Næringsliv    -      Vik Skule og Barnehage   -      Kyrkja    -      Kvamsåsen Rundt    -      Fotball    -      Orientering   -    Speidarane   -    Laurdagsklubben
Vikebygd ligg i Vindafjord Kommune på grensa mellom Rogaland og Hordaland. Her er 540 fastbuande (men i helgar og feriar kan talet mest dobla seg). - I sentrum ligg barneskule og butikken Vikebygd daglegvare kor det også er treningsstudio!  - Nede ved fjorden, kor det i gamald tid var bakeri, finn vi serveringsstaden "Plassabakeriet" kor folk kjem langvegs frå for å få oppleva maten og stemninga. Av og til fyrer eigarane opp i den gamle bakaromnen og lagar brød og boller som i tidlegare tider. I Juli kvart år vert Vikebygdfestivalen arrangert, -kombinert marknad og fiskefestival ved fjorden. - Like oppfor kaien ligg den kvite Kyrkja i bygda. Ofte vert ho kalla katedralen i kommunen. Ei vakker murkyrkje, den 5. i talet gjennom 800 år, omgitt av ein velsteld kyrkjegard. Vidare oppe ved hovudvegen ligg "Gamlatunet." I dette gamle restaurerte huset kan ein leige til selskap og servering med historisk sus. Om onsdagane er her ope bibliotek. - Sør i bygda, oppe på garden Bjordal, finn vi Bjordalstunet, ein stad både for kurs, selskap, overnatting og servering. - I fjella rundt bygda er det sett ut "nutakassar" der fjellvandrarane kan skriva seg inn. Det vankar diplom og merke til dei som tek turen innom alle kassane i sommarhalvåret. - Frå sentrum i bygda går også vegen opp til Vikestølen. Nå er her ein utfartsstad for alle som vil ut på tur. Anten det er til det årlege Vikestølsmøtet kvar sumar, eller Vikestølsmarsjen om hausten, eller kanhende ei friluftsgudsteneste? Også Arquebusmarsjen frå Eikås til Langåsdalen går via Vikestølen. Både skuleklassar, barnehage, speidarar og andre i grupper eller for seg sjølv, tek turen hit både titt og ofte, om dei har lyst på ein tur til fjels.- litt over ein time å gå på skogsvegen frå Vikebygd. Vil du oppleve meir av denne bygda? Ja, då får du ta ein tur då.
Lokale websider
VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
  BYGDA VÅR
Lag og foreningar
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd
Årvisse arrangement
Vikeputten  
Arrangert 24. april 20
10
Fotballturnering som samla heile 69 lag i 2010 (59 i 2009) og hundrevis av born frå heile distriktet, til ein dag med fotball-kampar frå morgon til kveld
Fotoalbum frå Vikeputten 2010
Fotoalbum frå Vikeputten 2009
LES MEIR HER
Vikesprinten
Sist arrangert 1.mai 2010
Orienteringsløp for Haugalandet og Sunnhordland med 150 deltakarar.
LAURDAG 1.mai-10  Les HER
Reportasje/resultat 2009: HER.
17. mai festen

Flaggheising på Trodlanibba og i parken, gudsteneste i kyrkja, kransenedlegging, folketog, leikar, talar og ikkje minst folkefesten i slutten av dagen. Vikebuen er på beina frå morgon til kveld.  Nasjonaldagen 2010

Vikestølsmøtet
4. juli 2010

Årleg tradisjon frå år 1900. Enten siste søndag i juni eller første søndag i juli blir det arrangert stemne på Vikestølen.  Her samlast folket frå det fem kyrkjesokna Vikebygd, Bjoa, ølen, Skjold og Vats, men også frå andre bygder og byar.
Vikestølsmøtet 2010
Les 100 år på Vikestølen her

Vikebygd Festivalen
sist arrangert: 24. juli 2010

Årleg tradisjon der utstillarar kjem med saft, bær, brukskunst og anna. Her er tivoli og stor fiskekonkurranse.
Festivalbilete frå 2010 HER 
Festivalbilete frå 2009 HER 
Les meir her

Vikestølsmarsjen
sist arrangert: 6. sept. 2009

Første søndag i september arrangerer idrettslaga i Bjoa og Vikebygd ein familiemarsj eller utflukt til Vikestølen.  Her kjem dei i alle aldrar og deltakarane får diplom.  På stølen er det matsal, konkurransar og utlodding til inntekt for hytta.
Vikestølsmarsjen sept. 2009

Familieidrettsdag erstatta Kvamsåsen Rundt
Arrangert: 2. okt. 2010

Slutt for tradisjonsløpet Kvamsåsen Rundt, men ny
giv med 'familieidrettsdag'.
Les meir  frå 2010 HER.
Ein familieidrettsdag erstattar frå 2010 av det tradisjonsrike løpet.
Bildearkiv 2009 HER.  
Kvamsen-Rekordar HER.
 

Kraftproduksjon i Vikebygd

Turbinen på plass hos Vik Kraft

Klikk for større bilde av turbinen hos Vik Kraft AS(25.1.11) Den 3. januar var det montasje av turbin hos Vik kraft.  -Taket måtte demonterast og heisast vekk før turbinen kunne firast ned gjennom taket med mobilkran og monterast inne i kraftstasjonen, for tel Per Vik som er ein av dei to aksjonærane i selskapet.

-Dei to tyngste løfta var ca. 12 tonn kvar, taket berre 2 tonn.

I desse dagar føregår montering av utstyr.
-Kanskje blir det prøvestart rundt 1. februar som planlagt, seier Per Vik som har sendt bilete til vikebygd.org frå montasje arbeidet.  Her kan du sjå meir av dette:

 Klikk for større bilde frå løftet av taket Klikk for større bilde Klikk for å sjå større bilde av turbinløftet
Bilete frå BG Suldal si heimeside:
 Klikk for å sjå større bilde   Klikk for å sjå større bilde  
Sjå fleire bilete her.

 

 
 
 
 

Fleire reportasjar frå 2010 ser du her.

....Vikebygd.org...

Siste endring 11. februar 2011
LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

Andre nyhende:

Speidarbasaren
Kommuneplanen
Kraftproduksjon i gang
Idretten i Vikebygd
Stadnamn for Vikebygd
Sogeskrift for Vindafjord
Brann i hytte i Vikebygd
Nyttårsbarnet
Godt Nytt År 2011
ÅRET 2010
Romjulsbilder
Julegudsteneste og straumfeil
Songsvanene i Lisstjørn
Klimaet - Mot Normalt
Innsamling av jernskrap
Juletre, korps og graut
Stor konsert i kyrkja
Klede til fattige i Ukraina
TV-innsamlingsaksjon
Haust, regn og storm
Sprell levande Gudsteneste
Familieidrettsdag
Konfirmantar og jubilantar
O-gruppa
Med aner på Dommersnes
Vikestølsmarsjen 2010
Bok i butikk
Sigrund fekk kongens gull
Seinsommartango
Norway Cup 2010

 

Vêrvarsling:

10 dagars varsel - som pdf
VÊRVARSEL frå VIKEBYGD
VÊRVARSEL for Nordabygda
VÊRVARSEL for Trovåg, YR.no

Vikebygd i Media:

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsds Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo:

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 108. Vikestølsmøtet2008 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie:

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift

Nabobygdene:

Bjoa grendeside
Skjold grendeside
Vats grendeside
Sandeid grendeside
Vikedal grendeside
Vindafjord kommune
Spel
Bubble shooter
Quick Fire Pool

  Det skjedde i året: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

 

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org