Stemne på Vikestølen søndag 26. juni kl 12:00
Tradisjonen med stemne på Vikestølen tok til i år 1900 og dette har halde fram årleg. Det tok til som eit felles stemnemøte for bygdane: Vikebygd, Bjoa, Ølen, Skjold og Vats, men her har alltid samlast folk frå eit mykje større distrikt på Haugalandet og Sunnhordland. Det vonar vi også i år.
Til det årlege «Vikestølsmøtet» søndag 26. juni kjem Geir S. Toskedal som hovudtalar. Stemnemøtet tek til klokka 12:00. Etter første møtet blir det ei matøkt der vi oppfordra folk til å ta med seg niste i sekken.
Så blir det eit nytt møte kl. 14:00. Om vêret er godt så vert det friluftsmøte, men elles kan vi også vera inne i hytta. Eit styre med representant frå kvar av kyrkjesokna Vikebygd, Skjold, Vats, Ølen og Bjoa lagar til møta, slik dei har vore frå år 1900. Men velkomne er folk frå eit større område. Å gå opp til Vikestølen tek ca 45 min. frå Eikås på Bjoa eller litt over ein time frå Vikebygd.
Me ønskjer alle Velkomne.
Les om tidlegare stemne på Vikestølen gjennom over 120 år: «Vikestølsmøtet«
Minnesmerket (støtta på Vikestølen).
I 1913 tala Sjur Espeland, Hans K. Dommersnes og Lars Dommersnes om at det skulle ha vore eit minnesmerke på stølen. Dei gjekk straks frå ord til handling. Lars J. Dommersnes tok ¨på seg kostnaden med minne-støtta. Dei tinga støtta hjå Laksevåg verk, Bergen. Hans K. Ordna med tekst til støtta. Det står:
År 1900 samledes vennerne fra 5 sogne til det første opbyggelege stevnemøte på Vikestølen. Kommer hit til meg alle I som arbeider og er besværede og jeg vil gi eder hvile. Mat. 11, 28
Men det var inga lett sak å få denne minnetavla på plass. Osmund og Marta Vik kjørte tavla på vedaslede opp til Kleivane. Hans K. Dommersnes tok så over og kjørte vidare til Buasteinen. Frå Buasteinen vart tavla lest over i båt og rodd til enden av Langevatn. Sterke karar leste så over på ei båre og bar tavla oppover bratta til Vikestølen. Det var tunge tak. Tavla vog 190 kg. Om våren fekk dei vegformann Paul Valen til å mura ein firkant av stein, der tavla vart plassert. Alt arbeid var gratis. Elisabet Simonsen kokte for arbeidsfolket under arbeidet. Minnestøtta stod i denne stand til 1964. Då heldt muren på å ramla. Bertin Alna reparerte muren og fekk festa med sement.
Også seinare har ein hatt dugnad på å utbetre fundamentet «varden» som støtta står på.
Les også i heftet: Vikestølsmøte 1900 – 2000
Avtale med idrettslaget i 1967
Flaggstonga kom opp til Vikestølsmøtet i 1967
Vikestølsmøtet 2021:
Vikestølsmøte i 2010:
(Teksten er frå førehandsomtalen i 2010, men biletet er frå 2009.)
Nye kommentarar