Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

Til hovudsida

Julemessa 2013 og kåring av Årets Vikebu

Sida er sist endra 4. jan. 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift
 
Julemessa korpsetÅrets VikebuAstrid Mortveit Lefsebaking og handverk, web

Bygdefest, musikk og underhaldning, salsboder, kafé og prisen: 'Årets Vikebu'
Arrangert av laget: Vikebuen.
av Steinar Skartland 30.11.2013

Musikk fekk setja sitt preg på julemessa
- Nå kan vi igjen kalla dette for Skule- og Ungdomskorps, sa dirigenten og korpset sin store inspirator, Andreas Ulveraker.  Han dirigerte og leia 14 ungdommar og 7 vaksne musikkantar gjennom fleire nummer og ei rekkje kjende negro spirituals. Det er fantastisk flott å høyre på eit samspelt korps som fyller salen Seks unge aspirantar til korpsetmed musikk. 

I ei tid der mange korps vert lagde ned, så kan dirigent Ulveraker vise fram seks unge aspirantar som fekk stå fremst og spela som solistar i eit eige nummer. Kva er det som gjer at musikken dreg til seg born og unge i ei bygd der tilboda er så mange?  Ja, mange av dei unge finn vi igjen i både speidar, idrett og musikk.  Er det førebilete frå dei litt vaksnare som skaper engasjementet?

 

 
Astrid MortveitAstrid Mortveit, eit nytt songtalent frå Vikebygd.
Etter at konferansieren, Solveig Hortman, hadde opna og ynskt bygdefolk og seljarar velkomne til årets julemesse i Vikebygd, var det sølvvinnaren frå musikkonkurransen: Stjernå, som fekk overta scenen. Astrid Mortveit har ei stemme som imponerte der ho framførte fleire songar til akkompagnement av Arne Tveit.  Ho føyer seg inn i rekkja av etter kvart mange frå Vikebygd som har gjort seg godt synlege i det musikalske landskapet.

På messa kunne ein også få kjøpa CD'ar av Tom Roger Odland som etter kvart har vorte kjend både i inn og utland etter turnear og konsertar.


29 utstillarar med salsboder
I fleire av salane var det utstillarar der handverk dei sjølv hadde laga var til sals.  Omsetnaden gjekk godt for alle og mange bar heim julegåver som snart skal under treet.  Men her kunne ein også få kjøpa ulike matrettar. 

Gunn Vikingstad og Ola Harald Alne har gjort det til ein tradisjon å tilby nysteikte Tjukkasar.  Her gjekk baking og sal hand i hand.  Sirupskrukka stod framme for dei som ville ha det på toppen.


Inne i Litlesalen var kafédrifta i full sving.  Hilde Fredriksen var ei av Vikebuen sin damegjeng Hilde Fredriksen tok seg av grautgrytene på kjøkkenet.på kjøkkenet der fleire store grautgryter skulle rørast i og ausast opp frå. 

Risgraut med saft, pølser i brød eller kaffi og kaker var menyen.  Og kaker er noko Vikebygd er kjend for gjennom mange år.  Ikkje berre frå det skillingsbollane som vert baka i det gamle Plassabakeriet ein og annan laurdag, men ved alle arrangement så stiller folk i bygda opp og bakar blautkaker, sjokoladekaker, marsipan-kaker eller andre deilige kaker.  

Den tid ein hadde det årlege Kvamsåsen Rundt løpet (siste gong i 2009) marknadsførte dei seg nettopp med eit Vestlandet sine beste utval av kaker i kaféen.  Om løpet er lagt ned, så lever bakekunsten like godt i bygda.  Laget Vikebuen (der me mannfolk ikkje har tilgang) har til og med gitt ut si eiga kokebok med rettar frå heimane i bygda.  Ingrid Mathilde Sørvåg stod for salet av denne boka.

Lefsebaking ein tradisjon
Det var vanleg tradisjon i bygda før at konene fyrte opp i fyrgryta og steikte lefser.  Det hende fleire samla seg i same hus, der baksten gjerne føregjekk i kjellaren.  Lefsene var tørre for å kunna halda seg gjennom store delar av året i ei tid der ein ikkje hadde fryseboks og kjøleskåp. Lefsebaksten var ein tradisjon dei også tok med seg til USA under utvandringane dit.  Talet på ulike lefseoppskrifter er vel ikkje større nokon plass enn i Midtvesten, der mange Nordmenn slo seg ned.  Og ordet "Lefse" lever i det amerikanske språket, i lag med ord som "Uffda Shop".  Eg spurte om dette ein gong.  Kva har det namnet å gjera i Amerika.  - Jo, svara dei, -bestemor frå Noreg bruka å seia "Uffda".  Vi veit ikkje kva det betyr, men synes det høvde på ei butikkjede som sel skandinaviske varer.


