Mange har funne fram ski og vinterutstyr for å nyta vinteren i fjella våre. Søndag 31. januar var mange vikebuar på veg opp til Vikestølen frå Eikås på Bjoa.
Andre nytta løypene frå Opheim til Olalia eller lysløypene mellom Opheim og Fjellstøl.
Oppover til Olalia frå Oppheim og Fjellstøl
Heilt fantastisk flott. Og så mykje folk i alle aldrar som er ute i løypene nå!
Når eg renn nedover mot bilen i skumringa møter eg både familiar med ungar og pensjonistar på veg oppover. Må berre halda godt til høgre for å gje plass til alle ungdommane som kjem oppover med skjøytestil. Treng heile breidda, men eg har tid til å vika. Ein del har hodelykter. Dei skal nok lengre enn i lysløypa.
Under ferda forbi bålpannene som Friluftsrådet har sett ut, ser eg familiar som har teke med seg vedkubbar i sekken. Fyrt opp og steiker pølser til kakaoen. Fantastisk flott at borna får oppleva dette her, nær der me bur. Treng ikkje gå langt for å få ein fin tur. Kanskje vandra til fots, Blå himmel, glitrande snø på bakken. Den knitrande lyden under skorne når temperaturen er nede under -10. Lyset i vest når sola har duppa ned under horisonten. Det er ei oppleving for dei som vågar seg ut. Å kunna ta seg ein tur i tilrettelagde løyper med oppkjørt spor og attpå til lysstolpar. Då kan vi nytta kveldane. Kan berre sei: Takk for at vi får oppleve denne fantastiske vinteren ennå ein gong. Utan regn og slaps. Sydvest er ikkje noko for meg.
Skulle gjerne sett at det var mogeleg å kjøpa seg ein tallerken ertrasuppa på hyttene i Olalia og Fjellstøl. Men vi må aksepter at koronatiltak ikkje opnar for det. Får heller ha med litt i sekken. Pølse til grillen, quicklunsj, klementiner, kakao og kaffi. Kunna setja seg litt ned og preika med kjenningar som kjem forbi. Fretta nytt frå nabobygdene. Eller som på søndag då den rette plassen å treffa vikebuar, var på Vikestølen. Her gjekk dei i flokk og følgje, på ski frå Eikås.
Nokre vandra vidare på ski langs vegen ned Feiensbrekka, langs Longavatnet og vidare mot Djupava. Kanskje det høver å nynne ei strofe frå songen: “Det kan ei forklares, men må blott erfares.”
Vi kryssar fingrane for at tela tar knekken på brunsnigelen og flåtten. Det vil sommaren visa når den kjem. Men enn så lenge så kosar vi oss i knusktørt vintervêr og spenner på oss skia til endå ein tur og slår av ein prat med kjenningar frå Bjoa og Ølen som eg ikkje har sett på lenge.
Frå ca. kl. 18.00 til kl. 20.00 vil det siste onsdag i månaden i september, oktober, november, januar, februar, mars, april og mai vera fyr i omnen og servering av nykokt kaffi på Longåsdalshytta.
Gudsteneste i Vikebygd
Dato: 29. mars 2024
Tid: 11:00
Stad: Vikebygd kyrkje
Pasjonsgudsteneste, takkoffer: Sjømannskyrkja
Gudsteneste i Vikebygd
Dato: 29. mars 2024
Tid: 11:00
Stad: Vikebygd kyrkje
Pasjonsgudsteneste i Vikebygd kyrkje,
Takkoffer: Sjømannskyrkja
Gudsteneste i Skjold kyrkje
Dato: 31. mars 2024
Tid: 11:00 - 12:00
Stad: Skjold kyrkje
Høgtidsgudsteneste, takkoffer: Det Norske Misjonsselskap
Gudsteneste i Skjold
Dato: 31. mars 2024
Tid: 11:00
Stad: Skjold kyrkje
Høgtidsgudsteneste i Skjold kyrkje,
Takkoffer: Det Norske Misjonsselskap
Gudsteneste
Dato: 7. april 2024
Tid: 11:00
Stad: Skjold kyrkje
Fellesgudsteneste Skjold-Vats-Vikebygd,
i Skjiold kyrkje,
Takkoffer: Kirkens Nødhjelp
Mat og prat på bedehuset
Dato: 10. april 2024
Tid: 19:00
Stad: Vikebygd bedehus
Mat og prat på bedehust, alle velkommen
Gudsteneste i Bjoa kyrkje
Dato: 14. april 2024
Tid: 18:00
Stad: Bjoa kyrkje
Ung Messe Ølen og Bjoa,
i Bjoa kyrkje kl. 18:00
Takkoffer: Frelsesarmeen Haugesund
Møte: IMS v/Kåre Johan Hamre
Dato: 24. april 2024
Tid: 19:30
Stad: Vikebygd bedehus
Møte på bedehuset: v/Kåre Johan Hamre
Indremisjonssamskipnaden
Alle velkommen
Konfirmasjonsgudstjeneste i Vikebygd
Dato: 28. april 2024
Tid: 11:00
Stad: Vikebygd kyrkje
Konfirmasjonsgudsteneste i Vikebygd,
Takkoffer: Trusopplæring i Skjold, Vats og Vikebygd
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar