Trusopplæringspris og Vaktskifte i VVS-kyrkja
Søndag 26. november kunne vikarierande sokneprest, Sigfred Sørensen, overlata ansvaret og stafettpinnen til Torgeir Vea som nå er innsett i tenesta som sokneprest i Skjold, Vats og Vikebygd. Også Trusopplæringsprisen frå FUT vart delt ut i gudstenesta.
Torgeir Vea tar over oppgåva og ansvaret som sokneprest i Skjold, Vats og Vikebygd sokn og vert her ynskt lukke til i tenesta fra avtroppande prest, Sigfred Sørensen, som også representerte prosten denne dagen.
Det vart ei flott gudsteneste med fleire overraskingar. Etter at soknerådsleiar Sunniva Tveit Gregersen hadde lese opp brevet frå biskop Anne Lise Ådnøy, kunne Sigfred Sørensen som prosten sin representant setja inn den nye soknepresten i tenesta og leia forbøn for han. Så fekk Torgeir Vea ta over roret og leia gudstenesta vidare. Teksten på denne siste dagen i kyrkjeåret handla om dommen, men også om å Guds ynskje om at vi skal hjelpa dei som slit. «Sanneleg, eg seier dykk: Alt de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.»
Torgeir Vea avslutta preika si med å ta fram gitaren og syngja for kyrkjelyden, og songstemma stod ikkje tilbake for den gode songen som kyrkjelyden fekk ta del i alle denne dagen. Ei gudsteneste som vart avslutta med korsong på eit høgt nivå, med solist Ingebjørg Susort Velde.
Trusopplæringsprisen 2023
Gudstenesta hadde også ei anna overrasking, der leiar av Fellesutval for Trusopplæring, Berit Listog, saman med trusopplærar Esther Åsheim, kunne overrekke Trusopplæringsprisen til leiarane for Familiespeidinga:
Trusopplæringsprisen gjekk til leiarane for Familiespeidinga i Skjold og Vikebygd: Lars Henry Dagsland, Karianne Dagsland, Iselin Tveit og Håvard Tveit.
-I Vindafjord finst eit «Felles Utval for Trusopplæring» (FUT) og der samlast representantar for bygdene eller sokneråda våre for å ha fokus på og omsorg for, trusopplæringsarbeidet i bygdene våre, innleia Berit Listog med. -Både det som trusopplærarane: Esther, Berit og Britt står for, men og for det frivillige arbeidet som føregår rundt omkring i bygdene våre. Kvart år blir sokneråda utfordra på å koma med kandidatar til trusopplæringsprisen, der dei bevisst ser folk som på ein særleg måte har vist kjærlighet til, og omsorg for, det frivillige arbeidet, med trufasthet, kreativitet og tidsbruk som dei legg ned i det. Det kjem inn mange kandidatforslag og FUT prøver også å fordela prisane på bygdene. I år er det nokon i Skjold og Vikebygd som skal få prisen.
Esther Åsheim tok over og las opp grunngjevinga for prisen dette året:
Året trusopplæringspris går til personar som betyr mykje for det levande arbeidet som føregår i bygdene våre. Dei har i mange år vore engasjerte som par, ektefelle og foreldre. Om det ikkje er dei som stikk seg mest fram i folkemengdene, så er det likevel dei som får ting til å gå rundt og opplegg til å bli gjennomført. Det ligg mange planleggingstimar, samtalar og avtalar om møte bak arbeidet som dei gjer. De som har desse i bygdene dåkas skal vera stolte og takknemlege for at dei bur akkurat i di bygd. Dei gjer ditt nærmiljø og di bygd til noko spennande for store og små. Arbeidet deira samlar folk i alle aldrar og det gjev mange positive opplevingar. Dette er med og skaper ei følelse av samhald mellom generasjonane. Det gjer dette opplegget unikt. Tiltaket er inkluderande og det femner breidt. Det oppmuntrar mange i bygdene til å delta. Det når langt ut med trusopplæring med den måten dei driv arbeidet på. Desse personane har verkeleg fått det til. Nokre vil og seia at arbeidet dei gjer er eit nybrottsarbeid, og dei som har halde på med nybrottsarbeid veit kor krevande det kan vera. Ein går ikkje inn i ferdige planar og opplegg. Ein lyt definera, tenkja saman og laga felles visjonar for alt arbeidet. Men dette har dei klart. Med stå-på-vilje, med samarbeid. Med å gje og ta, og arbeidet er eit flott trusopplæringstiltak som ikkje berre femner breidt i alder, men òg får bygdene til å møtast. Veit dei sjølve kor flott arbeid dei er med på å skapa? Det er ikkje sikkert, men alle som har vore med i Familiespeiding i Skjold og Vikebygd har fått oppleva dette.
