Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Omvisning på skip ved Dommarsnes kaien  

Facebook    -   Twitter

Aker Offshore sin Wayfarer

Sida er sist endra 29.des. 2016

 

Omvisning på Aker Offshore sin Wayfarer
Kapteinen inviterte ombord ved Dommersnes kai
av Steinar Skartland 29.12.2016

Dei ligg side om side, to av Aker Offshore sine stolte skip, spesialbygde for oljeverksemda. Onsdag og fredag i romjula inviterte den nederlandske kapteinen på skipet Wayfarer bydefolket til omvisning.
-Sjefen vart ikkje begeistra då eg foreslo at born også kunne vera med, fortalde kapteinen, med tanke på at det her var gangbru mellom skipa og denne enda i eit stilas på Wayfarer. -Men eg svara han at 10-åringar er sikkert flinkare til å klatra enn dei fleste vaksne, så då fekk eg lov. Og borna hadde ikkje problem med trappene.
På onsdag var det både vaksne og born med på omvisninga.  Ikkje mange. Berre ein vikebu og eit par familiar med ferievikebuar. Men kaptein Levien fortel at på fredag er over 30 påmelde for omvisninga. Omvisninga var vel verdt å bruka tid på, for dei som er interessert i moderne skip og teknologi. Vi takkar for omvisninga og eit positivt initiativ frå kaptein og rederi.


Dei to moderne søsterskipa ruvar meir i terrenget enn den gamle hotellseksjonen som står parkert på land. Akofs Wayfarer er det yttarste skipet og Akofs Seafarer ligg inst.

Seafarer er eit spesialbygd skip for å kunna pumpa slam ned i gamle oljebrønnar for slik å pressa opp meir olje. I dag er det ikkje eit prisnivå på olje som gjer dette lønnsamt, og skipet er for tida utan oppdrag. Botnventilar er stengde og alle system er kopla ned, fortel kapteinen på Wayfarer. Når det skipet får oppdrag kan det ta nokre månader med klargjering før skipet kan gå i oppdrag. M.a. må alle dataprogram oppgraderast og testast på omlag 70 ulike system ombord. Men skipet er elles klart for oppdrag.

Akofs Wayfarer har ein fem-års kontrakt med oljeselskapet Petrobras, og skulle etter oppgradering inn i oppdrag utanfor Brasil. Spesialbygd for montering og demontering av "juletre" (ventilsystem på havbotn) og anna undersjøisk utstyr for oljeverksemda. Marknaden har endra seg noko og det var ikkje bruk for skipet akkurat nå. Dei har likevel kontrakten og skipet ligg i beredskap med eit mannskap på 6 mann ombord.
- Klarer me å få mannskap på plass så er Wayfarer klar for å gå i løpet av ein dag, fortel kapteinen. Alt system og utstyr er oppgradert, vedlikehalde og klar for oppdrag.  Det ser nå ut til at dei får jobb for skipet til sommaren.

Totalt kan skipet ha mannskap på 140 personar. Det er 90 lugarar og skipet er utrusta med fleire kontor for spesialistar frå andre selskap når dei skal utføra oppdrag. Her er kinosal, treningssrom, møterom, konferanserom og stor messe der kokkar syter for god mat.

Dei har fleire ROV fartøy (ubemanna, fjernstyrte undervassfartøy). Mannskapet som handterer desse set i eige kontrollrom.  Det er som å spela dataspel, så ungdommar som har erfaring med dataspel kan gjera det godt i denne type arbeid.

Skipet har 6 dieselmotorar som fungerer som straumaggregat og gir all kraft til båt og utrustning. Alt på båten (maskinrom, kontrollrom mm) er det dobbelt av, i to adskilde sonar. Blir det brann i den eine sonen, kan den stengast av og alt vil gå som før, i den andre sonen. To av mannskapet viste oss rundt i maskinrom og utstyret til dei store vinsjane.

Propellane vert drivne av el.motorar, såkalla trusters. Det er i alt 7 trusters: 1 bak som er hovudframdrift, og seks under båten. Den eine kan senkast ned og roterast i alle retningar.  Til saman gjer dei datastyrte trusterane at båten kan liggja 100% nøyaktig på same plass under arbeidet. Spesialvinsj som senkar ned ROV-ane eller anna utstyr som skal monterast, kompenserer for bøljehøgd på opptil 4-5 meter, slik at kroken med utstyret nede på havbotnen er på nøyaktig same nivå heile tida. 
Les meir om båten her.


Klikk her for å laste ned plakatenOm du er interessert kan du gi oss beskjed på e-post:

bridge@wayfarer.akofsoffshore.com

med navn på deg selv og hvem du evetuelt vil ta med deg.

Vi trenger tilbake melding før tirsdag kl. 16:00 for omvisningen på onsdag,

og før torsdag kl. 16:00 for omvisningen på fredag.

Vil organisere omvisningen og gir deg tilbakemelding pr e-post med  klokke-slett når dere kan komme ombord.

Om du kommer med bil er det ikke mulighet til å kjøre helt ned til kaien, så parkering er på
Dommersnes industri park, og du må gå derifra og ned til fartøyet. Desverre kan vi ikke tilby omvisning for personer med beveglsehemninger pga mye trapper og høye dørstokker.
Barn under 16 år må være i følge med en voksen.
 
 

Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 140 079 besøk i 2015. Hits:  4 147 074.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

Les fleire nyheter
2017
Januar
Årsmøte i Grendautvalet
2016
Desember
Forskjelling frå Desember 2016
Omvisning på båten Wayfarer
Musikalsk julegudsteneste
Lokal julekonsert m fullt hus
Julekonsert med Scala
Lysmessa i kyrkja
November
Tenning av julegrana
Julemessa 2016
Globalaksjonen
Bibelmaraton i Skjold
Vikebygd Amatørteater?
November skjedde det
Oktober
Grendautvalet - ope møte
Lokal drivstoffløysing
Amatør teater i Vikebygd?
Longåsdals-dagen
Aktivitetsdag på idrettsbanen
September
Eigarskiftehelg på Joker
Folkerøystinga
Spennande gudsteneste
Vikestølsmarsjen med pop-up
August
Ny butikkeigar i bygda
Haustfest i Lio
Kommunesamanslåing?
Paul Harrison i Skjold kyrkje
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til salgs
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org