Bli bøsseberar i Vikebygd
Vindafjord kommune har sett ned ein lokal komite for TV-aksjonen. Dei har representantar for alle bygdene i kommunen + ordførar og sekretær frå kommunen. Oppgåva deira er å organisera innsamlinga lokalt i kvar bygd.
I år verrt innsamlingsdagen den 21. oktober og vi plar starta klokka 15:00 i Vikebygd. Vi deler bygda i 8 ruter, som kvar tek ca. 1 – 1,5 time å gå frå dør til dør med innsamlingsbøssa. Frå Vikebygd er eg, Steinar Skartland, innsamlingskontakt i år. Så ta kontakt med meg om du kan tenkja deg å bli bøsseberar her. Ring tlf 90873170.
I år er Kirkens Bymisjon tildelt innsamlinga. Les meir om organisasjonen og kva pengane skal brukast til, på denne linken.
TV-aksjonen NRK 2018 går til Kirkens Bymisjons arbeid for å skapa eit varmare og meir inkluderande samfunn. I år går TV-aksjonen av stabelen søndag 21.oktober.
Noreg er eit samfunn der forskjellane aukar. Forskjellar som ikkje først og fremst handlar om etnisitet eller religion, kor du kjem frå eller kven du er. Men om du er innanfor eller utanfor.
Det er mange måtar å vera utanfor på. Frå å mangla ei seng å sova i, til å vera utanfor arbeidsliv eller sosiale fellesskap. Dette rammar ikkje berre enkeltpersonar, men gjev ringverknadar for heile befolkninga.
Med TV-aksjonen NRK 2018 kan Kirkens Bymisjon skapa møte som reddar liv. Ved å opne dører og leggja til rettes for at fleire kan møtast, skal vi visa kvifor årets TV-aksjon er viktigare enn aldri før. Vi skal tilby menneskje som opplever å stå utanfor, eit nytt fellesskap, ei seng eller ein samtale og slik bidra til at fleire får mulighet til å oppnå eigne mål og draumar.
Les meir om Kirkens Bymisjon sitt arbeid her.
Bli bøsseberar i Vikebygd!
Målet er at alle husstandar skal få besøk den 21. oktober. Til det treng vi 100 000 bøsseberar i heile landet, og 8 av desse i Vikebygd.
I Vikebygd gjennomfører vi innsamlinga klokka 15:00 – 17:00, søndag 21.oktober.
- Er du under 18 år, må du gå i følgje med ein som er vaksen
- Ønskjer du å gå saman med en ven, held det at éin av dykk registrerer seg som bøsseberar
- På halvparten av rutene kan ein gå til fots eller sykle, men sør og nord i bygda treng ein bil (gjerne ein som køyrer og ein som bankar på dørane).
Har du spørsmål om det å vera bøsseberar eller kva som skjer rundt TV-aksjonen der du bur? Ta gjerne kontakt.
I Vikebygd er Steinar Skartland innsamlingskontakt. Tlf 908 73 170.
Eller kontakt Gunnbjørg Nesbu på rådhuset i Vindafjord kommune, tlf 53 65 65 65.
Som er kommunen sin sekretær i innsamlingskomiteen.
Nye kommentarar