikkeigar i bygda
Haustfest i Lio
Kommunesamanslåing?
Paul Harrison i Skjold kyrkje
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til sals
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
Tidlegare år
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org