Flott dugnad og lotteri på bedehuset
Arne Tveit har fått med seg ein god dugnadsgjeng gjennom fleire dagar. Bedehuset er vaske, skrape og malt. Det skal fleire strøk til før dette er ferdig, men flott vêr har gjort at arbeidet har gått bra. Så blir det litt meir som må gjerast over helga.
Lørdagens dugnadsgjeng med ein velfortent pause i arbeidet med maling av bedehuset i Vikebygd. Ennå litt igjen til måndagen. Samtidig var det loddsal og basar frå eit bord utanfor bedehuset. Lodd har ein kunna kjøpt på VIPPS og i bøker heile veka, men det meste kom inn på VIPPS denne gongen.
Vikebygd bedehus sitt lotteri 2021 er no avslutta og trekninga er ferdig! skriv Berit som har oversikt over økonomien i bedehuset. Rundt 24 personar tok turen til «køyr/gå-gjennom/forbi-lotteriet» og fekk seg ein kopp kaffi og litt drøs.
Me fekk inn 20.570 kroner. Det er eit godt tilskot til måling, ny varmtvannstank og røyr for varmt vatn til toalettromma. Tusen takk til alle som kjøpte lodd og alle som ga gevinstar!
Dei fleste gevinstane er allereie levert, eller er avtalt henta. Det ligg nokre gevinstar att på bedehuset som vinnarane kan hente måndag 31.5. frå kl 18.00 til ca 20.00 når det er måledugnad der.
Måndag 31.5. frå kl. 18.00 er det siste innspurt i målinga av bedehuset. Det er sørveggen som skal bli kvit og fin att då. Ta gjerne kontakt med Arne på tlf på 91318577 om du vil bli med då.
Nye kommentarar