FOTBALLTURNERING
LAURDAG 25 april-09 Les HER
Fotoalbum 2009: HER
Vikesprinten Sist arrangert 1. mai 2009
ORIENTERINGSLØP FREDAG 1. mai-09 Les HER
Fotoalbum frå
Vikesprinten 2009:
HER
17. mai festen
Flaggheising på Trodlanibba og i parken,
gudsteneste i kyrkja, kransenedlegging, folketog, leikar, talar og ikkje minst folkefesten i slutten av dagen.
Nasjonaldagen 2009 Bilder frå 17.mai 2008.
Vikestølsmøtet Sist arrangert 28.6.2009
Årleg tradisjon frå år 1900. Enten siste søndag i juni eller første søndag i juli blir det arrangert stemne på Vikestølen.
Her samlast folket frå det fem kyrkjesokna Vikebygd, Bjoa, Ølen, Skjold og Vats, men også frå andre bygder og byar.
Vikestølsmøtet 2009 Les heftet om Vikestølen her.
Vikebygd Festivalen sist arrangert: 18. juli 2009
Fest og fiskekonkurranse . Årleg tradisjon der utstillarar kjem med saft, bær, brukskunst og anna. Her er tivoli og stor fiskekonkurranse.
Første søndag i september arrangerer idrettslaga i Bjoa og Vikebygd ein
familiemarsj eller utflukt til Vikestølen. Her kjem dei i alle aldrar og
deltakarane får diplom. På stølen er det matsal, konkurransar og utlodning til inntekt for hytta.
Vikestølsmarsjen september 2009
Kvamsåsen Rundt sist arrangert:
7. nov. 2009
Fast tradisjon: 1. søndag i nov. Vestlandet sitt hardaste løp i terreng og på veg. 11 km løype, men også løyper for born og familiar: Halvkvamsen og mini-Kvamsen.
Etableringa er godkjent
Kommunen kjem ikkje til å gjera noko
(25.3.2010 Steinar) Både ordførar og rådmann viser til at etableringa av lakseoppdrettet er lovleg og i tråd med føresetnadane staten har lagt i konsesjonen dei ga for 4 år sidan. Samla kommunestyre gjekk imot dette. Det same gjorde grendautval og Tysvær Fiskarlag. Dersom kommunen hadde hatt ein etablert i kystsoneplan klar ville denne kunna ha lagt føringar
for korleis saka skulle vore handsama også frå staten si side. Når ein slik plan ikkje er på plass vert kommunen berre ein høyringsinstans, mens avgjerda ligg hos Fiskeridirektoratet. Vindafjord kommune har tiltrådt og godkjent den såkalla Hardangerfjordforskrifta, som legg føringar for kor mykje oppdrett det skal kunna vera i fjordane her. Hadde konsesjonssøknaden vore handsama i dag ville den truleg ha fått
nei, men då den vart gjeven for fire år sidan var den i tråd med dei føresetnadar som Fiskeridirektoratet handsama søknaden etter.
Protestar mot nyetablering.
Stort lakseoppdrett vert etablert ved Ulvebne
(14.3.10 Steinar)
I det siste er det kome blåser og anna utstyr på plass i Ålfjorden for
etablering av fiskeoppdrett ved Buholmen
utanfor Ulvebne. Fleire bygdefolk og også medlemer i Grendautvalet, ser med uro
på etableringa som dei fryktar vil gje auka forureining av fjorden og hindre
tilgang til ein av dei gode fiskeplassane som er ved flua utanfor Buholmen.
Rune Hetland seier Grendautvalet vil drøfta dette i eige møte, men fryktar at
det er lite dei kan gjera då konsesjon er gjeven av fiskeridirektoratet. Da
han sat i kommunestyret stemde Hetland mot denne etableringa, og meiner å hugsa
at kommunestyret den gong samla gjekk i mot då saka var oppe i 2006.
Hellesund Fiskeoppdrett søkte den gong om å etablera eit anlegg på 2400 m²,
eller 1560 tonn biomasse.
Kommunen ynskjer volumavgrensingar for oppdrettsfisk
I november i fjor handsama formannskapet i
Vindafjord høyringsbrev i samband med den såkalla Hardangerfjordforskrifta, og
gjorde fylgjande vedtak:
"Vindafjord Kommune ser med uro på dei utfordringar det er å bevara villaksen i
Etneelva, og støttar Fiskeri- og Kystdepartementet sitt framlegg om å leggja
nordre delen av Ølen - Vindafjord (inkl. heile Ålfjorden) inn under sona
Hardangerfjord, og dermed under direktoratet sin forvaltningsregion Vest.
Kommunen støttar også den delen
av dei nye føresegnene som set volumavgrensingar for oppdrettsfisk av laks, aure
og regnbogeaure i Hardangerfjordområdet." Les utgreiinga og
vedtaket her.
Grendautvalet går imot etableringa
Vikebygd Grendautval handsama innspel til kommuneplanen i møte den 22.4 2009, og
kom der med flg uttale: "Sak 8: Matfisk anlegg 700 meter vest av Buholmen, søker Hellesund
fiskeoppdrett. Grendautvalget er sterkt imot flere fiskeoppdrett i
Ålfjorden. Det er uheldig for bygda og vår mening er at dette ikke
tillates."
Leiar i
Grendautvalet, Rune Hetland, har fått opplyst at då kommunen ikkje har på plass
ein vedteken kystsoneplan ennå, så kan staten overstyra tildeling av konsesjon /
plassering av fiskeoppdrett, noko som her er gjort. Men då kommunestyret samla
gjekk imot denne plasseringa meiner han det er eit statleg overtramt og brot med
lokaldemokratiet at staten på denne måten overkøyrer lokale vedtak.
