Folkemøte om kommuneplanarbeidet
Ope møte 20. oktober kl. 17:30-20:00 på Bygdahuset i Vikebygd, om kommuneplanarbeidet og innspel du kan koma med. Frist for innspel til kommunen er 31. oktober.
Kva er ein kommuneplan?
Alle kommunar skal ha ein plan for korleis bygga og utvikla kommunen. Eit mål og ein plan for framtida. Kommuneplanen består at to delar, ein samfunnsdel og ein arealdel. Ein revisjon er med andre ord ei oppdatering eller ei fornying for å sikra at kommuneplanen er «levande». I takt med utviklinga blir planen revidert nå.
Sjå filmen kva er ein kommuneplan for å få svar på korleis du kan vera med å påvirka Vindafjordsamfunnet inn i framtida. Når du har sett filmen, kan du også svara på kommunen si spørjeundersøking. Les meir om undersøkinga her.
Frist for alle innspel er 31. oktober.
Les meir om kommuneplanen og korleis du kan påverka den, på kommunen si web-side: Revisjon av kommuneplan – Vindafjord kommune
Nye kommentarar