Tradisjonar i adventstida
Det er mange faste tradisjonar i Vikebygd. Ein av dei er lysmessa i desember. Då stiller både speidarar, konfirmantar og bygdefolk opp i ei mørk kyrkje for å tenne lys.
Klokka fem på ettermiddagen er det heilt mørkt i Vikebygd på andre søndag i advent. Ei tid då det er tradisjonar å tenne lys både ute og inne. Denne søndagen var det i kyrkja det skulle skje, slik speidarane har gjort årleg i mange år. Folk strøymde til kyrkja og parkeringsplassen vart for liten. Inne var det berre eit svakt lys som kom gjennom døra ute til våpenhuset og oppe frå orgelgalleriet. Folk famla seg fram til ein plass i benkene. Det er ei stor kyrkje vi har, så sitjeplassar er det nok av.
Etter at klokkeklangen stilnar av så går det ei stund – men så tek konfirmantane til å lesa bibelvers om lyset. På alteret får dei store lysa sin flamme og etter kvart er det to som ber lys ut og tenner stearinlysa som speidarane held, der dei står langs veggene i heile kyrkja. Dei er ein stor flokk i speidaren. Det er populært for born å ungdom å vera med her, sjølv om dette ungdomsarbeidet konkurrerer med både fotball, friidrett, korps og meire til.
Speidarane langs veggene tenner lysa til den dei står ved sida av. Etter kvart blir det lysare i kyrkja og speidarane togar fram med til koret der dei stiller seg opp og vi kan alle syngja med i songen: Lat oss vandre i lyset liksom han er lys.
Speidarane får setja seg ned og bles ut lysa. Det er tryggast det. Konfirmantane les tekstar frå Bibelen og presten Jon Ådnøy talar om nåden. Forklarar den med 1. klassingen Sigve som hadde vondt samvit heime sommaren etter at han hadde skreve namnet sitt på do-veggen. Det var ikkje lov, og han venta straff. Men då han kom til første dag i andre klasse, og gjekk ned på toalettet, så var alt pussa opp. Alle merke var overmalte og ingenting viste av det han hadde skreve på veggen. Slik er nåden, sa Jon.
Etter at liturgien var over og Jon hadde velsigna kyrkjelyden, så vart lysa til speidarane tende igjen. Dei gjekk ut i prosesjon medan songen: «Det Lyser i Stille Grender» lydde frå benkene der alle hadde reist seg. Når orgelmusikken stilna av, vart folk ståande. Kva nå… skal me gå? Kven skal gå først? Så kom dei i gong og kunne vandra ut mellom levande lys og leggja ein slant i offerposane som samla inn ei gåve til speidararbeidet. Men folk hadde ikkje hast med å gå heim. Dei vart ståande på kyrkjebakken og snakka saman medan foreldra venta på speidarar og konfirmantar som skulle rydda saman og få på seg utekleda.
Det er mange tradisjonar i Vikebygd.
Kalenderen er full av «påminningar». Julemesse, Tenning av lys på juletreet ved butikken -til korpsmusikk. Tenning av «julegata i Naustvika», også der med korpsmusikk. Julekonsert med lokale artistar, Lysmesse i kyrkja, Julegudstenesta (som i år blir klokka 14:30 på julafta), 17. maifeiringa, Vikeputten, Vikesprinten, Vikestølsmøte og Vikestølsmarsjen, Nutaturar og Hardhausen, allaktivitetsdag på idrettsbanen og endå meir til. Og så må vi ikkje gløyma Plassabakeriet med sine snurringsbaking på laurdagar i det gamle bakeriet. Kan vel også nemna Radio102 si direktesending og 102-show derifrå og konsertar både med Tom Roger og Bytunet mm. Og kanskje blir det ein tradisjon etter kvart med revy, nå når revygruppa er både etablert og har hatt sin første revy? Alt kan ikkje nemnast då her er mange lag som har sine opplegg og program. Vikebuen er ett av dei. Motorbåtforeningen eit anna. Noko å engasjera seg i for ulike interesser.
Jo, Vikebygd er ei bygd med mange gode tradisjonar som engasjerer folk i alle generasjonar. Musikk, speidar og idrett går igjen i mange av dei. Og så må nemnast at om det er fleire som vil bli ein del av desse tradisjonane, så er dei velkomne. Me har 17 byggjeklare tomter i sentrum om nokon lurer på kor dei skal bu framover.
Nye kommentarar