Nå ser vi fram til nærare
orientering om etableringa og om den er i samsvar med retningslinene for
fjorden. Er det gjeva konsesjon av staten tidlegare er dette truleg ein
konsesjon som vanskeleg kan overprøvast.
- Rømt oppdrettslaks har potensial til å utrydde villaksen. Nå bør oppdrettsnæringa ta seg sammen, uttalar Bellona
i
nettavisa Fish.no , som også dokumenterer ein kraftig auke i talet på rømde
oppdrettslaks og regnbogeaure. Her kan ein og lesa om Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF)
som meinar at lakselus-situasjonen er ute av kontroll, og krev både stans i vekst og sanering av anlegg i utsette regionar.
Oppdrettsanlegg ved Buholmen
Konsekvensar for elvar og lokalsamfunn
(18.3.2010/ endra 19.3. Steinar S) Hellesund Fiskeoppdrett AS vart 9.12.2005 tildelt konsesjon for å etablera anlegg for Laksefisk med øvre grense 1200 tonn mtb ved Trovågneset i Ålfjorden. På grunn av protestar frå mattilsynet vart ikkje konsesjonen teken i bruk og Fiskeridirektoratet, region Sør valde då å trekkja konsesjonen tilbake. Etter klage frå Hellesund Fiskeoppdrett AS, utforma som ny søknad med lokalitet Buholmen, valde Fiskeridirektoratet å innvilga konsesjon under føresetnad: "Anlegget skal plasseres frittliggende i Ålfjorden, ca midtfjords."
I flg brev frå Fiskeridirektoratet skal plasseringa ha vore klarert med Tysvær Fiskarlag, Norges Notfiskarlag avd. Rogaland, kommunen og berørte etatar som bakgrunn for sakshandsaminga.
Dette stiller fleire seg undrande til. Kommunen protesterte m.a. med samrøysta kommunestyrevedtak mot etableringa.
Svein Terje Vestbø, som tidlegare var styremedlem i Tysvær Fiskarlag, tek kraftig til motmæle mot at dei skal ha vore samd i plasseringa. Dei var sterkt imot dette og meiner at fôrrestar og kloakk frå fisken etter kort stund vil dekka havbotnen under anlegget med slam og dermed også gjera det umogeleg for andre fiskeslag og krepsdyr å leva her. Gift som vert nytta mot lakselus drep også krepsdyr og øydelegg miljøet i
området der oppdrett er plasserte.
Avstanden til Dommersnes Industriområde er kort. Plasseringa av fiskeoppdrett her kan redusera kommunen sine alternativ for etablering av industri. Sjukdomar kan spreia seg til andre eksisterande oppdrett i fjorden, noko m.a. Bremnes Seashore i Trovåg er opptekne av. Dei er avhengige i periodar å pumpa sjøvatn til det landbasserte anlegget. Så store fiskemengder
konsentrert i mærar vil også gje store utslepp av kloakk. Som kartet syner er vegen kort til Skjeljavika badestrand, som kan verta øydelagd som fylgje av oppdrettet.
Rømming av oppdrettsfisk er ikkje lengre noko som er unntaket, men regelen. T.d. rømer mellom 100.000 og 200.000 oppdrettslaks og regnbogeaure i året. Noko som har synt ein kraftig auke i seinare år. I oktober stakk 1000 laks av frå eit anlegg i Gamle Hellesund på Sørlandet, noko som skapte stor frykt for
framtida til villaksen i elvane på Sørlandet. "Villaksen er i ferd med å forsvinne", seier styreleiar Aage Wold i organisasjonen Norske Lakseelver til NTB. Miljøavdelinga i eit
av Noregs største oppdrettsfylke meiner kommersielt fiskeoppdrett ikkje er berekraftig, og seier nei til at næringa får utvide produksjonen.
Spørsmålet er heller om ein ikkje nå må utvikla fiskeoppdrett vidare slik at alle anlegg etter kvart vert flytta på land, der det vert bygd anlegg etter prinsipp med kunstige elvar kombinert med store kummar. Det vert dyrare, ja, men kva kostar den utviklinga vi nå ser der villaksen forsvinn og sjukdomar og lakselus spreier seg?
Les også meir om
Lokale protestar mot lakseoppdrett Les kommunen si utgreiinga og
vedtaket her.
Lakseoppdrett i fjorden
Ureina kloakk tilsvarande ein småby rett ut i Ålfjorden
Sjå 'Pure Salmon'-videoen om norsk lakseoppdrett som er lagt ut på YouTube i fire deler.
Gjennom dei siste ti-åra har det vore sett inn store ressursar for at fjordane våre skal vera reine.
Kloakk skal ikkje gå rett i sjø og vassdrag. Alle byar etablerer reinseanlegg slik at berre det reinsa vatnet vert slept ut på djupt vatn.
Frå fiskeoppdrett i sjøen er det ingen rensing. Det som kjem inn
framme - må også der koma ut bak.
Utslepp frå 1000 tonn laks tilsvarar kloakk fra 12 000 menneske, rekna i mengd av Nitrogen og Fosfor. Egersund by har 10.400 innbyggjarar. I Eigersund kommune omlag 13.000. Det nye oppdrettsanlegget i Ålfjorden er godkjent for opp til 1200 mtb. Det tilsvarar at kloakken frå Egersund by gjekk ureinsa ut i Ålfjorden. I tillegg kjem restar av fiskeforet, medisinering etc.
(Kjelde: Norges Miljøvernforbund)
Sjå videoen i fullskjerm - klikk knappen:
Les nytt info frå Naturnvernforbundet om oppdrettsanlegg.
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd. Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon om kva som skjer i Vikebygd. Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller forening så ta kontakt med eigar av domenet 'vikebygd.org':
Steinar Skartland.