Side 14 - 2
Register

Til framsida

  1. Forord a: Skartland
    Forord b: Granberg
  2. Styret
  3. Dikt:
    Vikestølsmøtet
  4. Formenn
    gjennom tidene
  5. Prolog til
    100-års jubileet
  6. Opningssongen
  7. Prolog til
    50-års jubileet
  8. Jubileumsmøtet 1950
  9. Helsing frå sokneprest Nedrelid
  10. Vikestølsmøtet 1900
    og 1975
  11. Veteranane
  12. Avtalen med idrettslaget
  13. Møtestad i 100 år
  14. Stemnestad for kristne venemøte
  15. Seterliv på stølen
  16. Dei 70 første åra
  17. Ein gong støl
    - alltid turmål
  18. Helsing frå sokneprest Wathne
  19. Vikestølsmøtet 1990
  20. Talararne
  21. Vikestølsstemne 1966
  22. Vikestølshytta ferdig 1969
  23. Songen og verdet han har
  24. Vikestølsmøtet
  25. 80-års jubileet
  26. 100 års jubileet

-  14 -
Del 2

Framhald frå 14 - 1:   Stemnestad for Kristne Venemøte Sommarsdag.
Av Lars Dommersnes (skreve 1979)


-
 

Den dugande vegbrumurmeisteren Paul A. Valen murte ein høveleg for som minnestøtta står på. På minnestøtta står dette skrive: ”Aar 1900 samledes vennene fra Skjold, Vats, Ølen, Bjoa og Vikebygd til det første møtet paa Vikestølen.” ”Kommer hid til mig, Alle I som arbeide og ere besværede, og jeg vil give Eder Hvile!” Matt 11,28.

For mange år sidan vart det reist flaggstong på Vikestølen, og på møtedagane vert flagget heist.

Styret for Vikestølsmøtene har alltid vore flinke til å få tak i gode talarar til møtene. Dei mest kjende talarane ei tid var emisærbrørne frå Ølen: Sjur, Osmund, Lars og Torbjørn Espeland, og Sigve Espeland d.y., også frå Ølen. Prestane frå dei næraste prestegjelda har også vore talarar på Vikestølsmøtene. Lærarane og klokkarane Peder Jonsson frå Vikebygd og Severin Hove frå Skjold, var også fleire gonger talarar på møtene. Til vanleg heldt dei to møter på Vikestølen, eit om føremiddagen og eit seinare på dagen. Av og til var det også møte på bedehuset i Vik om kvelden

  

I dei farne åri har mange gode kristne vore med i styret for Vikestølsmøtene. Det vil føra for langt å nemna dei alle. Men utan at eg trur at eg gjer urett mot nokon, vil eg nemna ein av dei som i mange år stod i leiingi for desse møtene, og det var bonde Hans K. Dommersnes, eller ”Smeahansen” som dei kalla han i daglegtalen i bygdi. Han var med på det første møtet på Vikestølen, og like til han var over 80 år gjekk han til fots opp til Vikestølen. I alle åri då han var med i styret, gjorde han ein uvanleg god innsats.

Til Vikestølsmøtene har folket frå desse bygdene kome år etter år i mange generasjonar. Og evangeliet har vore forkynt til æra for Gud og Frelsaren Jesus Kristus. Mange rike minne har folket fått med seg frå sommarmøtene her.

”Det folk som frægt vil vera
Og vinna lukka lang
Det høgt Guds ord må bera
Som lyset på sin gang.

Gud, lat ditt ord då fylla
Kvar heim frå fjell til strand,
Og med sitt lys få gylla
Vårt fagre fedreland!”

Attende til side 14 - 1 - klikk her