Næringsliv    -      Skulen   -      Kyrkja   -      Kvamsåsen Rundt    -      Fotball   -      Orientering   -    Speidarane   -    Laurdagsklubben
Vikebygd ligg i Vindafjord Kommune på grensa mellom Rogaland og Hordaland. Her er 537 fastbuande (men i helgar og feriar kan talet mest dobla seg). - I sentrum ligg barneskule og butikken Vikebygd daglegvare. - Nede ved fjorden, kor det i gamald tid var bakeri, finn vi serveringsstaden "Plassabakeriet" kor folk kjem langvegs frå for å få oppleva maten og stemninga. Av og til fyrer eigarane opp i den gamle bakaromnen og lagar brød og boller som i tidlegare tider. I Juli kvart år vert Vikebygdfestivalen arrangert, -kombinert marknad og fiskefestival ved fjorden. - Like oppfor kaien ligg den kvite Kyrkja i bygda. Ofte vert ho kalla katedralen i kommunen. Ei vakker murkyrkje, den 5. i talet gjennom 800 år, omgitt av ein velsteld kyrkjegard. Vidare oppe ved hovudvegen ligg "Gamlatunet." I dette gamle restaurerte huset kan ein leige til selskap og servering med historisk sus. Om onsdagane er her ope bibliotek. - Sør i bygda, oppe på garden Bjordal, finn vi Bjordalstunet, ein stad både for kurs, selskap, overnatting og servering. - I fjella rundt bygda er det sett ut "nutakassar" der fjellvandrarane kan skriva seg inn. Det vankar diplom og merke til dei som tek turen innom alle kassane i sommarhalvåret. - Frå sentrum i bygda går også vegen opp til Vikestølen. Nå er her ein utfartsstad for alle som vil ut på tur. Anten det er til det årlege Vikestølsmøtet kvar sumar, eller Vikestølsmarsjen om hausten, eller kanhende ei friluftsgudsteneste? Også Arquebusmarsjen frå Eikås til Langåsdalen går via Vikestølen. Både skuleklassar, barnehage, speidarar og andre i grupper eller for seg sjølv, tek turen hit både titt og ofte, om dei har lyst på ein tur til fjels.- litt over ein time å gå på skogsvegen frå Vikebygd. Vil du oppleve meir av denne bygda? Ja, då får du ta ein tur då.
Årlege arrangement
Vikeputten  
Sist arangert 25. april 2009
FOTBALLTURNERING
LAURDAG 25 april-09  Les HER

Fotoalbum 2009: HER
 
Vikesprinten  
Sist arrangert 1. mai 2009
ORIENTERINGSLØP
FREDAG 1. mai-09  Les HER
Fotoalbum frå
Vikesprinten 2009: HER
17. mai festen
Flaggheising på Trodlanibba og i parken, gudsteneste i kyrkja, kransenedlegging, folketog, leikar, talar og ikkje minst folkefesten i slutten av dagen.  Nasjonaldagen 2009
Bilder frå 17.mai 2008.  
Vikestølsmøtet
Sist arrangert 28.6.2009
Årleg tradisjon frå år 1900. Enten siste søndag i juni eller første søndag i juli blir det arrangert stemne på Vikestølen.  Her samlast folket frå det fem kyrkjesokna Vikebygd, Bjoa, Ølen, Skjold og Vats, men også frå andre bygder og byar.
Vikestølsmøtet 2009
Les heftet om Vikestølen her. 
Vikebygd Festivalen
sist arrangert: 18. juli 2009
Fest og fiskekonkurranse .
Årleg tradisjon der utstillarar kjem med saft, bær, brukskunst og anna. Her er tivoli og stor fiskekonkurranse.
 
Festivalbilete frå 2009 ser du HER 
Resultatlista frå 2009 ser du HER
Vikestølsmarsjen
sist arrangert: 6. sept. 2009
Første søndag i september arrangerer idrettslaga i Bjoa og Vikebygd ein familiemarsj eller utflukt til Vikestølen.  Her kjem dei i alle aldrar og deltakarane får diplom.  På stølen er det matsal, konkurransar og utlodning til inntekt for hytta.
Vikestølsmarsjen september 2009
Kvamsåsen Rundt
sist arrangert: 7. nov. 2009
Fast tradisjon:  1. søndag i nov.
Vestlandet sitt hardaste løp i terreng og på veg. 11 km løype, men også løyper for born og familiar:  Halvkvamsen og mini-Kvamsen. 

frå 2009 HER.
frå 2008 HER.
frå 2007 og 2006 HER.

