
Julekonsert med Cantus Vitale
Haugesundskoret Cantus Vitae hadde ein flott kyrkjekonsert i Vikebygd 9. desember.
Koret Cantus Vitale er frå Haugesund, men dirigenten har hus i Vikebygd, så vi har litt del i dei. Takk til koret for at dei valde å leggja julekonsert til kyrkja i Vikebygd. Dei øver i Udland kirke til vanleg.
Konserten i kyrkja laurdagskvelden fekk fram både advent- og julestemning. Takk for flott musikk og song av: Haugesunds-koret Cantus Vitale; Lina Fisk Eide til musikk av Lars Johannes Leiknes; duoen Hanna Frøvik Svendsbøe og Rut Jøri Eidhammer Mangrud; og opningsmusikk ved Arne Tveit (orgel) og Helge Veastad (el.gitar). Cantatus Vitale slutta av konserten med eit musikalt ynskje til oss alle: We Wish You a Merry Christmas and a Happy New Year.

Også unge og lokale talent deltok under konserten. Her er det Rut Jøri Eidhammer Mangrud og Hanna Frøvik Svendsbøe song duett under konserten, til musikk av Lars Johannes Liknes.


Lina Fisk Eide
Nye kommentarar