SØK-midlar til Vikebygd
No kan du igjen søkja om økonomisk støtte hos Vikebygd Grendeutval.
Grendeutvalet skriv på vikebygd.no at dei (VGU) igjen har fått ansvaret for å fordela SØK-midlar til beste for bygda. For 2018 blei Vikebygd tildelt kr 72.000,-.
Det er mogeleg å senda søknad til: post@vikebygd.no
Søknadsfristen er sett til 15.03.19
Bakgrunn:
Skånevik Ølen Kraftlag AS har inngått partnarskap med bygde- og grendelag i konsesjonsområdet gjennom å tilføra årlege tilskot til desse laga. Difor kan du nå søkje om midlar til prosjekter, aktivitetar eller arrangement i lokalmiljøet i og rundt Vikebygd som er til felles glede og nytte for flest mogeleg av bygda sine innbyggjarar.
Midlane skal gjennom økonomisk støtte leggja til rette for god aktivitet innan:
- Anlegg og forsamlingshus
- Barne- og ungdomsarbeid inntil 16 år.
- Kulturarv- og sogearbeid
Grendeutvalet har allereie fått fleire forslag til prosjekt og aktivitetar.
Vikebygd Grendeutval har i tillegg laga nokon eigne kriterier i forbindelse med tildeling av midlar. Desse finn du her –>
Korleis søkja om pengar?
Søknaden må innehalda ei enkel prosjektbeskriving og kronebeløpet det vert søkt om. I større prosjekt må det visast til eit budsjett, ein plan og namn/kontaktinfo til prosjektansvarleg.
Søknadsfristen er sett til 15.03.19 og tildeling skjer normalt fortløpande gjennom året så langt pengene strekk til.
Søknad skal sendast til Vikebygd Grendautval via e-post: post@vikebygd.no
Sjå elles pkt. 7 i kriteria.
Nye kommentarar