Vikeputten fotballturnering 25. april
2009
59 fotballag gjorde dagen til ein fest
Fotoalbum frå arrangementet:
HER
(25.4.2009)
Det var trafikkork og køkjøy-ring då 59 fotballag med vener, familie og supportarar strøymde til Vikebygd på vårens vakraste dag. Sol og varme i kombinasjon med glede og smil. Kor mange som var rundt idrettsbanen veit ein ikkje sikkert, men dei fleste meiner talet var godt over 1000.
Her var dei i alle aldrar. Ruth Svendsbø er ein av veteranane på langsida. I gjennom mange år har ho vore på mest alle kampar på Vikebygd stadion. Born og barneborn har i tur og orden teke på seg
fotballskor og vore med. Fotball, orientering, speidar-grupper og musikkorps. Det er noko
bygda er vorten kjend for. Merkeleg nok så er det dei same blide fjesa vi finn igjen i dei fleste aktivitetane.
Kampane gjekk tett med skifte kvar
halvtime, frå klokka 8:30 til 17:00. Det vart både sigrar og tap, men gleda var like stor. Nokre tårer vart det nok for målvakta som vart skada på leggen, men smilet
kom etter kvart fram igjen - og ein reserve kom på plass i målet så fort at her kunne ikkje dommaren leggja til ekstra tid i kampen.
Laga kom i frå heile Haugalandet, inn til Etne og Skånevik. Arrangementet er vorten ein tradisjon, og Vikebygd Idrettslag er vorten stadig meir og meir
profesjonelle i å arrangera dette. I år var
banane noko mindre, og grasbanen var delt i 6 mindre banar med gode skiljegjerder mellom. I tillegg spela nokre kampar på grusbanen. Dei minste laga var heilt ned i første klassen på barneskulen, men spela fotball - det kunne dei.
I år var det heller ikkje nokon som vart våt av regn. Våren er komen tidleg, og gradestokken kraup opp i 17 grader i skuggen. I sola var det varmare. Då var det godt å kunna byta på å spela og å få seg ei vassflaske innimellom.
Resultata frå kampane kan du lesa ved å klikka på bildet til venstre her.
Fleire bilder frå arrangementet
kan du sjå HER
Og foreldra stilte opp med dugnad. Det er
mange hender som skal til for å klara å få gjennomført desse hektiske timane ved
idrettsbanen. Første dugnadsskift var på plass klokka 7:45, men alt
fredagskvelden var det rigga opp med telt, fotballmål og anna utstyr.
Det var ikkje alle som det kribla like mykje i føtene på for å springa ut på banen. Det fekk dei overlata til dei unge. Men det er tydeleg at alle aldrar set pris på å få vera med i folkefesten når
Vikebygd IL arrangerer fotballturnering ved bygdahuset. Veteranane var der. Nokre for å heia på barnebarn og kanskje oldebarn, andre for å vera der det skjer. Me må støtta opp om slike tiltak i bygda. Og me takkar dei i bygda sine mange lag og klubb ar som står i bresjen for å få til noko. Gjennom det så veks vi og trivselen med den.
Fotoalbum frå Vikeputten 2009:
HER
Gamle minner: Vikeputten 2006
|