Side 16, del 1
Register

Til framsida

  1. Forord a: Skartland
    Forord b: Granberg
  2. Styret
  3. Dikt:
    Vikestølsmøtet
  4. Formenn
    gjennom tidene
  5. Prolog til
    100-års jubileet
  6. Opningssongen
  7. Prolog til
    50-års jubileet
  8. Jubileumsmøtet 1950
  9. Helsing frå sokneprest Nedrelid
  10. Vikestølsmøtet 1900
    og 1975
  11. Veteranane
  12. Avtalen med idrettslaget
  13. Møtestad i 100 år
  14. Stemnestad for kristne venemøte
  15. Seterliv på stølen
  16. Dei 70 første åra
  17. Ein gong støl
    - alltid turmål
  18. Helsing frå sokneprest Wathne
  19. Vikestølsmøtet 1990
  20. Talararne
  21. Vikestølsstemne 1966
  22. Vikestølshytta ferdig 1969
  23. Songen og verdet han har
  24. Vikestølsmøtet
  25. 80-års jubileet
  26. 100 års jubileet

-  16 -
Del 1

70 år sidan det første Vikestølsmøtet

Av Severin Hove (1970)


Vikestølen ligg på høgda mellom Vikebygd, Bjoa, Ølen og Vats. I tidlegare tider var det stølsdrift der. Folk som åtte stølane reiste til fjells med buskapen. Det var bra beite både for storfe og småfe. Ho som var budeie mjølka og laga smør av fløyten. Smøret vart frakta til bygda og selt når det var overskot. Skummamjølka vart nytta til kalvar og stundom til alelam. Ved hundreårsskiftet var det ein mann ved namn Torsen som åtte stølen der huset enno står. Han leigde budeia til å stå for ståket om somrane. I helgane kunne det samlast folk frå bygdene, kjende og ukjende, og vegen var ikkje lang i dei dagane.

Åndelege brytningstider.

I fleire bygder var det åndelege vekkjingstider. Trongen etter å få koma saman og nøra opp under gudslivet var sterk og levande. Unge og gamle var med. Og så låg det så nær å samlast ein stad der det var lagelet å møtast frå fleire bygder. Kristne vener vart samde om å møtast på Vikestølen til fastsett tid 1900, det var fyrste sundag i juli månad.

Dei som gjekk føre.

I fremste rekkja finn me desse menn: Frå Ølen: Det var brødrene Osmund, Sjur, Lars og Torbjørn Espeland. Frå Bjoa var det: Lars Eikås, frå Skjold: Lars Strand, frå Vikebygd: Ivar Bjordal, Vierstad, Hans K. Dommersnes, frå Vats: Per Landa. Hans K. Dommersnes fekk ikkje vera med på det fyrste møtet, men han vart etter kvart den som stod for møta i dei fyrste femti åra. Då han slutta i styret etter 50 år, hadde han sjølv styrt 25 av møta.

  

Minnesmerke.

I 1913 tala Sjur Espeland, Hans K. Dommersnes og Lars Dommersnes om at det skulle ha vore eit minnesmerke på stølen. Dei gjekk straks frå ord til handling. Lars J. Dommersnes tok ¨på seg kostnaden med minne-støtta. Dei tinga støtta hjå Laksevåg verk, Bergen. Hans K. Ordna med tekst til støtta. Det står:

År 1900 samledes vennerne fra 5 sogne til det første opbyggelege stevnemøte på Vikestølen.  Kommer hit til meg alle I som arbeider og er besværede og jeg vil gi eder hvile.
Mat. 11, 28

Men det var inga lett sak å få denne minnetavla på plass. Osmund og Marta Vik kjørte tavla på vedaslede opp til Kleivane. Hans K. Dommersnes tok så over og kjørte vidare til Buasteinen. Frå Buasteinen vart tavla lest over i båt og rodd til enden av Langevatn. Sterke karar leste så over på ei båre og bar tavla oppover bratta til Vikestølen. Det var tunge tak. Tavla vog 190 kg. Om våren fekk dei vegformann Paul Valen til å mura ein firkant av stein, der tavla vart plassert. Alt arbeid var gratis. Elisabet Simonsen kokte for arbeidsfolket under arbeidet. Minnestøtta stod i denne stand til 1964. Då heldt muren på å ramla. Bertin Alna reparerte muren og fekk festa med sement.

Flaggstong.

Hans K. Dommersnes tok med flagg til stølen. Dette kom ikkje til sin rett. I 1967 vart det vedteke å kjøpa flagg og få opp stonga. Til sundag 28/6 var stonga ferdig til bruk, men så kom uveret.

Framhald neste side - klikk her (s. 16-2)