Slekt og Data sin Gravminnedatabase
Alle gravminne er avfotograferte og lagt på nett
av Steinar S 15. aug. 2017
-
Eg tok på meg å fotografere av alle gravstøtter i Vikebygd, og vart
ferdig med det fram til august 2016, fortel Gunnstein Jordal. Han vaks opp i Toredalen i
Vikebygd og har gjennom interesse for slektsgransking vore aktiv medlem i DIS
Norge / Slekt og Data i fleire år.
Slektforskar-organisasjonen "Slekt og Data" (tidlegare DIS Norge) som Gunnstein
er medlem i, har gjort dette for alle gravplassar i Noreg. Bilde av gravminna og
informasjonen på desse er digitalisert og lagt tilgjengelege på internett for
dei som er medlemmer. Med brukarnamn og passord kan dei logge seg inn og søke
opp gravene til slektningar.
Unikt verktøy
Gravminnebasen er unikt verktøy for å finna slektningar de siste 100 åra,
kor tilgangen til folketeljingar og kyrkjebøker er avgrensa. Gravminnebasen
inneheld over 2,7 millionar registrerte gravminne og over 1,7 millionar bilete
av gravminne, står å lesa på
websida til Slekt og Data.
Alt arbeid er basert på frivillig engasjement og
dugnadsinnsats. Gravminnebasen er under kontinuerlig arbeid og den er ikkje
komplett, men blir større dag for dag. Dersom du ikkje finn den du leitar etter
skuldas det som oftast at gravplassen som vedkommande ligg på ikkje er
registrert endå, at vedkommande er gravlagd etter at registrering var
ferdigstilt eller grava er sletta før fotografering blei gjort.
Les meir om
slektsgransking
Lett tilgang på nett for alle
Men ein treng ikkje vera medlem i ein organisasjon for å få tilgang til
informasjon om dei som levde her før oss. Ved universiteta har ein i mange år
digitalisert ei mengd med historisk materiale: Kyrkjebøker, foketeljingar,
skipsregister osb. I tillegg til at ein kan finna fram avfotografert
originalmateriale, så er informasjonen lagt inn i søkbare databasar som er opne
for alle som vil leite etter sine forfedre, i
Digitalarkivet.no,
heilt gratis. Men data om personar som lever eller som er døde dei siste 60 åra
ligg ikkje tilgjengelege her. Då kan det å leita på gravstøtter vera ei løysing.
Gjennom internett kan dette gjerast heimafrå og utan reisekostnad. Ei god
hjelp for dei som leitar etter sine røter, familie og forfedre.
Sperrefristar for statlege folketeljingar er 100 år. For kommunale teljingar og
kyrkjebøker er sperrefristen 60 år. Gravstøtter står opne og tilgjengelege på
kyrkjegardane med dei opplysningar som står der.
Også
Slekt og Data har tilrettelagt fleire søkbare databasar og forum.