Grågåsa.
Minnest også ein gong
møtet ikkje blei før ut i august månad (veit ikkje kva grunnen
var til det). Under møtet kom ein grågåsflokk fykande og
skrattande over oss på veg nordanfrå og sørover i snøplogform.
Så skifte den fremste plassen sin med den nest fremste, og stilte
seg inn som sist i flokken, som dei plar gjera. Det tala så klårt
til meg om å hjelpast åt vidare på livsvegen – på Himmelvegen.
Når den
fremste trøytnar – det er tungt
å fyka først – så vert ho avløyst av den neste. Og slik bytest
dei om til dei når målet.
Med desse
grågjæsene vart eg så levande minna om vårt livsløp mot
Himmelen her på jorda. Korleis ein skal hjelpa einannan å nå
målet. Instinktet har me i oss me óg. Ikkje vår blivande stad her
– liksom på gjennomreis som nomadar mot vprt rette fedreland.
Liksom grågjæsene avløyser einannan, likesom dei gamle Vikestøls
gangarane som har overlete Himmelbodskapen vidare i slektene til oss
nå, skal vi forkynna bodskapen Jesus ga til sine vidare frå slekt
til slekt. Slik er det også med desse Vikestølsmøtene.