Julekonsert med lokale krefter
Lokale musikarar og songarar utgjorde ein variert og flott konsert i kyrkja. Omlag 130 var dei som samla seg i kyrkjebenkene og fekk oppleva halv-annan time med flott og variert musikk. Det var både amatørar og profesjonelle som var med og gjorde kvelden flott for alle som valde å ha laurdags ettermiddagen i kyrkja til ein konsert som er ein tradisjon i Vikebygd. Publikummet responderte med varm applaus til dei som delte musikk og tonar med oss.
Musikkarane som deltok denne kvelden gjorde dette på dugnad. Her var både amatørar og profesjonelle med. Overskotet skulle gå til Kirkens Bymisjon Haugalandet, fortalde Brit Nelly. I Vikebygd har vi mange dyktige innanfor musikkmiljøet. Derfor går folk til kyrkjes når det vert tillyst konsert med lokale krefter.
Torsdagsklubben er eit lokalt band med dyktige musikkarar som har spelt saman i lang tid. Bandet har medlemmer frå Skjold, Vats, Vikebygd og Haugesund, og møtest torsdagskveldar. Dei spelar til selskap, dans og gjerne i kyrkja, men det var val første gongen dei framførte musikken sin i kyrkja i Vikebygd, til stor glede for dei som var til stades. I oktober hadde dei konsert i Skjold kyrkje. Faste musikarane i Torsdagsklubben er: Arne Tveit (tangentar), Berge Thomas Velde (rytme/slagverk), Alf Helge Stendal (gitar), Knut Ståle Storesund (bass) og vokalisten Kjetil Ohm. Dei hadde med seg tre vokalistar til på denne konserten: Sunniva Tveit Gregersen, Iselin Eidhammer Tveit og Ingebjørg Susort Velde.
I slutten av konserten vart Ingrid Mathilde Sørvåg ropa fram. Koret frå Torsdagsklubben ville takka henne for ein flott innsats med å organisera konserten og alle deltakarane. Men dei hadde ein ting il på hjarta: Å få alle med på å syngja fødselsadagssongen fo Ingrid, som fylte 60 år på fredagen.
Så vart konserten avslutta ved at alle songarane stod samla framme og Arne Tveit tok plass på orgelkrakken. Til tonane av kyrkjeorgelet kunne alle syngja med på:
Deilig er jorden
«Deilig er jorden,
prektig er Guds himmel,
skjønn er sjelenes pilgrimsgang.
Gjennom de fagre
riker på jorden
går vi til paradis med sang.
Tider skal komme,
tider skal henrulle,
slekt skal følge slekters gang.
Aldri forstummer
tonen fra himlen
i sjelens glade pilgrimssang.
Englene sang den,
først for markens hyrder;
skjønt fra sjel til sjel det lød.
Fred over jorden,
menneske fryd deg.
Oss er en evig Frelser født.»
Og for dei som vil mimre litt tilbake til året 2018,
så kan dei så bileta frå den julekonserten her.
Eller kanskje lesa litt om julekonserten i 2017.
Eller Julekonserten i 2016.
Eller julekonserten i 2015.
Eller … julekonserten i 2014.
Plakaten for julekonserten i kyrkja:
A Skartland Christmas ( The Devlin Skartland family)
Nye kommentarar