

by Steinar Skartland · 25. november 2017
På Julemessa i Vikebygd laurdag 25.11. vart det offentleggjort at laget Vikebuen har kåra Rune Hetland til Årets Vikebu 2017.
Kåringa vert grunngjeve slik:
Aktiv i politikken både i tidlegare år – og i dei siste åra tilbake igjen for fullt.
Tidlegare innsats i Grendautvalet og som ein av frontfigurane i idrettslaget har han gjort sitt for både unge og eldre. Ein pådrivar for idrettshalen, og med å leggja til rette for auka aktivitet hos fleire.
Nær sagt å rekna for «Vikeputtens far» – ein cup som er viden kjent i heile indre Haugalandet.
Ein stødig kar som gjennom åra har jobba til beste for bygda, og ikkje minst for ungdommen, på fleire arenaer.
Rune Hetland var ikkje sjølv tilstades på julemessa under kunngjeringa. Difor vart det svigermora, Ruth Svendsbøe, som måtte vera stand-in og ta imot diplomen på vegne av Rune. Konferansier på scenen var Aud Jorunn Tordal, som også hadde æra av å lesa opp grunngjevinga og overrekkja heideren.
Flaggheising v/speidarane i parken: 09:45
Gudsteneste i kyrkja kl. 10:00
Tale og kransenedlegging ved minnestøtta 10:50
Folketog frå kyrkja til bygdahuset kl. 11:00
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar