Side 12
Register
:
Til framsida

  1. Forord a: Skartland
    Forord b: Granberg
  2. Styret
  3. Dikt:
    Vikestølsmøtet
  4. Formenn
    gjennom tidene
  5. Prolog til
    100-års jubileet
  6. Opningssongen
  7. Prolog til
    50-års jubileet
  8. Jubileumsmøtet 1950
  9. Helsing frå sokneprest Nedrelid
  10. Vikestølsmøtet 1900
    og 1975
  11. Veteranane
  12. Avtalen med idrettslaget
  13. Møtestad i 100 år
  14. Stemnestad for kristne venemøte
  15. Seterliv på stølen
  16. Dei 70 første åra
  17. Ein gong støl
    - alltid turmål
  18. Helsing frå sokneprest Wathne
  19. Vikestølsmøtet 1990
  20. Talararne
  21. Vikestølsstemne 1966
  22. Vikestølshytta ferdig 1969
  23. Songen og verdet han har
  24. Vikestølsmøtet
  25. 80-års jubileet
  26. 100 års jubileet

-  12 -

Avtale mellom styret for Bjoa Idrettslag
og Styret for Vikestølsmøtet.

Frå møtebok for styret for Vikestølsmøtet.
 

Avskrift av brev til:
”Bjoa Idrettslag d.d. 24. Juni 1967
V/Johs Nygård,
Innbjoa

I styremøte (den 23. Juni) for Vikestølsmøte vart det som sak 3 drøfta at Bjoa Idrettslag arbeider med å få opp hytte på Vikestølen. Og sidan idrettslaget tidlegare har kome med spørsmål til oss om me har interesse å vera med på dette arbeidet på eit eller anna vis, vil styret med dette tillate seg å gjera framlegg om å yta ein sum på
 
kr 1.000,- Eit tusen kroner,

Mot at styret for Vikestølsmøta ein gong i året får leiga hytta vederlagsfritt.

Den gamle regel er at det årlege møte vert halde 1. Søndagen i Juli mnd. Vert det uver den dagen, slik at møte ikkje kan haldast, har regelen vore at møtet har blitt utsett til ein annan søndag i same mnd.

Med helsing
Styret for Vikestølsmøta
Karl J. Granberg”

Rett avskrift vitnast:
Harald Grunnaleitet (sign)
Magnus Sørhus (sign)


Svar på brev av 24. Juni 1967 til Bjoa Idrettslag. Svaret av 15. April 1971 lyder slik:

”Styret og medlemer i Bjoa Idrettslag godtar og gjev styre for Vikestølsmøta får bruka hytta på Vikestølen til sitt årlege møte der oppe. Ein vonar at det nemde beløp vert sendt til hyttekomiteen ved Trygve Steinsland, Innbjoa.

Med helsing
Innbjoa 15.4.71
Bjoa Idrettslag
Kåre T. Hansen
(sign)

Rett avskrift vitnast:
Karl J. Granberg (sign)

  

Avskrift av brev d.d. 26.4.71:
Bjoa Idrettslag v/Kåre T. Hansen
5584  Innbjoa

Me syner til brev frå oss av 24. Juni 1967 der styre for Vikestølsstemna tillet seg å gjera framlegg om å yta
Kr 1.000,-

Til hytta som er under oppføring på Vikestølen, mot at styre for Vikestølsmøta ein gong for året får leiga hytta vederlagsfritt. Me har motteke brevet med påskrift frå styre i idrettslaget om godkjenninga, (påskrifta er av 15.4.71) mot at beløpet kr 1.000,- vert utbetalt til hyttekomiteen ved Trygve Steinsland.

Kr 1.000,- -Etttusen er mottatt:

Bjarne Steinsland (sign)
J. Trygve Steinsland (sign)
Innbjoa 26.4.71
For styre for Vikestølsmøta
Karl J. Granberg.

Rett avskrift vitnast:
Johs. Bertin Dommersnes (sign)
Magnus Sørhus (sign)
Harald Grunnaleite. (sign)


 

Styret for Vikestølsmøtet har også seinare år sendt pengegåve til vedlikehald av hytta.
(kommentar frå red.)