Vel blåst – fulle hus på fleire konsertar
Laurdag vart dagen med fulle hus på konsertane i Vikebygd. Ein fantastisk flott kyrkjekonsert samla over hundre. I løå på Akslå (Alna) var det godt 170 på konsert med Lady Hardanger og over 200 på konserten der Tom Roger Aadland med gjester var hovudtrekkplasteret. Også på konserten på Plasset om kvelden vart teltet fullt då «Summer Youth» spela opp med kjente melodiar som har overlevd nokre ti-år. Men det heie starta med musikalsk tur og morgonbading ytterst i Naustvika, og vandrekonsert gjenom bygda med eit lite Ukuleleorkester for born og vaksne.
Vi presenterer her minner frå laurdagen sett gjennom eit kamera:
Kyrkjekonserten
Cathrine Nordseth, musikkar og initiativtakar til Vikemusikk 2018, kunne ynskja eit stort publikum i alle aldrar velkommen til ein flott kyrkjekonsert i den spesielle murkyrkja som ligg sentralt i Austre Vikebygd, eller Vikevik som dette området vert kalla. Konserten vart opna med musikk av Bach for Cello og fløyte, ved Frøydis Lysne og Åsmund Birkeland. Vegard Skartland, Sunniva Tveit og Iselin Eidhammer Tveit var dei dyktige songarane som stod for flest songnummer, akkompagnert av: Arne Tveit på keyboard og el-piano i tillegg til Helge Veastad på gitar. Elles deltok også Lene Bjerga med song til gitar.
Konsertar i Løå på Akslå (Alna): Lady Hardanger og Tom Roger med gjester
Det vart fullt hus i Løå på Alna laurdag ettermiddag. Ikkje alle fekk plass inne og det var i tillegg mange som sat utanfor og nytte musikken gjennom dør og vindauger. 170 på den første konserten og over 200 på den andre var svært bra her på Vikebygd sitt tak med utsikt over Vikevik i sol. Kvaliteten på musikken var svært høg og applausen runga mellom steinmurane gong etter gong. Så var det også eit veleigna lokale for konsertar av denne typen. Utanføre hadde Dag og Solveig rigga seg til med kiosk og bar.
The Summer Youth på Plasset
Konsertane i Løå på Alna var ikkje ferdige før over ni om kvelden. Mange valde å ta turen til det neste konsertlokalet: Plasset. Her spela «Summer Youth» opp med kjend musikk frå deira ungdom. Bandet bestod denne kvelden av: Trond Ponce, Roar Heggland, Tom Roger Aadland og Geir Gjerde.
Også her vart det fullt i teltet i tillegg til mange som sat inne i restauranten.
Vi kan ikkje anna enn å retta ei takk til initiativtakarane og prosjektkommiteen som stod i spissen for å få til denne musikkfestivalen. Det vanka lovord frå mange hald og fleire ymta frampå at dette må vi få til også neste sommar.
Langt fram, kan ein tenkja. Men kanskje slik at også fastbuande vikebuar kan planleggja denne helga inn på kalenderen sin. Det er nok slik at juli er feriemånaden. Vikebuen reiser bort til hytter og ferie andre stader. Og motsett kjem mange til Vikebygd for å finna ferie og ro på sine hytter eller bardomsheimar. Dette er nok grunnen til at hyttefolk og feiegjester var i fleirtal på mange av konsertane. I tillegg til å skape «liv og røre» så skaper slike tiltak positivitet og optimisme i her på bygda. Og for nokre så styrkjer det også levebrødet med matservering og sal i butikken.
Musikkarar og arrangjørkommite gjorde dette på dugnad og festivalpasset kosta berre 200 kroner for heile festivalen.
– Overskotet skal gå til arrangementet: Vikemusikk 2019, seier primusmotor for festivalen og Galleri Vik: Cathrine Nordseth.
Vi seier: Takk.
Nye kommentarar