Side 9
Register

Til framsida

  1. Forord a: Skartland
    Forord b: Granberg
  2. Styret
  3. Dikt:
    Vikestølsmøtet
  4. Formenn
    gjennom tidene
  5. Prolog til
    100-års jubileet
  6. Opningssongen
  7. Prolog til
    50-års jubileet
  8. Jubileumsmøtet 1950
  9. Helsing frå sokneprest Nedrelid
  10. Vikestølsmøtet 1900
    og 1975
  11. Veteranane
  12. Avtalen med idrettslaget
  13. Møtestad i 100 år
  14. Stemnestad for kristne venemøte
  15. Seterliv på stølen
  16. Dei 70 første åra
  17. Ein gong støl
    - alltid turmål
  18. Helsing frå sokneprest Wathne
  19. Vikestølsmøtet 1990
  20. Talararne
  21. Vikestølsstemne 1966
  22. Vikestølshytta ferdig 1969
  23. Songen og verdet han har
  24. Vikestølsmøtet
  25. 80-års jubileet
  26. 100 års jubileet

-  10 -
del 1

Torbjørn Espeland
1852 - 1943
Osmund Espeland
1851 - 1933
Lars Espeland
1863 - 1926

"Vikestølsmøtet 1900 og i dag 22.6.1975"
Epos / prologos av Paul Granberg

Ved slutten av det førre hundreåret,
Slo tanken ned i ein – eg veit ’kje kven,
Men eitt er visst, det var nok ein av våre
Guds-inspirerte, himmelvendte menn.

Eit ”Garizim” imellom Vik og Ølen
Og Bjoastrand og kyrkjesoknet Skjold
Han ville skipa til på Vikestølen,
Just her på denne vene sætervoll.

Kven av kven, som sagt – eg ikkje kjenner,
Men nemner namn på dei som stod bak -
Av kristne brør og Jesu-Kristi vener,
Med same syn og sans for Kristi sak.

Fyrst fire brør frå Espeland i Ølen,
Og det var Torbjørn, Osmund, Lars og Sjur.
Ja, særleg Osmund var på Vikestølen
Så visst som veret heldt, eg gjerne trur.

Frå Eikesdal i Vats, var Ole trottug,
Og Sjur frå Velde ganske viss å gå.
Så lenge helsa heldt og dei var hottug
Dei var på møteplassen jamt å sjå.

 

Paul Paulsen Viland og ved namn vi nemner,
Imellom venene – som veien fann
Til Vikestølens mange gilde stemner,
For der å vitna om sin frelsarmann.

Hans P. Dommersnes frå Vikebygd, dei seier
Var med ei tid til sonen overtok,
Han Per som valde same veier
Ved bøn og song og ordet i Guds bok.

Frå Vikebygd – eg endå ein må nemna,
Og det var Helgesen, den gilde Hans.
Det lyder enn, at han – på desse stemna
Imellom lyden spreidde ljos og glans.

-Når det gjeld glorie og stemne-glansen
Ein ser og framfor seg så fjågt eit fjes:
Han dei til dagleg kalla ”Smea-Hansen,”
Men rette namn var Hans K. Dommersnes.

Han og var gudeleg og mykje godt i,
og stod i leiinga – med dåd og dygd,
Og møtte fram til han var over åtti -
Den lange vegen ifrå Vikebygd.

Gå til side 2 av dette stykket - klikk her