Side 21
Register

Til framsida

  1. Forord a: Skartland
    Forord b: Granberg
  2. Styret
  3. Dikt:
    Vikestølsmøtet
  4. Formenn
    gjennom tidene
  5. Prolog til
    100-års jubileet
  6. Opningssongen
  7. Prolog til
    50-års jubileet
  8. Jubileumsmøtet 1950
  9. Helsing frå sokneprest Nedrelid
  10. Vikestølsmøtet 1900
    og 1975
  11. Veteranane
  12. Avtalen med idrettslaget
  13. Møtestad i 100 år
  14. Stemnestad for kristne venemøte
  15. Seterliv på stølen
  16. Dei 70 første åra
  17. Ein gong støl
    - alltid turmål
  18. Helsing frå sokneprest Wathne
  19. Vikestølsmøtet 1990
  20. Talararne
  21. Vikestølsstemne 1966
  22. Vikestølshytta ferdig 1969
  23. Songen og verdet han har
  24. Vikestølsmøtet
  25. 80-års jubileet
  26. 100 års jubileet

-  21 -

Vikestølstemna i fint sumarver

Ølensbuar, skjoldabuar og folk frå Vikebygd og Vats til gilde møtesamvær.

(Artikkel i Haugesunds Avis Juli 1966)


Det årlege Vikestølsmøtet vart halde i går og i retteleg fint sumarver. I fjor måtte ein avlysa møtet for skuld dårlege vertilhøve. Møtet samla ikkje så mykje folk som ein kunne ha venta i det fine veret, men så var det jo samstundes liknande stemne på Fikse. Stemna på Vikestølen har no tradisjon attom seg med di det første møtet vart halde i alt i 1900, og så å seia kvart år sidan den tid har ein samlast til denne sumarstemna.

Ein av dei som har vore med ei lang rekkje år, Marin Eikås, opna stemna ved middagstider med gode velkomstord og bøn. Stemnetalar var Sverre Vaagen som og spela og song.

 

Ettermiddagsmøtet vart opna av evangelist Søren Sæle og etter talen fylgde så song av fru Signe Notevåg frå Skjold. Sverre Vaagen spela til.

Det var fleire som hadde om det personlege vitnesbyrd og det vart ei gild og gjevande stemnesamvær. Til Vikestølen var det kome folk frå Ølen, Vats, Skjold og Vikebygd storparten ungdom. Leiderane for stemna vil gjerne bera fram ei serleg helsing og takk til dei unge for den interesse og fine framferd dei har synt.

Det er planen å få reist eit møteskur på Vikestølen, der ein kan halda til om det kom regn og det vart teke opp kollekt til dette føremålet. Mange hadde teke kaffikjel med og kokte seg kaffi og koste seg i det fine veret.