Skjold og Vikebygd sokneråd
- andre året i fellesskap
av Steinar Skartland
30.3.2017
Det første året Vikebygd og Skjold hadde felles sokneråd, var leiaren Kari
Synnøve Velde Haugen frå Skjold. Leiaren vert vald for eitt år om gangen, og for
2017 er det Brit Nelly Ness Tveit frå Vikebygd som har teke over leiarrolla.
På årsmøtet, som vart halde i Vikebygd kyrkje 5. mars la dei fram felles
årsmelding for dei to sokna. Den kan du lesa
HER, og finna ut meir om denne gode aktiviteten som har vore i sokna.
Soknerådet for Skjold og Vikebygd oppsummerer vegen vidare slik:
"Soknerådet opplever at samanslåinga mellom dei to sokneråda har vore
vellukka. Det er likevel ei utfordringa at det er to ulike kyrkjelydar me
representerar og skal utvikle.
Soknerådet vil i det kommande året ha fokus på trusopplæring. Me har eit håp om
å skape engasjement og inspirasjon rundt dette. Det er utarbeida ein fyldig og
god plan for arbeidet med aldersgruppa 0-18 år som me no treng å få litt "under
huden" og føla eigarskap til. Mange av opplegga som er skisserte i planen bygger
på frivillighet og at folk i kyrkjelyden stiller opp der dei kan. Likninga om
treet og greinene blir veldig aktuell her! Me treng både bollebakarar,
musikantar og vaktmeistrar, -og målet er at borna og ungdommane skal få erfare
og lære om tru, håp og kjærleik. Det blir herved gitt ei sterk oppfordring til
kvar og ein... Dette med trusopplæring MÅ vera eit fellesprosjekt for alle
medlemmer i kyrkja, berre slik kan me ha von om å nå dei oppvaksande
generasjonane!
Last ned årsmeldinga her
|
|
|
Påsken er saman med jula den mest sentrale av dei kristne høgtidene, og
vert feira til minne om Jesu Kristi liding, død og oppstode. Forut for
påsken vert fastetida markert.
Tida mellom palmesøndag og skjærtorsdag vert kalla den stille veka.
Etter påskesøndag kjem påsketida, som varer fram til pinse. Ordet påske er
ei forvansking av namnet på den jødiske høgtida pesach. Jødane har feira
påske lengre enn dei kristne. Dei feira utvandringa frå fangenskapet i
Egypt.
Les om påske og kva påskedagane betyr
|
|
|
Konfirmantane stod for fasteaksjonen
Fasteaksjonen 2017 i Vikebygd vart gjennomført tysdag 04.04. Det vart
samla inn kr 11 700.
- Tusen takk til konfirmantane som deltok med å gå med bøsser til
kvar husstand i bygda. Takk til foreldre som hjelpte med å frakte
ungdomane rundt i bygda (bygdene)
- Tusen takk til bygdefolket som tok imot og ga pengar!
Du kan lese om resultata for aksjonen på
http://fasteaksjonen.no/resultater
For Skjold og Vikebygd sokneråd
Brit Nelly Tveit
|
|
Statistikk:
Pr. bøsse:
2016: kr 1070,- 12 bøsser
2017: kr 1300,- 9 bøsserInnsamla total:
2015: kr 12.096,-
2016: kr 12.846,-
2017: kr 11.700,-
Årets beløp sikrar reint vatn til 59 menneske.
Landsoversikt 5.4.17:
kr 18.887.132,- |
Pengane
som konfirmantane i samlar inn i fasteaksjonen går til Kirkens Nødhjelp
sitt arbeid. Dei skriv:
- Vatn gjev liv, til planter, dyr og menneskje. Men
vatn kan også ta liv, om det er ureint og forureina. Det er derfor
Kirkens Nødhjelp jobbar kvart år, kvar veke og kvar dag for å gjere
reint vatn tilgjengelig for fleire.
Du kan støtte Fasteaksjonen ved å
sende SMS GAVE (200,-)
eller vippse valfritt beløp til 2426.
Eller gi via Kirkens Nødhjelp si
nettside, her.
|
|
Les også andre
nyheiter frå Vikebygd |
Sjå gamle
bilete her |
Likar du Vikebygd.org?
Følg med på
Twitter
Totalt
117.003 besøk på
vikebygd.org i
2016. |
Gå
til hovudsida for Vikebygd
|