Side 1a
Sidec1a |
Vikestølsmøtet - 100 år - 2. Juli 2000 Styret for Vikestølsmøtet i dette jubileumsåret har samla ein del skriftleg materiale frå desse hundre åra – som vi presenterer her i dette heftet. Vi vonar du har glede av å kunna lesa om stølen, folka og møta, og også minnast dei som gjennom tidene har stått i bresjen for å samle bygdene til oppbyggjelege møte på Vikestølen. Redaksjonskommitéen for jubiléumsheftet har vore: Styret for Vikestølsmøtet ynskjer med dette skriftet å ta vare på, og formidla vidare til alle trufaste Vikestøls- vandrarar, nokre av dei minnene som ligg igjen etter eit århundre med sommarstemner og forkynning av Guds Ord på Vikestølen. Vi ynskjer også å takka dei mange som trufast har teke turen til fjells i all slags ver for å ta del i møta. Vi har særskilt teke med det vi har funne av historiar og klypp frå ymse aviser, sogeblad m.m., og som minner oss om dei som starta opp møta og stod i bresjen for dette. Vi vonar minnet om dei kan verta bore vidare, og at du som les dette heftet finn det interessant og inspirerande til å vera med i nye år med møter på stølen. Men mellom alle desse namn og bilete av dei gamle – skal vi ikkje gløyma: Det var for Jesu namn skuld dei møttest – og for å ropa ut bodskapen om Jesu frelsesverk. Det vil vi og vera med på. Steinar Skartland Leiar i styret for Vikestølsmøtet
|