Godt frammøte på ei flott Song- og musikkgudsteneste
Bilane stod tett langs vegen frå kyrkja i Vikebygd og opp til hovudvegen. Ikkje alle hadde fått plass inne på parkeringsplassen, men alle fekk plass inne i kyrkja der både musikk, solosong og salmesong fylte rommet.
– Dette er ei perla av ei kyrkje, sa presten Bård Egil Dyrhol som leia gudstenesta denne dagen. Han sytte også for at kyrkjelyden reiste seg og song om Sakkeus, der også mange følgde med i dei symbolske og illustrerande rørslene med hendene. Teksten denne dagen tok utgangspunkt i «tollaren Sakkeus som gjerne ville sjå Jesus og klatra opp i eit Morbærtre«, og det fekk han, jammen. På preludium og postludium var det samspel mellom organisten Arne Tveit og sologitaristen Helge Veastad. To som vi har fått oppleva mange gonger i kyrkja vår her i Vikebygd. Ei murkyrkje med akustikk som høver godt for musikk og song. Takkofferet denne dagen gjekk til nytt lydanlegg i kyrkja, noko som vil koma godt med når vi har med oss gode song- og musikkrefter.
Under gudstenesta fekk vi duettsong av jentene Josefine Mari Skartland og Yngvild Tveit som song: «Idas sommervise» og «Drømmeønske». Etter dette var det Cathrine Nordseth som saman med Helge Veastad (gitar) og Arne Tveit (orgel) m.a. song «Håpets sang» og «I morgen er der også en dag». Iselin Eidhammer Tveit og Sunniva Tveit framførte: «Kor djup vår Faders kjærleik er» og «In Christ alone» til musikk av Arne og Håvard Tveit.
Ute var det ein grå og kjølig dag, men dei omlag 112 som hadde samla seg i kyrkja fekk varma seg både gjennom song- og musikk-innslaga og kunne etterpå samlast til kyrkjekaffi i midtgongen. Her var også vår nye sokneprest, Elisabeth Fauskanger med denne dagen. Ikkje i teneste, men som del av kyrkjelyden. Vi ser fram til å få henne med oss på fleire gudstenester utover.
Dessverre er det ikkje gudsteneste så ofte i kyrkja vår nå. Berre 10 i året. Ei så flott kyrkje, med eit godt orgel og snart eit betre musikkanlegg, bør vera eit godt utgangspunkt for at kyrkja kan nyttast til meir enn desse gudstenestene. Her ligg godt til rette for konsertar og musikkandaktar, og det er også opp til soknerådet å bruka sine gode idéar og initiativ til at det kan vera lys ofte i kyrkja.
Det kom mange gode lovord om song- og musikkgudstenesta, og eg siterer Ingrid Mathilde som var «medliturg» under gudstenesta. Ho skriv på Facebook:
– Det var godt vera på gudsteneste i dag, er glad for at me kan det. Litt skummelt med kyrkjekaffien, det var 3 twistbitar igjen til slutt.
– Arne Tveit har gjort ein kjempejobb med å «sy saman» dei ulike musikkinnslaga, og å øva med dei ulike aktørane. Det var slett ikkje lett å vera tekstlesar etter at Yngvild og Josefine Mari hadde sunge om å ønska at alle barn på jord skal få oppleve fred på jord.
Avslutningsnummer med Håvard Tveit, Arne Tveit, Sunniva Tveit Gregersen og Iselin Eidhammer Tveit.
Nye kommentarar