Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd:   

Facebook    -   Twitter

Vikestølsmarsjen 3. september  

Sida er sist endra 15. sept. 2017


Haugaland Interkommunale Miljøverk - HIM
feira 10 års jubileum

av Steinar Skartland 15.9.2017

Gro Stavland mottek gåva frå eigarkommunane (klikk for større bilete)
Ordførar i Tysvær, Sigmund Lier, overrekker her gåva frå kommunane som eig HIM, til administrerande direktør i HIM, Gro Stavland, under jubileumsfeiringa i Festiviteten. Gåva er eit bilete (etsing) av kunstnaren og grafikaren Frank Brunner. Tittelen på motivet er Tangible (som betyr: følbar handfast forståelig begripelig fattelig handgripelig konkret). Det viser jordkloden som to hender held, i universet.

Klikk her for større bildeEtter velkomst ved Stavland, ein god lunsj og kulturelt innslag, hadde Siri Klokkarstuen, ordførar i Etne, ein tale der ho trekte fram historia til HIM, både gjennom dei ti åra selskapet har eksistert og forhistorien. Ho har vore med i styret frå starten av og set nå so eigarrepresentant. 

Siri vart etterfølgd av Sigmund Lier, ordførar i Tysvær og leiar i representantskapet i HIM,  med fordraget om HIM i dag. -Det som kan karakterisera HIM er som ein god informant, sa Lier og viste til både webside, årsmelding og brosjyre til husstandane, alt av høg kvalitet og nyttig.

Tilslutt fekk Arild Karlsen, styreleiar i HIM IKS, sleppa til med sine visjonar om HIM framover mot 2027. - Eg er ikkje spåmann, så dette er nok heller mine eigne tankar, sa Karlsen som såg for seg samarbeid med andre og nye former for aktivitet innan miljø og ressurs.

HIM er eit veldrive interkommunalt selskap, eigd i fellesskap av kommunane Haugesund, Tysvær, Etne, Vindafjord, Etne og Bokn. Dei har ei viktig samfunnsoppgåve med å samla inn og handtera avfall frå hushaldningane og verksemder i eigar-kommunane. Men dette er ikkje avfall lengre, men ein ressurs som vert nytta til både energiproduksjon og nye produkt. T.d. blir organisk avfall kompostert og gjort om til matjord som dei så sel. Deponi skal ein ikkje lengre ha, men attvinning og foredling er målet.

Les meir om HIM her.

 
 
 

Les også andre nyheiter frå Vikebygd


Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Siste nytt frå bygda
Oktober
Open Heart Ukraina
September
Familie-idrett 25.9. Vikestølsmarsjen 3.9.
August
Basar på bedehuset
Forskjellig frå august-sept.
Gravsteinane på internett
Sildajazz i Skjold kyrkje
Lokale lag på Norway Cup
Juni
Vikebygd i bilete
Jordskjelv 25.6.
Vikestølsmøtet
Nedoverbakke
Jonsok feiringa 23.6.
Dårleg stell av gravplass
Vossaplasset-vegen
Folketalet og skulen i bygda
Mai
17. Mai feiringa
Konfirmasjon i bygda
Merking av nye stiar
Dugnad på Årvik skule
April
Vikesprinten 30.4.2017
Vikeputten 29.4.2017
Nyopning av butikken
Rolf Alne i Kenya
På leit etter røtene i Vikebygd
Påsken 2017
Vikestølstur i sol
Fasteaksjonen
Mars
SØK inn i Haugaland Kraft
Vikebygd Amatørteater
Forskjellig frå febr.-mars
Februar
Planeten Venus i vest
Kulturettermiddag
Speidarfest og Nutastavar
Venneklubben i Vikebygd
Arquebus-filmen
Januar
Januar
Årsmøte i Grendautvalet


Tidlegare år
 2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org