Det er ikkje alle heimar der lefsebakst tradisjonen lever lengre.  Då er det godt å treffa bakarmeister Jan Arne Tjomsland på julemessa.  Den pensjonerte bakarmeisteren frå Tysvær har rigga til eit bakeri i kjellaren heime.  Denne har han også sytt for godkjenning på til å driva bakeri.  På julemessa kunne ein både få kjøpa pakkar med tørre lefser og ferdig smurte
Reidar Bjordal med juletrelefser.  Desse siste kunne ein frysa ned og ha som julemat.

Juletre frå Svendsbø
Det første som møtte folket på veg til julemesse var Reidar Bjordal med bålpanne og juletre.
-Desse trea held seg godt til jul om dei står ute, meinte han.  Men om ein treng juletre litt nærare jul også så har han rikeleg å ta av på garden på Svendsbø i Sørabygda.


Torfinn og AslaugAllsidige handverkstradisjonar
Julemessa hadde rikeleg utval av tradisjonelt handverk. Torfinn Dommersnes hadde med mykje av sitt flotte trearbeid og hos Aslaug Dommersnes kunne ein få pyntekransar til å plassere på Produkt frå Espen Årvik si smie.gravene før jul.

Mange hadde strikka og hekla, så her kunne ein sikra både seg sjølv og familien med varme lubber, luer og vottar.  Men at det i Årvik er ein smed med eiga smie, det visste kanskje ikkje alle.  Espen Årvik produserer handsmidde produkt, smidd i kull-esse. Desse var til sals saman med eit stort utval strikka-produkt frå bestemora, Asseline Årvik.
 
Regine Skjold Müller

Regine Müller hadde som hobby å dekorera esker som ho m.a. selde med sjokolade-innhald i.  - Eg heitte Skjold heilt fram til for tre veker sidan, då gifta eg meg, fortalde ho smilande og synte fram dei mange flotte produkta ho hadde. 


Knut Eriksen frå Skjoldastraumen tok til på eit dreiekurs i 1999 for å ha ein hobby når han vart pensjonist.  Så har dette utvikla seg og i 2002 tok han til med å laga knivar. Mange som tek til med denne hobbyen kjøper knivbladet og lagar slire og skaft sjølv, men ikkje Knut. Også knivblada er hans verk. - Eg brukar 3 mm fjørstål i midten og jern frå 3 mm vinkeljern på kvar side av dette, fortel han.  Stålet blir så varma opp og klinka saman før han formar det til det knivbladet som etter kvart skal slipast og monterast inn i flotte skjefte som han lagar av tre og slirer av lær. Klinkinga gjer han til det får den tjukna som bladet skal ha.  Då set det godt saman. - Eg kjøper læret frå Granberg Garveri, men det er eigentleg importert frå utlandet, fortel Knut og fortel kva som er viktig for å få til rett materiale for ei slire.  Gjennom året reiser han på fleire messer og skal neste søndag selja på Gamle Slaktehuset i Haugesund og i Aksdal. 

Programmet for julemesse og liste over utstillarane 2013.

Årets Vikebu
Laget Vikebuen kunngjorde i slutten av julemessa at styret samrøystes hadde vedteke å tildela tittelen som Årets Vikebu til Steinar Skartland for arbeidet med nettside for Vikebygd.
 

Julemessa korpsetÅrets VikebuAstrid Mortveit Lefsebaking og handverk

Klikk her for å lese meirÅrets Vikebu 2013
– Steinar Skartland
av Solveig Hortman,
for laget Vikebuen


Det kom inn mange gode forslag på kandidatar til Årets Vikebu.

Steinar Skartland er den som i år får prisen. Han får den for alt han gjer for at vi i Vikebygd skal bli sett ute i verda gjennom å leggje dette ut på vikebygd.org. Fastbuande følgjer med på kva som skjer, og brukar sida aktivt til å informere om det vi treng få ut informasjon om.  Vikebuar som har flytta herifrå er innom sida for å halde seg oppdatert og hyttefolk som brukar bygda vår som rekreasjonsplass kan lett på sida til Steinar ta ei avgjersle på kva dei skal finne på i helga. Steinar får oss alle til å blomstre, vi skinner langt utover bygda sine grenser.

Steinar stiller på alle arrangement som er i bygda vår og før vi er kjem heim har Steinar rukke å leggje bilder og artiklar ut på Vikebygd.org. Han er heilt unik.

Både kyrkja og bedehuset har også stor glede av Steinar. Han stiller opp og er ofte å sjå på kyrkjebenken.

