Stykke i Vikebygd Sogeblad 1977
Torvonn, av Signy Falkeid
Folk spar ikkje torv no lenger, det trengst ikkje heller. No er elektrisk koking, ja, oppvarming og. Oljefyring, kol og koks har avløyst torva. Den var så god å halda glør med, sa dei alltid.
Det kjekkaste me visste då me var små, -ja seinare og -var då me skulle spa torv. Det var i første helvta av juni, og oftast var det godt ver. Me hadde lang vei til myra me, like nord for skifta til Skartland, 'storamyra' vart den kalla. Me laut ta tidleg ut om morgonen, og ha mat for heile dagen. -Middagsmat fekk me då me kom heim om kvelden. Ryggsekk hadde me maten i, og så eit stort spann med vatn, for det var varmt, og me vart både sveitte og tørste av å gå og bera dei tunge torvene. Og så ikkje å forgløyma 'rødhette', den gamle kaffikjelen som var svart av røyk etter mange år over open varme. Lokket var raudt, difor namnet.
Far hadde med spad, spett og øks.
Det var fint å koma nord i skogen ein lys forsommarmorgon. Skartlandsvatnet låg svartstilt og spegla av blå himmel og grøn skog. Fuglesong og insektsum, gauken gol oppi lia, og det glitra solskin over toppane. Først sette me 'sakene' fra oss i torvhuset, der var skugge og svalt. Me hadde ein stor spiker i veggen som me hengde ryggsekken på. Så laut far til å 'bassa av' torvskjeret. Det øvste jordlaget måtte vekk før ein kom ned på seig torv. Det var tungt, og sveitten rann. Me borna samla saman kvist, turr brake og kva det skulle vera -til å ha under kaffikjelen når den tida kom. Då far var ferdig, var det fram med greipene, dei stod i torvhuset frå år til anna, og så til å bera torv. Det var gildt og spanande etter kvart som det auka på pallen.
Då det leid til klokka halv tolv, var det å fyra opp under 'rødhette'. Far hadde laga ei grue. Han spadde ut or ein bakke så det var ope berre på ei side. Me måtte vera forsiktige med varmen, og det varde ikkje lenge før kaffien koka. Det var ved som varmde, ja. Så laga me oss langbord av fjøler, hadde visst ein gamal duk med oss og. Me sat på små tuer me hadde spadd laus og drege inn i huset. Og spør om maten smaka. God kaffi, mjølk, kvart sitt kokte egg og ofte røykesild eller makrell -det var speke no me hadde høyrt gauken. Og som for riktig å poengtera det heile, gol den av full hals oppe i 'Ospeåsen'. Me hadde heilt brød med som me skar av etterkvart så det ikkje skulle verta turt, og smør hadde me i eit gamalt smørkrus med lokk på -og godt smaka det alt. Så var det å kvila i solveggen utfor huset, og drøyma seg burt. Me høyrde på fuglesong og sus i skogen. Lam som merka med spede mål, sauer som svara, og me såg kje og geiter som kleiv oppi ura, det var så me heldt pusten somme tider, så langt ut på stupa stod dei, men det var aldri noken som datt utfor. Ramnen skreik og flaksa oppe i 'Ravnekro', han høyrde og med i bilete. Me høyrde kuraut og hesteknegging, for det var mykje buskap i utmarka då, og hest hadde dei mest på kvar garden.
Det var meir ekte liv på ein gard før, ikkje dette bråket av motorar -på vegen, markene, i lufta -nei, då var det meir sjarm over alt. Ja, det var mykje å gleda seg over der nord i skogen om me berre la merke til det.
Me var ikkje sytne av oss den gongen. Ofte tok me ut heilt opp i ura under fjellet, der vaks fine lindetre, og me kleiv opp i ura og braut greiner av linden og tok dei med ned til torvhuset og sette oss til å laga kransar. Det var så fine, grøne, glinsande blad, og me hengde kransane kring halsen eller håret. Nei, me var ikkje mykje for umaken då nei.
Vassa gjennom lyng og brake, der kunne gøyma seg orm og alskens uhemskeskap. Me ansa ingenting, og så trudde me sikkert at gauken skulle sitja i eit av trea og gala, så kunne me ønskja oss tre ting om me nådde opp før han fauk, men det greidde me aldri, nei. Oppe i fjellet var ei oppkome for godt, kaldt vatn, klårt som krystall. Det hende me måtte opp der etter eit spann. Det var varmt, og me drakk snart opp det me hadde med heimanfrå. Varmaste økta var mellom middag og non. Me koka oss kaffi att i halv fire-tida, kvilde litt, og så på'n igjen.
Det var mykje trerøter i torvskjera då dei kom ned eit stykke, ja, eg minnest det var to lag på kvarandre og, så der har vore storskog i veastadmarka ein gong i tida. Far laut til å spa kring rota, og prøva å få den laus med spettet. Øksa kom og fram, for dei lange, seige røttene laut hoggast av. Og me andre kvilde oss og tykte visst berre det var godt at det tok tid. Ja, så tankelause var me.
I fem-tida tok me til heimover om det rauk frå skorsteinen. Mor skulle koka middag til me kom heim, og me såg etter røyken og tenkte på gryta hennar mor. Det var godt koma heim etter ein slitsam dag. Etter nokre veker måtte me attende å spensla eller krakka torva som dei sa. Og når den var heilt turr, var det å bera den inn i torvhuset for sidan å køyra den heim på meiaslede når det vart vinterføre.
Av Signy Falkeid (henta frå Vikebygd sogeblad, 1977).
|