Fullt hus då Julekoret med fleire hadde konsert i Skjold 17.12.
Det var fullt til siste plass i Skjold kyrkje søndag 17. desember. Julekoret var sett saman av glade songarar frå fleire bygder i kommunen. Dei fekk hjelp av både barnekor, ulike songgrupper, musikarar og solistar.
Koret hadde 39 gode songarar og det vanka ikkje på applaus frå salen til den gode songen dei framførte i mange ulike songnummer.
Det yngste koret var sett saman av Vindafjord Soul Kids og Soul Childeren som hadde fleire unge solistar på songane. Den eine heitte «Under Stjernene» med solistane Hannah, Una og Rebekka.
Gamma Groove Collective med Jonas Berentsen, Jakob Berentsen, Marcus Roe og Sindre Roe.
Fullt i kyrkja der konsertarrangørane hadde profesjonell lyd og lyssetting, her medan Gamma Groove Collective med Jonas Berentsen, Jakob Berentsen, Marcus Roe og Sindre Roe får utfolde seg med Jul i Rothålo; Run, Run, Rudolf; og meire til.
Vegard Skartland og Vendel-Agate Hide framførte m.a.: Det hev ei rosa sprunge, til musikk av Arne Tveit.
Til neste nummer spela Vegard sjølv piano på: Når himmelen faller ned.
Ellers deltok også Barnekoret frå Skjold, Vats og Vikebygd og fleire andre under konserten.
Nye kommentarar