Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i advent  

Facebook    -   Twitter

Flott konsert i Vikebygd kyrkje

Sida er sist endra 17. des. 2016

 

Julekonsert med lokale talent
Folk gjekk "mann av huse" for å få denne med seg

Steinar S. 22.12.16

Eit allsidig og flott program på julekonsert i kyrkja laurdag 17. desember. 230 store og små hadde funne vegen til kyrkja for å få med seg eit variert musikk og songutval framført av ei rekkje lokale talentar, der nokre etter kvart har blitt kjende i eit større distrikt enn bygda.  Dei hadde øvde i lang tid - og det for berre ein konsert. Truleg har det vore både inspirerande og kjekt med dei treffpunkta øvingane har vore i lang tid.


Dei song både kvar for seg og som eit felles husorkester under konserten. Stor spennvidde i songvalet som dei hadde øvd på i fleire månader. Her frå avslutningsnummeret, ein moderne versjon av 'Hark now hear the angels.' Songarar og musikarar var her:
Arne Tveit (piano og keyboard), Even Larsen (trommer), Håvard Tveit (bassgitar), Helge Veastad (gitar) og songarane: Vegar Skartland, Sunniva Tveit, Iselin Eidhammer Tveit og Lina Fisk Eide.


Og det er ikkje julekonsert i Vikebygd utan at det dyktige korpset i Vikebygd stiller under leiing av Andreas Ulveraker.

Mange frå same familiar der fleire generasjonar deltek.  men dei unge får læra av dei vaksne og oppleva samspel av høg kvalitet, noko korpset fekk visa fram gjennom melodiane: Vintersong, Nordnorsk julesalme og Julekveldvise. Mellom dette fekk Ingrid M. Sørvåg lesa ei forteljing som minna tilhøyrarane om at det snart er jul. Ei tid som ein i kristen tradisjon og kyrkje markerer Jesu fødsel for 2000 år sidan.

Men i juleevangeliet høyrer vi også om englane som song for gjetarane på marka. Og inn gjennom kyrkjedøra toga eit englekor leia av Line og Lene.

Englekorte både song og viste engledansen framme i koret.

Nokre jenter hadde ei overrasking. Ein song som ikkje stod på programmet, men som dei hadde lyst til å syngja.

Det lovar godt for åra framover når vi har så ivrige deltakarar som vil vera med og gje til andre av si songglede.

Tina Larsen fekk tenna dei fire ljosa i adventstaken - for nå er det berre dagar igjen til jul. Lene Bjerga spela til alle dei fire versa i adventsongen medan ho tente eitt og eitt ljos.
 
Så var det Ida karolina Koltveit som skulle syngja "Det finaste eg veit" til gitarspel av Robert Gausvik.
 
Ida karolina Koltveit sette seg deretter på pianokrakken og framførte medmusikk og song: "Fordi eg elskar deg."

 
Vegard Skartland var på scenen i mange samanhengar, både i korpset, med gitar og solosong, og med songen "Lys i mørketida" til tonar frå kyrkjeorgelet med Arne Tveit på orgelkrakken.

Men han son også i fleire songnummer saman med andre, m.a. i songen "Gå inte forbi" der det vart duett med svigerinna Sandra Marie Bjørnset Sælemyr til musikk med Arne Tveit.

At det var nære familieband mellom fleire deltakarar såg vi i fleire samanhengar. Og som solistar med eigen musikk og gitarspel fekk vi med oss søskena Lene Bjerga og Jone Bjerga. Ho med "julepotpurri" og han med fleire songar han hadde skreve sjølv.

Konserten vart avslutta med ståande allsong på "Deilig er jorden" til musikk av Arne Tveit og Marijann Larsen. Medan folket gjekk glade og nøgde ut etter ein flott, lokal førjuls konsert fekk dei høve til å gje ei gåva i staden for inngangspengar. Når utgiftene til m.a. innleige av profesjonell lys og lydstyring var dekka, skulle overskotet gå til Kirkens Bymisjon på Haugalandet.

Vi takkar alle musikarane i bygda for bidrag til ein flott konsert og for mange timar med øving for å få det gode kvalitetsnivået. Og flott var det å sjå full kyrkje denne kvelden.

 

 
 

JULEKONSERT med lokale deltakarar
i Vikebygd kyrkje 17. desember klokka 16:00

-Det blir julekonsert i kyrkja i år også, og me byr på ein variert meny, fortel Ingrid Sørvåg.
-Vikebygd Skule- og Ungdomskorps opnar og elles er det både nokre «gamle» og nokre
«nye» artistar. Me skal tenna tre lys i adventskransen, høyra songar frå ulike land og ulike tider, men alle handlar på ulike måtar om jul og den gåva me alle har fått. Til avslutning syng me «Deilig er Jorden».

Desse blir med:

  • Arne Tveit,
  • Dan Bergman,
  • Helge Veastad,
  • Ida Karolina Koltveit,
  • Jone Bjerga,
  • Korpset,
  • Lene Bjerga,
  • Lina Fisk Eide,
  • Robert Gausvik,
  • Vegard Skartland,
  • Iselin Eidhammer Tveit og Sunniva Tveit
  • Barnekor, leia av Lina og Lene.
Borna er også viktige aktørar, både i korpset, med tenning
av adventskransen.

Konserten kostar ikkje noko, men me får gje ei gåve til
Kirkens Bymisjon ved utgangen.
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Sjå fleire gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 140 079 besøk i 2015. Hits:  4 147 074.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

Les fleire nyheter
2016
Desember
Fulle benker på ei musikalsk julegudsteneste
Lokal julekonsert m fullt hus
Julekonsert med Scala
Lysmessa i kyrkja
November
Tenning av julegrana
Julemessa 2016
Globalaksjonen
Bibelmaraton i Skjold
Vikebygd Amatørteater?
November skjedde det
Oktober
Grendautvalet - ope møte
Lokal drivstoffløysing
Amatør teater i Vikebygd?
Longåsdals-dagen
Aktivitetsdag på idrettsbanen
September
Eigarskiftehelg på Joker
Folkerøystinga
Spennande gudsteneste
Vikestølsmarsjen med pop-up
August
Ny butikkeigar i bygda
Haustfest i Lio
Kommunesamanslåing?
Paul Harrison i Skjold kyrkje
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til salgs
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org