Den gamle tradisjonen.
Nå etterkvart som dei eldre
Vikestølsfolka har falle frå, så er det dessverre ikkje så mange
herifrå å sjå på Vikestølsmøtene. Noko som har vore mi bøn at
det skal betra seg for å halda den gamle tradisjonen oppe. Men det
er så, det er lettare å ta seg ut der det er bilveg i våre dagar.
Det er nå traktorveg frå Rotvoll til Vikestølen. Ein times gonga
er det derifrå, for oss som køyrer om Bjoa.
Den nye hytta.
Og på Vikestølen er det greitt
å koma sjølv i ruskeversdagar, då Bjoa Idrettslag har sett opp
hytta der. Eit eldre skulehus frå Utbjoa som dei har lagt retteleg
fint til med kjøkkenutstyr, og høve til overnatting også. Me i
styret for Vikestølsmøta har støtta nokre gonger med pengar til
utbetring av ymse. Og har då fatt løyve til å nytta hytta
vederlagsfritt til dei årelege møta våre.
Ved 75-års-milepelen for
Vikestølsmøta kjøpte styret ein bibel og ei songbok, og fekk då
lov til å setja opp ei hylle til å leggja desse oppå. Der ligg
også ei bok av Paul Granberg: ”Tid og Tegn.” Der har Paul i
fine ord og versestev skreve om Vikestølsmøta 75 og 80-års minne.
Så der er då såleis høve for Vikestølsfarande til å få seg ei
stille andaktsstund der oppe i Guds frie og vakre natur. - Og få
med seg derifrå noko som kan vera som åndeleg niste vidare på
livsvegen.
Til signing og trøyst forslektene
som kjem.
Vikestølsplassen ligg nå der i
dag liksom før, og talar sitt stille språk om farne tider. Der det
gjennom desse hundre åra har vore sått mykje Guds ord både med
tale, song og bøn. Til signing og trøyst på vegen for den
einskilde.
Me som då lever i dag og har
gått vegen til Vikestølen mange - mange gonger, har fått denne
plassen så kjær, - med mange gode minne derifrå. Me ynskjer
inderleg at denne gamle tradisjonen med desse årlege møta, må
halda fram til signing og trøyst for slektene som måtte koma etter
oss.
~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~
Frå songen av Ole
Brattekaas:
1. Vi må videre
frem, Her er ikke vårt hjem,
Vi er gjester på fremmed strand.
Og vårt jordiske hus Snart skal legges i grus,
Vi må flytte fra skyggenes land.
2. Vi må ferdige
stå, Brudedrakten ha på
Og med olje i lampe og kar.
Snart så lyder det bud: Du skal møte din Gud,
Du skal se ham som sonoffer var!
3. Vi må høyere
opp, Over bergenes topp.
Vi må heve vår tanke til flukt.
Her i støvhyttens bo, må vi vandre i tro,
Hist vi høster den salige frukt.
4. Vi må heve vårt
blikk Dit hvor Frelseren gikk,
Dit hvor synder og sorger ei når.
Vi må videre frem, Vi må følge med dem
Som alt hjemme i herlighet står. |