

by Steinar Skartland · 14. mai 2018
Vi gratulerer konfirmantane som stod i kvite kappar i Vikebygd kyrkje søndag 13. mai. Dei var heldige med ei fering som kunne skje på ein varm vårdag med grøne plenar og utsprungen bjørk.
Dei kom inn i kyrkja i ei lang rekke berande på dei ulike tinga som presten skulle bruka, m.a. i dåpen som også skulle vera i denne gudstenesta. På alle benkene sat festkledde familiar, gjester og bygdefolk som ville feira konfirmantane denne dagen. Undergudstenesta var konfirmantane plassert på ei stolrekkje i midtgangen. Så vart ein etter ein kalla fram. Fekk korsteiknet i panna med vatn frå døypefonten medan det vart tend ei lys for dei i lysgloben. Så knela dei ned til forbøn på alterringen. Sokneprest Jon Ådnøy bad for kvar einskild av dei, før dei igjen kunne setja seg.
Etter gudstenesta skulel dei til ulike feiringar med familie og gjester.
Vi gratulerer dei med konfirmasjonen og ynskjer dei alt godt vidare i livet.
Årets konfirmantar i Vikebygd var:
Martine Rugtveit Bjørnevik, Ole Johan Espeland, Eline Fostenes, Vilde Isabel Langhelle, Martine Larsen, Elèn Tjoflot Nes, Stine Tjoflot Nes og Fredrik Sundve.
–
Konfirmasjonsgudsteneste i Vikebygd
Flaggheising v/speidarane i parken: 09:45
Gudsteneste i kyrkja kl. 10:00
Tale og kransenedlegging ved minnestøtta 10:50
Folketog frå kyrkja til bygdahuset kl. 11:00
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar