........
Og dei var vel heller ikkje særleg sporty kledde den første tida
folk skulle møtast i fjellet ein søndag i høgtid. Mannfolka - dei
eldre - kledde i vadmålsdress, svart hatt, kvit skjorte og lærsko.
Kvinnene i kjole og snøresko og med eit monstrum av ein hatt på
toppen. Kanskje dei hadde ei svart kåpe med på armen. Borna var
vel dei mest lettkledde, i kortbukse og skjorte - kanskje ei jakke
og lue til. Dei fleste hadde vel lærsko, men kanskje somme av borna
gjekk i tresko. Eller dei mest spretne gjekk berrføtte. Men
nisteskreppa var med, for dagen kunne verta lang for dei fleste.
Det var mange slike friluftsmøte som kom i gang
ikring århundreskiftet.
Stølasamlingane i Vikedal var
eitt av dei, som byrja inne i fjellet mot Tysseland i Ropeid, men
vart seinare flytta til Sjursstølen og Roaldkvam. Fiksemøtet tok
til i 1915, eit årleg møte som kristenflokken i Etne og Ølen
hadde ansvaret for å skipa til skiftevis kvart år oppe i
Fikseskogen. Varleitestemna på fjellet mellom Skånevik og Etne må
og nemnast. Det tyder på at folk hadde eit behov for å møtast -
først og fremst ute i Guds frie natur i eit oppbyggjeleg samvær.
Kanskje det hadde med eit visst behov for å møta slekt, vener og
kjende som ein |
|
elles ikkje hadde særleg
kontakt med i året. Og kanskje det hadde med eit behov for å kunna
nyta den vakre naturen og stilla på desse ulike stadane. Og heilt
visst var det nok til styrkje for både kropp og sinn, i ein hard
kvardag som dei fleste hadde, kanskje meir då enn i dag. Og den som
vandrar i dag til Vikestølen, denne stien / vegen til den gamle
møtestaden, kan oppleva det heilt store av Guds skaparverk.
Det såkalla
"framskrittet" har kanskje ført til at somme av desse
friluftsmøta må gje opp. Fiksemøtet som byrja i 1915, vart slutt
tidleg på 1980-talet. Kanskje hadde det med at eldsjelene for
møtet måtte gje opp? Men me må vona at Vikestølsmøtet får leva
vidare, til glede og rikdom for alle som vil føra denne tradisjonen
vidare inn i dei neste hundre åra.
Endre Heggen
Tilbake til forrige side
- klikk her (s. 13-2) |