Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

  

Facebook    -   Twitter

På leit etter røtene i Vikebygd   

Sida er sist endra 22. april 2017


Fra USA på leit etter røtene
Fann huset i Stien der bestefaren vart fødd.

av Steinar Skartland 22.4.2017


Huset i Stien husa ein familie med 7 born for 110 år sidan.

Det var mange som reiste frå fattige kår i Vikebygd til det store Amerika. Mange hamna i Minnesota i Midtvesten eller Seattle i staten Washington på vestkysten av USA. Påskedagen kom to av etterkomarane deira attende til området. John Edvin Skartland, barnebarn av Johannes Olai Olsen Skartland som vart fødd i 1885. Han vaks på småbruket Stien, på Skartland.

Johannes gifte seg med Martha Gurine Veastad (f.1896) og saman reiste det unge paret med båt til  Amerika (ca 1914?). Det var nok støre sjansar for dei der enn i det vesle huset på småbruket Stien, der det var heile 7 born som vaks opp. (Johannes, Anne Martha, Ole Johan, Gunnar Bertinus, Gurine Helene, Elisabeth Amalie og Bernhard). Det må ha vore trongt ved det vesle kjøkenbordet den gongen. Tvillingane Gurine og Elisabeth finn vi att på det gamle skulebildet frå Årvik skule i 1912 (Sjå her bildet frå 1912
- dei to småjentene i 2. rekkje til høgre er Gurine og Elisabeth).

Det var første gong at John Edvin og kona fann vegen til plassen der han har sine norske røter. - Me er speidarar, sa dei. - Me reiser for å sjå korleis det er her, og så vonar me at andre i familien vil koma etterpå.  Dei sette også pris på å få sjå innom den gamle skulen i Årvik, der bestefaren og søskena hans gjekk på skulen.

Dei skulle vidare frå Vikebygd og opp til Balestrand, der Paula har sine norske røter.

John Edvin syntes det var kjekt å få koma inn i det gamle huset i Stien der også "tante Gurine", som han kalla henne,  var ifrå.  Gurine var fødd i 1899 og veslesystera til Johannes. Ho var godt vaksen då Faltin Sørhus var heime på besøk i Noreg rett etter krigen. Han skulle helsa til henne frå broren i Amerika. Det enda med at dei vart gifte og ho følgde med han til Amerika. Mange år seinare, i 1963, flytta ho heim igjen til Noreg og Stien, etter at Faltin døydde. Men flesteparten av dei som reiste ut til Amerika, vart verande der.
 

 

 
 
 
 
 
 

Les også andre nyheiter frå Vikebygd


Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Siste nytt frå bygda
April
Rolf Alne i Kenya
På leit etter røtene i Vikebygd
Påsken 2017
Vikestølstur i sol
Fasteaksjonen
Mars
SØK inn i Haugaland Kraft
Vikebygd Amatørteater
Forskjellig frå febr.-mars
Februar
Planeten Venus i vest
Kulturettermiddag
Speidarfest og Nutastavar
Venneklubben i Vikebygd
Arquebus-filmen
Januar
Januar
Årsmøte i Grendautvalet

2016
Desember
Forskjellig frå desember 2016
Omvisning på båten Wayfarer
Musikalsk julegudsteneste
Lokal julekonsert m fullt hus
Julekonsert med Scala
Lysmessa i kyrkja
November
Tenning av julegrana
Julemessa 2016
Globalaksjonen
Bibelmaraton i Skjold
Vikebygd Amatørteater?
November skjedde det
Oktober
Grendautvalet - ope møte
Lokal drivstoffløysing
Amatør teater i Vikebygd?
Longåsdals-dagen
Aktivitetsdag på idrettsbanen
September
Eigarskiftehelg på Joker
Folkerøystinga
Spennande gudsteneste
Vikestølsmarsjen med pop-up
August
Ny butikkeigar i bygda
Haustfest i Lio
Kommunesamanslåing?
Paul Harrison i Skjold kyrkje
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til sals
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
Tidlegare år
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org