Prostidag i Vikedal:
Sokneråda møtte biskopen
(21.9.10 SteinarS) Alle sokneråda i Nordre Ryfylke
prosti møttest i Vikedal
for å snakka om Gudstenesta som stad for fellesskap og fornying.
Fire soknerådsmedlemar frå Vikebygd deltok på møtet og fekk høyra ein inspirerande og gripande tale av Biskop Erling J. Pettersen. Med utgangspunkt i uttrykket: "I Kristus - nær livet" skifta den tidlegare misjonæren mellom å tala om ny gudstenesteliturgi, fortelja gripande minne
frå ei lang presteteneste, syngja og spela gitar til. Etter ei matøkt vart alle sokneråda inviterte til å koma med innspel og tankar om dette temaet. Martin Ivar oppfordra sokneråda til å våga å dela draumane og visjonane sine med kvarandre, og biskopen følgde opp med sei at:
- Når èin drøymer, blir det berre ein draum. Når to eller tre drøymer saman blir draumen til verkelegheit.
Utfordringa for kyrkjelydane er å klara å engasjera fleire frå bygda. Få fornya seg både innan liturgi, salmeval, språk og å både trekkja inn kvardagsliv og stillhet i gudstenesta.
Kateket Britt Karstensen greip også ordet og inviterte alle i vikebygd til ei Sprell Levande Gudsteneste klokka 11:00 på søndag 3. oktober. Ei gudsteneste med
barn og mykje liv.
Les om kyrkjelydane i Vindafjord, HER. |