Lokale websider

Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
KFUK-M Speidarane
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Vikebygd
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball
Info. frå Regjering
og departementert
Fotoalbum frå Vikebygd
Bjoanett
Bente T. Barane's Herbalife
Bedrifter i Vikebygd
Jakob Rødde - Gamlatunet 
Gangstø Transport 
Ålreit Ålfjordsenteret 
Dommersnes & Larsen  
Plassabakeriet 
Vikebygd Landhandel AS  
Bjordal kurs og fritid 
Kvamme Sag 
Ølen Trevare 
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. foretak  i Vikebygd
Vikebygd nytt:

Skuleruta 2010-11.      Vêrvarsling    Krusidullar frå Frøken Vims.  


9. mars arrangerer skulen:
Kulturettermiddag. Tema: "Vikebygd før og no."
(9.3.10  Steinar) Det er etter kvart ein årleg tradisjon der skulen arrangerer kulturettermiddag for og i Vikebygd. Temaet i år var: "Vikebygd før og no".  Skuleborna hadde gjort ein kjempeflott innsats med å illustrera med bilete og ting korleis bygda har endra seg dei siste hundre åra. Og det vekte interesse.  Foreldre og besteforeldre kappast med å finna svar på konkurransen mellom utstillinga.

Det var trongt om borda når alle i bygda kunne få kjøpa seg middag med kjøttkaker, eller kaffi og kaker.  Etterkvart samlast dei og fylte storesalen der det var song, dans og framføringar av borna.  Kjempeflott arrangement der Tobias Steinsvik og Håvard Larsen skifte på å vera konferansier og leia arrangementet frå scenen.  Kva som var hovudattraksjonen er ikkje så godt å sei.  Borna gjorde ein imponerande flott jobb og var kledde for skuledag i gamald tid. Men mange venta nok og på Tom Roger Aadland, som skulle syngja songar han har oversett og redikta frå Bob Dylan til nynorsk.  Han starta opp med songen: "Vikla inn i Blått".  Ein kjend song frå tida før desse skuleborna i Vikebygd var fødde.

Ei ungdomsgruppe hadde intervju med Tom Roger midt i konserten.  Dei fekk musikaren til å røpa at han i ungdomen hadde skofta gitartimar for å få spela fotball saman med nabogutane.   Elles høyrde han på mykje musikkprogram på radio i den tida.  Det var nok helst Beatles som falt i smak og elles Vidar Lønn Arnesen. 
- Men kva fekk deg til å velja å oversetja Bob Dylan sine songar til nynorsk?  ville borna vita.
- Det var eigentleg ein konkurranse Dagbladet arrangerte i oversetjing av songar, fortalde han. - Eg deltok ikkje, men vart inspirert til å prøva sjølv.  Og å syngja på nynorsk er å syngja på eit språk vi brukar og forstår. - Så Dagbladet skal ha litt æra for at eg kom i gong.

Så heldt han fram programmet sitt og fekk salen med på allsong på: "Barn av regnbuen." 


 
 
 
 
 
 

.......Vikebygd.org......

Siste endring 9. mars 2010
------------------------------------
LES / SKRIV i GJESTEBOKA
vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

Andre nyhende:

Vik kraft klar for vasskraft
Speidarbasar i kjend stil
Torvonn i gamald tid
Protestar mot lakseoppdrett
Kulturettermiddag
Utfart til Olalia
Årsmøte i speidargruppa
Årsmøte i O-gruppa
40-års jubileum V.I.L
Takk til Mari for 19 år
Skøyteorientering
ÅRET 2009
Nyttårsfeiring
Kvit jul i Vikebygd
Julegudstenesta
Vik skule teikna jula
Julefest ved Vik Skule
Tenning av julegrana 4.12.09
Julemesse med fullt hus
BYGDAMØTE 11.11.2009
Kvamsåsen Rundt 2009
Innsamling til Ukraina
Hausttakkefest i kyrkja
Ny CD frå Tom Roger Aadland
Basar på bedehuset
Kosedag på gamleskulen
Stortings- og soknerådsvala
Den 20. vikestølsmarsjen
Kronprinsparet til Vindafjord
Ope møte om kom.planen
 

Vêrvarsling:

10 dagars varsel - som pdf
VÊRVARSEL frå VIKEBYGD
VÊRVARSEL for Nordabygda
VÊRVARSEL for Trovåg, YR.no

Vikebygd i Media:

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsds Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo:

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 

Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 108. Vikestølsmøtet 2008 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie:

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

Nabobygdene:

Bjoa grendeside
Skjold grendeside
Vats grendeside
Sandeid grendeside
Vikedal grendeside
Vindafjord kommune
Spel
Bubble shooter
Quick Fire Pool

 


kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller forening så ta kontakt med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
  


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. bsp;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org