Takk frå Vikebygd kyrkje til Eldbjørg Andreassen
Eldbjørg Andreassen fekk møta ei fullsett kyrkje i Vikebygd på si siste gudsteneste som prostiprest. Det vart julegudstenesta som også i år hadde korpsmusikk både til julesongar og framføring . Oppe på galleriet sat Helge Veastad og spela sologitar saman med kyrkjeorgelet til ein av songane, der Arne Tveit hadde hand om tonane. Framme i kyrkja var korpset sessa og gledde folket med hornmusikk av høg kvalitet.
I det store og heile ei familiegudsteneste slik vi er vane med å ha det på juleafta.
Etter kunngjeringane retta medliturg Brit Nelly Ness Tveit takk til alle som deltok, men særleg til Eldbjørg Andreassen for dei mange gudstenester ho har fått møtt Vikebuen gjennom dei 3 og eit halvt åra ho har gjort teneste i prostiet. Ei lita avskjedsgåve høyrde med før Eldbjørg hadde ein liten takketale til bygdefolket. Kanskje ser vi henne igjen som vikar for soknepresten av og til og i framtida?
Det var ei flott høgtidsgudsteneste der over 200 vikebuar starta julefeiringa. Festkledde stemde dei i på julesongane til musikk frå korps og kyrkjeorgel. Vi er heldige i Vikebygd som har så mange og gode musikkrefter. Fleire av dei er blitt kjende og har lang karriere bak seg med opptredenar. Korpset sin faste dirigent, Andreas Ulveraker. Han er også kjend frå sildajazz og Bytunet Antikvariske Jazzensemble. Andreas har fått inspirert og leia korpset i mange år, noko vi set stor pris på. Korpset stilte også opp på julekonsert i kyrkja i desember.
I år var det prostiprest Eldbjørg Andreassen som hadde ansvar for gudstenesta. Frå nyttår av blir ho pensjonist. Du kan lesa hennar avskjedshelsing i kyrkjebladet Hyrdingen (desember utgåva).
Ved utgangen vart det teke opp offer til Stefanusborna, som er Vikebygd og Skjold sitt felles misjonsprosjektet
Les meir om julegudstenestene som var i 2016, 2015, 2014.
Sjå kva anna som skjer i kyrkjene i jula
Eldbjørg takkar for seg.
Kjære kyrkjelydar i Skjold, Vikebygd, Bjoa, Ølen, Sandeid, Vikedal, Imsland og Vats!
I 3 og eit halvt år, sidan første gudstenesta i Imsland 17. mai 2014, har eg fått vore prostiprest i Vindafjord. Det kunne ha blitt ei litt heseblesande, upersonleg erfaring – med 8 kyrkjer og kyrkjelydar å ha teneste i og for. I staden ser eg attende på ei mengd givande møte med gode folk; samlingar i heimar og i kyrkjene. Overalt har eg kjent på Guds nærvær og velsigning.
No seier eg takk for meg etter gudstenestene i Bjoa og Vikebygd 24. desember. Frå 1. januar er eg pensjonist og ser fram til det. Men først vil eg takke for fine år og gode opplevingar.
Takk til prestekolleger og alle andre tilsette som har lagt alt til rette; gjort det lettare å «hoppe inn» i 8 sokn – og berre vore til inspirasjon og oppmuntring. Nokre har eg hatt gudstenester saman med – gode minne!
Takk til alle som møtte meg i kyrkjene kvar gong – som klokkar, kyrkjetenar eller kyrkjevert. Og de som sto for kyrkjekaffi eller ba inderleg for meg og andre før kvar einaste samling. Alle gjorde de gudstenester og andre kyrkjelege handlingar tryggare, varmare, rikare.
Takk til dei tilsette i Ølen gravferdsbyrå – dei har vore til støtte og hjelp ved nesten alle gravferder. For meg som ikkje var kjent i Vindafjord frå før, gjorde det ein stor skilnad.
Takk til kvar og ein eg har møtt – ved gudstenester, gravferder og bryllaup. Takk for alle samtalar, for tillit og nærvær. For dåpsbarn eg har fått leggje i Guds hender, gode blikk ved nattverdbordet, fine stunder under kyrkjekaffien. Summen av alt: Samvera med dykk har vore fulle av meining; i glede, sorg og gudstenestefeiring.
Kanskje møter eg mange av dykk igjen – som vikar; i så fall vil det vere rein bonus! No ynskjer eg dykk alle gode dagar; fram mot jul og i tider som kjem. Ta vare på kvarandre og på gode møteplassar – det gjer livet rikare!
Varm helsing
Eldbjørg (Andreassen)
Nye kommentarar