Lokalhistorie langs Alnavegen og på Aksla
Sogelaget for Skjold, Vats og Vikebygd inviterte til vandring i Vikebygd laurdag 2. oktober. Dei vart overraska over kor mange som kom.
I slutten av dagen fekk vi også god innføring i kva eit Postopneri var, og Alnabonden: Dag Hans Nagel-Alne, fekk også ta med historien om den gamle steinløa på Alna, som har overlevd fleire generasjonar.
Dette var eitt av fleire møte som sogelaget har invitert til, der dei gjennom bilete og foredrag set fokus på lokalhistoria til bygdene her i Vindafjord.
Stor interesse for lokalhistorie
– Eg frykta at eg skulle måtta fortelja historien langs Alnavegen for berre eit par superinteresserte sogelagsfolk, sa vår lokale historieforteljar, Ingrid Mathilde Sørvåg. Men ho vart overraska då godt over 20 var samla nede ved starten av Alnavegen, der ho mintest butikktrappa dei bruka å sitja på som born.
Dei fleste var godt vaksne og fleire hadde alt fått utbetalt pensjon i nokre år. Likevel var det ingen som kunne hugsa å ha truffe Smea-Hansen i sin ungdom. Det var nok før denne flokken kom til.
Ingrid fortalde om butikkane i Vikebygd den gong fleire av oss var born og ungdom. Oppover Alnavegen kunne ho peika og fortelja om folk som for lengst var frakta til sin siste kvilestad, men som mange av oss hadde minner frå eller hadde høyrt om. Eit foredrag ho tidlegare hadde på ei bygdevandring i sommar.
Jone Hatteland, leiar i Skjold, Vats og Vikebygd sogelag, kunne ynskja ei stor forsamling velkommen til Alna.
Etter ein sakte tur i motbakke oppover Alna (som nok tyder underarmen) kom vi opp til Aksla der Dag Hans Nagel-Alne har restaurert ei gamal steinløe. Inne i løa hadde Solveig Hortman rigga seg til med takke og det lukta godt av lappane ho steikte. Med syltetøy og rømme på toppen vart dette velsmakande attåt kaffien, der folk benka seg både langs langbord og langs veggene i rommet. Talet på tilhøyrarar kom visst over 40.
I den gamle steinløa som er sett i stand til selskapslokale av Dag Nagel Alne, skulle vi få fagleg påfyll av ikkje ringare enn Nils Olav Østrem, professor i historie ved Universitetet i Stavanger og Christopher F. Kvæstad, som er arkeolog i Rogaland fylkeskommune. Saman med Håkon Reiersen ved Arkeologisk museum, UiS, har han dei siste åra arbeidd med å løfta fram dei arkeologiske spora frå Haraldseid.
Haraldseid – Ferdsle og makt i jern- og mellomalderen
Christopher Fredrik Kvæstad, arkeolog i Rogaland fylkeskommune, kunne i bilete og skildring fortelja om arbeidet med å avdekka dei gamle ferdselsvegane og dragseida, der båtane vart flytta mellom fjordane som deler Vestlandet på tvers.
Saman med Plasset i Vikevik var Haraldseidvågen ein av gjestgjevarstadene i leia nordover til Bergen, landets største by på 1700-talet. Hundreåret etter utvikla det seg tidleg landhandlarverksemd både i Vikevik og i «Vågen». Handelsstaden i Haraldseidvågen heldt stand til langt utpå 1900-talet og hadde si stordomstid med etablering av hermetikkfabrikk. Haraldseidvågen var i fleire tiår bustad for ordføraren i Skjold kommune og kunne reknast som sentrum i kommunen og ein av dei lokale stadene som var med på å byggja ut det offentlege Norge.
Haraldseid var eit viktig knutepunkt i ferdsla som kryssa Haugalandet. Her kunne båtar fraktast det korte stykket over land mellom Ålfjorden og Skjoldafjorden. Segna koplar eidet til Harald Hårfagre, og funn frå vegar og graver stadfester at eidet var viktig i jernalderen og mellomalderen. Fleire rike gravfunn peiker mot at kontrollen av ferdsla gjorde slektene ved Haraldseid mektige. Ein finn liknande samlingar av rike funn også ved andre strategiske punkt i leia, mellom anna i Vikebygd.
Professor Nils Olav Østrem ga ei god skildring av livet i bygdane her før i tida.
Men som professor i historie held han seg til dokumenterbare kjelder og ville ikkje kommentera historiane om Harald Hårfagre i Haraldseidvågen.
Det var nok ikkje alle som viste kvifor det heiter «poståpneri». Men det var ikkje kven som helst som fekk lov å opna postsekkene som vart frakta mellom by og bygd av det offentlege postvesenet.
Poståpneri var i eldre tid eit lite postkontor på landsbygda, leia av ein poståpner. Navnet kjem av at den ansvarlige opna postveska, tok ut det som skulle leverast til staden, og la ned post som skulle andre stader.
Einkvar embetsmann, tenestemann eller gjestgjevar kunne verta pålagd å vera postopnar frå 1647, da det norske postvesenet blei etablert. Først blei dei betalt med portofrihet for eigne brev, men etterkvart blei det innført betaling for postopnarane.
Frå 1842 blei mange landhandlarar utnemnde til postopnarar, og i 1871 falt plikta til å vera postopnar bort for dei tidlegare nemnde embetsmenn, tenestemenn og gjestgjevarar.
Nye kommentarar