Årets trusopplæringspris går dette året til Håvard Tveit, Iselin Tveit, Karianne Dagsland og Lars Henry Dagsland.
Tusen takk for det flotte arbeidet som de gjer i Familiespeidinga.
Kateket Britt Karstensen kjøpt inn ein figur med tittelen «Glede». Det går på å syngja, le, dansa og skapa.
Kvar av para fekk denne figuren i tillegg til blomar og ein diplom som synleg bevis på prisetildelinga.
Kyrkjekaffi med takk og velkomen
Under kyrkjekaffien etter gudstenesta var det mange som ville takka Sigfred Sørensen for dei to åra han har gjort teneste her og ynskja den nye soknepresten, Torgeir Vea, velkommen. Han fekk mange god-ord med seg inn i tenesta i våre lokale kyrkjelydar som har mange deltakarar i alle aldrar, gode personressursar og medhjelparar i arbeidet. Også denne gudstenesta synte at det her er stor breidd i dei som deltek i kyrkja, trusopplæring og arbeidet elles. Ikkje minst i alder då det var mange born og ungdommar til stades, saman med vaksne og eldre.
Kyrkjeverje, Inghart Lasse Tveit, takka for eit godt samarbeid med avtroppande prest og kunne ynskja påtroppande sokneprest velkommen til samarbeid i det kyrkjelege arbeidet.
Han og fleire peika på at tenestetida i Skjold, Vats og Vikebygd hadde blitt mykje lengre enn ein først trudde, men det har vore eit positivt samarbeid og møte.
Gunnar Listog nytta høvet til å overrekka siste utgåve av Vindetreet til kvar av dei to prestane. Denne presenterer historie og kultur frå bygdane i Vindafjord.
Han og fleire andre ville takka Sigfred for den måten han har stått i tenesta på her i Vindafjord. Det skulle vera eit halvt år, men vart to. Og fhan er ikkje ferdig med kommunen. Nå går han til 50% vikarteneste i Ølen og Bjoa.
Per Egil Meling helsa frå Vats og framførte song for den nye soknepresten
Britt Nelly Ness Tveit helsa frå Vikebygd. Ho vart nyleg innvald i Bispedømmerådet og nytta høvet til å peika på at det var utfordringa frå Sigfred Sørensen og oppmuntring frå lokale folk som gjorde at ho svara ja til å stå på nominasjonskomitéens liste til dette valet.
Britt Nelly har sjølv mange år bak seg i soknerådet og frivillig teneste i kyrkja, noko ho deler med familien, og dei held fram med dette. Arne Tveit som ofte handterer kyrkjeorgelet og er medlem i soknerådet, saman med m.a. Sunniva, som nå er leiar for det nye, felles soknerådet for Skjold, Vats og Vikebygd.
Redaktøren i Kyrkjebladet Hyrdingen takka for godt samarbeid med prestane, noko som redaksjonen ser fram til i tida framover. Hyrdingen er sokneråda og kyrkjene sitt informasjon;sorga som går ut til alle husstandar i kommunen. Nå er alt nr 6 trykt og skal delast ut den komande veka, så bilete og informasjon frå denne gudstenesta kjem først i februar-utgåva. Difor vert også internett nytta til å fremja informasjonen om det som var tema i Skjold-kyrkja denne søndagen.
Nye kommentarar