Side 17
Register

Til framsida

  1. Forord a: Skartland
    Forord b: Granberg
  2. Styret
  3. Dikt:
    Vikestølsmøtet
  4. Formenn
    gjennom tidene
  5. Prolog til
    100-års jubileet
  6. Opningssongen
  7. Prolog til
    50-års jubileet
  8. Jubileumsmøtet 1950
  9. Helsing frå sokneprest Nedrelid
  10. Vikestølsmøtet 1900
    og 1975
  11. Veteranane
  12. Avtalen med idrettslaget
  13. Møtestad i 100 år
  14. Stemnestad for kristne venemøte
  15. Seterliv på stølen
  16. Dei 70 første åra
  17. Ein gong støl
    - alltid turmål
  18. Helsing frå sokneprest Wathne
  19. Vikestølsmøtet 1990
  20. Talararne
  21. Vikestølsstemne 1966
  22. Vikestølshytta ferdig 1969
  23. Songen og verdet han har
  24. Vikestølsmøtet
  25. 80-års jubileet
  26. 100 års jubileet

-  17 -

Ein gong støl, men alltid eit turmål

Klipp frå Grannar 1986. Signert: -unn


Anten ein kjem frå Vats, Vikebygd eller Bjoa så går der ein turveg til Vikestølen. Den plassen og vegen fram er det mange som har hatt glede av. Og for ein turgåar har det alltid vore kjekt å ha eit hus å koma til. Det har ein hatt på Vikestølen.

Men eit hus treng sine folk. Utan, - ja, så kan ein jo sjå korleis det går. Den gamle Vikestølen, sig stadig meir mor bakken. Og no treng snart den nye Vikestølshytta og at nokon tek eit tak. For i Vikestølshytta bur fleire mus enn det bur turgåarar. – Og der byrjar visa igjen.

Den gamle Vikestølen er det lenge sidan hus folk. Sist husa den sauer. No duger den heller lite til det og. Når den fell ned vil det berre vera grunnmurar som vitnar om at det ein gong har vore stølsliv i desse trakter.

Lett var det heller ikkje å finna folk som visste å fortelja frå den tid då her var stølsliv. Det byrjar bli gløymd historie.

Johannes Owe er grunneigar i Vikestølsområdet. Han og 4 andre frå Øvre Vik eig skogastykker her oppe. Beite er felles for Øvre Vik. Slik har det vore sidan
utskiftinga i 1846. No går det føre ei ny
utskifting. Her er planen at området rundt Vikestølshytta skal verta friluftsområde.
Utskiftinga skal vera ferdig til våren. Sjølve Vikestølen kan Owe fortelja vart bygd av skipsreiar Johan Thoresen.

"- Eg kan vanskeleg seia kva tid den vart bygd. Men eg vil tru det var rundt 1890 at han fekk stølsrettar,- og bygde like etter. Eg kan sjølv ikkje hugsa at dei stølte her, så eg reknar med at dei må ha slutta før 1920. Eg meiner Signe Tre eller Signe Tindeland var med dei siste som opplevde stølslivet her. Ho var med bestefar sin Simo Tre eller Svendsen som han skreiv seg for, til Vikestølen og mjølka."

Signe Tindeland fekk me treffa på gamleheimen i Ølen. Og ho visste godt å fortelja frå Vikestølen. - Jo, det stemde nok at ho hadde vore med bestefar sin og stølt. "– Eg hugsar og godt dei som stølte der før han. Det var Lena Alne eller Lena Akslå som ho gjekk for. Etter henne va det ein me kalde Ola Broon. Eg veit ikkje kva namn han skreiv seg for.

Det var Eli og Johan Thorsen som leigde oss. Dei åtte garden like ved kyrkja i Vikebygd. Ein 7-8 kyr hadde dei på Vikestølen med bestefaren min. Han likte så godt at eg var med. Så vart eg lova graut då, og det var det beste eg visste.

  

- Det var lang veg å gå. Me rodde på vatnet så sant det gjekk. Men vatnet var grunt eit stykke og var det turrt kom me ikkje over med båten. Klokka 5 for me oppetter for å ta kveldsmjølkinga. Kveldsmjølka sette me i store trekoller i stova. Dei fekk surna. Måråmjølka blei boren ned til bygda. Då tok dei 10 l i ein holk på ryggen og eit spann i kvar hand. Klokka 8 om morgonen var me nede. Kvar fredag skulle og fløyten berast ned. Dei kinna den nede i bygda. - Eg lærde meg å mjølka på Vikestølen. Så tok eg Slikt arbeid som bestefar min ikkje likte, vaska mjølkekjølar og slikt. - Korleis såg stølshuset ut? – Ja, det var ein stove då, og så var der uterom. I uterommet stod mjølkekjølar og trekar. I stova var der ei brei seng. Så var der ein benk og bord og stolar. Alt var heimelaga.

Så var det høyloftet då. Her låg dei som kom innom medan dei gjekk etter dyr i fjellet. Det kom mykje folk innom på stølen. Her var fellesbeite, slik at mange hadde sauer her. Det hende og at hestar og kyr kom så langt avgarde.

Var det ikkje framandfolk på loftet måtte eg sova der. Det likte eg lite. Då fekk eg gjerne koma ned og sova på benken i stova. Eg hugsar bestefar song for meg. Han

hadde god stemma. Så var det varmt og godt i stova. Her stod nemlig ein stor omn med to hol i.

På høyloftet turka dei elles graset som var sleige rundt stølen. Denne grasbakken var inngjerda slik at kyrne ikkje fekk koma inn her. Til stølen høyrde og eit fjøs. Her batt me kyrne inne når det var stygt ver. Då gav me dei høy og ein neve mjøl attåt.

- Ja, eg var no for lita til høyra etter friarar eg, den tid eg var med bestefar min. Men eg høyrde vel eit kvart fotalt. Det var då frå den tid då det var mange som stølte her oppe. Då var det mange staute damer på Vikestølen. Men det er lenge sidan. Då eg var jentunge var det alt berre murar igjen etter desse stølane. Og no er det snart berre muren att etter den siste stølen. No er det idrettslaget si hytte som får ta i mot folk som kjem."

Jo, Vikestølen har si historie. Den kunne nok ha mangt å fortelja. Men så er det altså slik at det må folk til for å få sagt det.