Speidarane
Speidarbaser i kjend stil
(19.3.2010 Steinar S)
Fredagskvelden var det invitert til basar på bygdahuset. Speidarane sin årlege bygdefest. I år var det langt færre folk enn tidlegare år, men omlag 90 - 100 deltok. Johannes synte bilete frå året som gjekk. Her var mat og sketsjar. På bordet langs veggen var det umåteleg mykje gevinstar samla. Sjølv om Øyvind Valen nytta digitalt trekkeapparat og var svært effektiv, så tok det si tid å få fordelt alt på
vinnarane. Men det var heilt ok. Det er spenning i å venta på at mitt nummer vert ropt opp. Arne Tveit takka alle bedriftene som hadde sponsa med gevinstar. Det var svært mange lokale verksemder som hadde gitt gåver. Medan Øyvind las opp nummer og Brit Nelly organiserte gevinstane, så var det full aktivitet på scenen der utkledde speidarar hadde spillopper
av alle slag. Småspeidarane stod i lange rekker og venta på tur til å bera rundt ting og tang til glade vinnarar. Sketsjar og speidarrop høyrer med. Ei engasjert forsamling fekk ikkje tid til å sovna. Her var fart, underhaldning og spenning. Også i år var det utdeling av
premiar til dei som hadde vandra til fjells og skreve seg inn i nutakassane. Per Øyvind Valen var best av ungdomane og fekk eit napp i ungdomsstaven. Men kan hende imponerte Roald Årvik mest. Han hadde heile 100 nuteringar og var
suveren vinnar av nutastaven for dei vaksne. Vi seier vel blåst både til speidarar, foreldre og fjellvandrarar. Forresten, til påske skal nutakassane vera på plass igjen.
|