Side 18
Register

Til framsida

  1. Forord a: Skartland
    Forord b: Granberg
  2. Styret
  3. Dikt:
    Vikestølsmøtet
  4. Formenn
    gjennom tidene
  5. Prolog til
    100-års jubileet
  6. Opningssongen
  7. Prolog til
    50-års jubileet
  8. Jubileumsmøtet 1950
  9. Helsing frå sokneprest Nedrelid
  10. Vikestølsmøtet 1900
    og 1975
  11. Veteranane
  12. Avtalen med idrettslaget
  13. Møtestad i 100 år
  14. Stemnestad for kristne venemøte
  15. Seterliv på stølen
  16. Dei 70 første åra
  17. Ein gong støl
    - alltid turmål
  18. Helsing frå sokneprest Wathne
  19. Vikestølsmøtet 1990
  20. Talararne
  21. Vikestølsstemne 1966
  22. Vikestølshytta ferdig 1969
  23. Songen og verdet han har
  24. Vikestølsmøtet
  25. 80-års jubileet
  26. 100 års jubileet

-  18 -

Helsing til 100 års jubiléet for Vikestølsmøtet.

Sokneprest Trond Wathne, Skjold, år 2000.


Det skjedde på fjellet i Galilea.
Det var der Jesus hadde lyst til stemne. Eg går i førevegen, sa han. Og Jesus såg læresveinane i augo for siste gong.

”Eg er med dykk alle dagar så lenge verda står,” sa Han. ”For eg sender dykk Den Heilage Ande. Han skal vera talsmann, vegleiar, oppmuntrar og den som overtyder om synd og nåde.”

Det same vert sagt på Vikestølen.
”Eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.”
Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de:
1. Døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande.
2. Lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk.

Skjold kyrkjelyd helsar! Vi takkar Gud og takkar dei som har vore med på å halda ein god tradisjon levande. Det finst ingen annan som kan gje dykk frelse enn Jesus Kristus. Det gjeld for born, for unge og for (for)eldre. I Vikebygd, i Vats, i Skjold, ja til verdsens endar.

Lukke til med dei neste 100!

Trond Wathne
Sokneprest