I tillegg til dette er Steinar også aktiv i politikken og er ofte å sjå i ordførarstolen i Ølen. Han er varaordførar har fleire verv i det politiske liv.

Vi får og historiske betraktningar om kva som har vore i bygda i gamle dagar. Dette set mange stor pris på og bilder som er kome fram i lyset gjennom sida til Steinar går rundt bordet på biblioteket hos Anita og Jakob med høglydt diskusjon om ”kven er det, det er ….”.
 

Steinar Skartland med diplom og krystall som teikn på Årets Vikebu. Her saman med Solveig Hortman som overrekte prisen. Vikebuen vil på vegne av alle i Vikebygd,
og mange utanfor bygda Gratulere Steinar Skartland med tittelen "ÅRETS VIKEBU". Hipp, Hipp, Hurra!!

15. november var fristen for å komme med forslag.  Styret hadde styremøte den 30. oktober kor forslag så langt vart gjennom-gått.  Innstillinga vart vedtatt då fristen gjekk ut, 15.oktober. Alle forslag vart grundig vurderte og Steinar Skartland var den som peikte seg ut som verdig vinnar.

Vikebuen sitt styre takker alle som kom med forslag til kandidatar. Det er hyggelig at folk er engasjerte. Til neste år er det kanskje din tur til å bli heidra som Årets Vikebu.
 

 

Julemessa korpsetÅrets VikebuAstrid Mortveit Lefsebaking og handverk


Takk

Eg vil retta ei stor takk til dei som synte at dei sette pris på arbeidet med webside for Vikebygd, ved å føreslå meg til ærestittelen: Årets Vikebu 2013.  Ei takk også til alle som har gratulert meg.  Eg set svært stor pris på dei gode orda og tilbakemeldingane frå kvar og ein.

Mi oppgåve har vore å få lov til å peika på litt av det flotte, frivillige arbeidet som vert gjort av mange i bygda. Skriva litt om det på internett. Vonar ikkje at nokon har følt det støytande at eg har teke bilete og lagd ut. Skulle så skje, så ta gjerne kontakt så skal eg ta bort dei bileta det gjeld eller retta det som måtte vera feil.  

Det er mange i Vikebygd som utmerkar seg på ulik vis.  Difor vil eg også seia takk til deg for det du gjer for Vikebygd.  Det er mange i bygda som fortener ein pris.  Om kvelden, fredag 9. desember, fekk vi oppleve korleis ein del av folket i bygda kan gjera andre glade med det dei kan.  At korpset stilte opp og spela utanfor døra til Per som hadde fødselsdag, rørte nok både han og dei andre som var til stades. 

At vi har mange lag og lokale organisasjonar som står på for born, ungdom, vaksne og eldre.  Det er flott!  Det skaper samhald og trivsel.  Så til deg som deltar, synleg eller i det stille: 

Tusen takk.  Og God Jul.

Helsing
Steinar Skartland

Les også i Grannar eller på vikebygd.org  


Årets Vikebu
Vikebuen 26.9.2013

Klikk her for å lese meirVikebuen ynskjer å gjere stas på alle dei som gjer så stor innsats for bygda vår. I fjor starta dei difor ein tradisjon for å synliggjere dette.

Tittelen: "Årets Vikebu" vart for første gong utdelt i 2012. Dei som ble då vart
heidra var Liv og Thomas Bakkevig. 

Nå ynskjer Vikebuen igjen innspel frå folk i bygda for å finne ein verdig kandidat til tittelen: "Årets Vikebu 2013," og kjem med utfordringa:

-Har du forslag på nokon som fortener ekstra heider?  Ta kontakt med en av oss i styret i Vikebuen, eller send ein e-post til vikebuen@outlook.com, skriv styret i laget Vikebuen, og peikar på at forslag må innehalde: namn og nokre ord om kvifor akkurat denne personen fortener å bli kåra til "Årets Vikebu." 

Frist for innsending av forslag er: 15. november 2013.
Kven som blir "Årets Vikebu 2013" blir offentleggjort på Julemessa, laurdag 30. november.

Medlemmene i styret for Vikebuen er:  Solveig Hortman, Linda Langeland, Hilde Fredriksen
Ellen Skretteberg, Mona Schnabel, Inger Kathrine Sundve. 

Les invitasjonen her . E-postadressa er nå:  vikebuen@outlook.com  


12.995 besøk på Vikebygd.org i desember 2013
Gj.snitt 419 "visits" pr dag.

