Tom Roger Aadland med nytt album 1. mars
Tom Roge Aadland hadde in bra start på året med singelen: «Alle dei i ei». Den vart kåra til «Ukens singel» på NPS Music! Allereie 1. mars kjem han med sitt sjuande album: Songfugl.
Ein heilt spesiell person inspirerte Tom Roger til å skriva «Alle dei i ei». Det er den tredje singlen frå rockepoeten Tom Roger Aadlands komande album ”Songfugl”, kan vi lese på NPS Music si web-side.
Dei to første singlane blei begge godt mottatt, og musikkvideoen til ”Vestland, Vestland” fekk raskt 100 000 facebook-visingar. Dette er ein flott ballade med ein vakker melodi og ein sterk tekst som også er lista på NRK P1. «Ei som kan veve draumar / Ei som kan riste meg vaken / Ei som kan sjå meg inn i auga / Ei som kjem til meg naken / Og du er alle dei i ei» syng Tom Roger om i låten, og i intervjuet du kan lesa her hos NPS, fortel han om ein heilt spesiell person i livet hans som har inspirert han til å skrive denne låta; nemleg kone hans, Eyrun, som er forskar og lege, og ein av dei fremste ekspertane i verda på tropesjukdommen: schistosomiasis. 260 millioner personer er rammet av denne sjukdomen. Eyrun og hennar forskningsprosjekt forskar på denne sjukdomen med støtte frå m.a. Bill & Melinda Gates Foundation.
Vinylversjonen
– Eg fekk ei triveleg overrasking på fredag: Vinylversjonen av «Songfugl» kom nokre dagar før tida, og ser endå betre ut enn eg hadde håpa! skreiv Tom Roger på Facebook 11. februar. Omslaget er laga av Raffaele Malanga, som har jobba med meg sidan 2007 (han har gjort cover til dei fem siste albuma).
– N.B. Det læt bra også!
”Songfugl” er produsert av Lars Voldsdal, og er det tredje albumet på rad spela inn med det same eminente bandet: Erland Dahlen (trommer, perkusjon m.m.), Tor Egil Kreken (bass, banjo m.m.) og Kjetil Steensnæs (gitarer, pedal steel m.m.). Sigbjørn Apeland spelar harmonium og hammondorgel. Eit nytt element på denne plata er bruken av strykarar (Oslo Strings).
– Vi har vore enige om at dette er eit melodisk orientert album, og har laga strykearrangement som betonar dette. Eg skriv ofte lange låtar (tekstar), men denne gangen ville eg laga eit kort og konsist ti-låtars album. ”Songfugl” klokkar inn på rundt førti minutt, og det er personleg rekord! Dei som har høyrt heile albumet, seier det er det lysaste eg har laga, fortel Tom Roger til NPS.
Nye kommentarar