Handle lokalt dagen - laurdag 21. oktober
på Joker Vikebygd
av Steinar Skartland/Gunn Vikingstad 11.10.17 /
oppdatert 17.10.2017
Laurdag 21.10.17. er det "Handle lokalt
dagen", ein dag som blir markert på ulikt vis på mange mindre
butikkar rundt om i landet.
- Joker
Vikebygd er sjølvsagt med - og me vil laga til litt ekstra i
butikken den veka, fortel Gunn Vikingstad.
- I tillegg lagar me
til, i samarbeid med 9.klassingar frå bygda, "Pop-up middagskafé" på
Bygdahuset, tysdag 17.oktober kl. 16-18. Sjå plakaten for
denne.
Menyen blir Fårikål. Prisen er kr 100 / 50 (under 12 år).
Det vart ei vellukka middagsservering på bygdahuset tirsdag 17, som
eit samarbeid mellom 9. klassingane og Joker-butikken. I tillegg til
dei som kom og fekk seg fårikål til middag, så var det også andre
som kjøpte med seg heim. Det var laga til meir enn ein fekk seld.
- Det kunne godt vore fleire som kom, fortel Gunn Vikingstad
då middagsserveringa var over. - Me har nok restar til å servera
nokre i morgon og! Uansett, glad for dei som kom.
Handle
lokalt dagen
Handle lokalt dagen er initiert av Merkur-programmet,
eit statleg program for butikk-utvikling. Det er Kommunal- og
moderniserings-departementet sitt verktøy for å utvikla butikkar i
utkantstrøk, og dei gjev fylgjande informasjon om programmet:
- Departementet ser at
det er behov for å rusta opp dei mest marginale daglegvare-butikkane
for å sikra tenestetilbodet i distriktet.
- Laurdag 21.oktober
blir det ny aksjonsdag for lokal handel. Alle Merkur-butikkar over
heile landet blir inviterte til å delta i aksjonen.
Slagordet for nærbutikk-dagen er:
«Handle lokalt – vel nærbutikken».
Klikk på den oransje sirkelen .
Kampanjen vil som tidlegare fokusera på kor viktig butikken er, både
som møteplass, servicesenter og salsstad for daglegvarer. Målet er å
redusera handelslekkasjen og stimulera til meir lokal handel.
- Når du handlar
lokalt, er du med på å oppretthalda nærbutikken og eit levande
lokalsamfunn. Vi ønskjer å takka kundane for at dei sluttar opp om
lokalbutikken. Samtidig vil vi utfordra dei som handlar lite lokalt,
til å tenkja over kva butikken betyr for bygda, seier
seniorrådgivar Per
Kjetil Jørgensen i Merkur.