Totalt i heile året: 123.076 besøk og 3.347.356 treff på søk (Hits)

Utruleg positiv respons på websida
Over 300 ser innom vikebygd.org - kvar dag!!

av Steinar S 9.11.2013

I Vikebygd er det omlag 560 fastbuande.  Kor mange det er som kjem i tillegg i helgane på hytter, feriebustader og besøk, det veit vi ikkje heilt talet på, men dei utgjer etter kvart ei stor gruppe. Når så statistikken for unike besøk ("visits") på websida: vikebygd.org syner eit gjennomsnitt på 366 (september) og 348 (oktober), ja då syner det at dei fleste hus med pc i Vikebygd er innom websida.  Til nå i år har det vore 102.722 besøk på nettstaden.

2,8 millionar treff til nå i år,
over 1/2 million i september.

Ser vi på kor mange "hits" det er per månad (dvs kor mange som søker på internett og får opp vikebygd.org på treff-lista), så var det heile 500.464 i september og 333.528 i oktober.  Dette utgjer 8994 kvar dag!  Over ein halv million treff på ein månad var eit interessant tal å oppleva i september.  Det er det største snitt-talet på treff pr dag som denne nettstaden har hatt frå oppstarten i 2006. 

tett på 2,8 millionar treff til nå i 2013.  Gjennomsnittleg besøk (visits) er til nå i år 330 pr dag.  Det største besøkstalet var i mars 2013 med 426 pr dag (i  snitt).

Statistikk utført av One.com

Frå One.com siterer eg:
One.com har i løpet av årene oppnådd stor anerkjennelse fra webhosting-bransjens mest grundige og krevende tester. Framtredende eksperter i bransjen har blant annet uttalt:
(Editor’s Choice - PC Magazine Nederland & Belgia - juli-august 2009)

"I denne testen kom One.com best ut, ikke bare fordi du får et stort webhotell , men også fordi alt er ubegrenset (trafikk, mail-kontoer) og prisen kan ikke slås" "Spesielt den perfekte uptime på 99,99 % i løpet av 979 dager er verdt å nevne."

Enkelt og rimeleg å leige serverplass
http://one.me/noazemabb

Finansiering av vikebygd.org
Modernisering av nettstaden?
Programmeringsopplegget er god, gammaldags html og Frontpage.  Utdatert vil mange sei.  Arbeidskrevjande er det også, men veldig fleksibelt og tilpasningsvenleg. 

Håpet er at det skal vera ein annan Vikebu, med kunnskap og interesse for web-programmering, som kunne ha vore med på å laga ei ny og meir moderne webside for vikebygd.   

 

Link til FOTOALBUM for Vikebygdd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2013 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Juletrefesten
Musikalsk julegudsteneste
Brann i Vikebygd
Jubilanten Per Dommersnes
Julemessa 2013
Tenning av julegrana
Globalkafeen 2013
Hardhausen 2013
2. plass i Stjernå-finalen
Prioriteringsliste Fylkesvegar
Frå Vikebygd til Ukraina
Arbeid i gang med Vikevegen
Kystvakt på bergningsaksjon
TV-innsamlingsaksjon
Badmintongruppe starta
Minnestøtta er pussa opp
Tur til Sætrefjellet
Tur til Trodlafjellet
Sikrare veg til Vikebygd
Hausttakkefest og jubileum
Opning av Trimparken
Aktivitetsdagen
Vikestølsmarsjen
Nye vegnamn
Smeden besøkte kyrkja
Trimpark i sentrum
Smeden besøkte kyrkja
Juli-august diverse
Dominikus runda 80 år
Kongegrava ved Trodlanibbo
Konsert med Tom Rogerr
Vikebygdfestivalen
Loppis for Bygdahuset
Vintergrøne planter skada
Vikestølsmøtet
Kystkultur i Vikebygd
Ny turløype i Vikebygd
Dugnad i båthamna
Hagen på Dommarsnes
Kveldssol over fjorden
163.500 kr til lag i bygda
Skadeverk på skulen
Salmekveld i kyrkja
Nasjonaldagen
Konfirmasjonen
Salmedugnad
Grendautvalet vil ha veg
Vikesprinten
Bygdebok for Vikebygd
Vikeputten2013
Litt frå Idrettslaget
Fjellturar
April - då våren kom
Sommartid
Bibliotek og Sjoarakademi
Fjellturar i Vikebygd
Nyopning av Landhandelen
Graut og basar på bedehuset
Vikebygd i mars
4H Storkurs
Tilsetjingsgudsteneste
Speidarfesten
Endringar i kyrkja
Dugnad opnar opp bygda
Vinter og snø i Vikebygd
Jon Ådnøy vert sokneprest
Ungd. Kulturmønstring
Brende opp julaa
Vinter med is og uvêr
Nytt prosti - ny prest
Heile ÅRET 2013
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 112. Vikestølsmøtet 2012 
Boka om Vikestølen på nett. 

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012
2013

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland

Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. p;

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg