Konfirmantkulla 1967 og 1968 skal markerast
Konfirmantgruppene frå 1967 og 1968 vert inviterte til markering i kyrkja sundag 26. august.
– Neste gudsteneste her i Vikebygd er søndag 26. august kl 17:00. Då er det presentasjon av dei nye konfirmantane og samstundes skal også dei som er 50 og 51 årskonfirmantar markerast , fortel Ingrid Sørvåg som er engasjert i å tilretteleggja invitasjonane og skaffa adressane til dei som skal inviterast. Me vonar at så mange som mogeleg av begge årskulla kan koma til denne felles markeringa nå i august.
Ingrid kan fortelje at 23. april 1967 var det 9 konfirmantar og 26. mai 1968 var det 15 konfirmantar. Det var Meling som var prest i 1968, sannsynlegvis året før også, som truleg var fyrste året med konfirmasjon om våren.
Om 50 og 51-års jubilantane er interesserte kan dei samlast på Gamlatunet til ei «mimrestund» før gudstenesta (det er alt sjekka ut at lokalet er ledig og kan ta i mot), etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi. Ingrid fortel at invitasjonsbrevet vert sendt ut denne veka og håpar at dei får dette så snart som mogleg. I invitasjonsbrevet står det noko om korleis mykje har endra seg, både med konfirmasjonsundervisning og elles.
Om nokon av jubilantane frå 1967 og 1968 har spørsmål om markeringa så kan dei kontakta
Ingrid Mathilde Sørvåg på telefon: 99037077
Nye kommentarar