Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

FULLE BENKER PÅ KONSERT I VIKEBYGD KYRKJE

Sida er sist endra 15. des. 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS 
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 
Vikebygd kyrkje 14. desember
Julekonsert med lokale musikkrefter

av Steinar Skartland 14.12.2014

Vikebygd kyrkje høver godt til musikkframføringar.  Akustikken i denne særeigne murkyrkja er fortreffeleg og naturleg.  Sjølv om dette var den andre konserten i ei veke som også tok til med lysmesse og fullt hus, så møtte heile 135 for å få med seg konserten den 3. søndagen i advent.  Korpsmusikarane Mathilde, Ada og Ingeborg fekk æra av å tenna dei tre lysa.


Vikebygd Skule- og Ungdomskorps (klikk om du vilk sjå eit større bilete)
Vikebygd skule- og ungdomskorps har oppnådd eit høgt kvalitetsnivå sjølv om mange av musikkarane er unge.  Dei har ein dyktig læremeister og dirigent i Andreas Ulveraker.  Søndag ettermiddag fekk dei æra av å starta konserten i kyrkja med fleire flotte nummer. 

Arne Tveit (orgel) og bluesgitaristen Helge VeastadUtover i den times lange konserten var det ei lang rekkje med lokale musikkarar om bidrog. Det blir feil å leggja til ordet 'unge' før musik-arane, for sjølv om dei fleste er ungdommar så bidrog også vaksne og profesjonelle musikarar som delvis har hatt musikken som leveveg. 

Andreas Ulveraker dirigerer ikkje berre ungdommane i korpset, men har bak seg over 40 år i Bytunet Antikvariske Jazzensemble.  Arne Tveit, som m.a. trakterte kyrkjeorgel og Piano, har i mange år vore organist i kyrkjer både i Vindafjord og Stavanger.  Helge Veastad kan meir enn gardsyrket.  Tidlegare var han gitarist i: 'Shakey Ground Blues Band'. Vi har fleire gonger fått gleda av å høyra han også i Vikebygd kyrkje i samspel med Arne Tveit.

Vegard SkartlandVegard Skartland er ein etter kvart lovande ung artist med ei flott songstemme. Han er etterspurd for å opptre på ei rekkje arrange-ment på Haugalandet etter at han vann musikkonkurransen:  'Stjernå'. 

Andre ungdommar frå bygda som deltok, var
Ida Karoline Kolltveit som song to songar til eige pianospel; Marita Kolltveit og Diana Isene med gitar og song; Sunniva Tveit og Iselin Eidhammer Tveit, song.

Konferansier for konserten var Ingrid Mathilde Sørvåg som innleia med å lesa forteljing om korleis grana vart juletre. 

- Dette må bli ein årleg tradisjon, sa Ingrid då folk vandra ut i mørkret og vinden.  Og det har synt seg at når Vikebuar sjølv stiller opp og spelar i konsertane, då kjem også folk frå dei mange heimane i Vikebygd for å vera tilhøyrarar i kyrkja. 

Med så mange gode og lovande musikarar i bygda, kan vi vera samde med henne i det.


 

 


Ida Karoline Kolltveit


Sunniva Tveit og Iselin Eidhammer Tveit


Marita Koltveit og Diana Isene


Helge Veastad, gitar


Kunngjeringa: 

Julekonsert i Vikebygd kyrkje
Søndag 14. desember kl 16:00

 

Medverkande:

  • Korpset
  • Ida Karoline Kolltveit
  • Marita Koltveit
    og Diana Isene
  • Vegard Skartland
  • Iselin Eidhammer Tveit
  • Sunniva Tveit
  • Helge Veastad
    og Arne Tveit

Me tenner det tredje lyset i adventskransen og syng jula inn.

Det var ikkje inngangspengar, men dei som ville kunne gje
ei gåve til kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt.
 


Tilbake til hovudsida

 

 

 

 

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2014 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Julekonsert 14.12.14
Kor e' Vindafjord 10.12.
Lysmessa i kyrkja 7.12.
Lysa vart tende på juletreet
Årsmøte i Grendautvalet
Svanene på plass i bygda
Globalcafe med Speidaren
Familiegudsteneste 9.11.
Fornyar klubbhuset i båthamna
Grunnlovsjubileet 5.11.
Nytt kjøkken og kafe
Mitt Fargerike Nabolag
Frukost & konsert på butikken
Ymse frå november 2014
Tysvær Vepro steller graver
TV-aksjonen 2014
Veg til Vikestølen
Folketalet går ned
Tur til Longåsdalen
Ymse frå oktober 2014
Fotballkampar i Vikebygd
Fairtrade kommunen markert
Aktivitetsdagen 20.9.
Sopp kurs 12-13. sept
Vikestølsmarsjen
Fv. 734 - Vikevegen
Friluftsrådet 30 år
Sjømannsmisjonen 150 år
Nytt kjøkken på Bygdahuset
Skulestart i Vikebygd
Heidra for idrettsinnsats
Ekstremvêret Lena
Vikebygd-Bjoa 5-2
Supermånen i 2014
På leit etter røter på Fossel
Speidarane på leir i Asker
Stiar merka i fjellet av Roald
Speidarar på Landsleir
Vikebygdfestivalen 19.7.
Radio 102 show frå Plasset
Murmansk reise
Vikestølsmøte 6.7.
Ny Olalihytte opna
Sankt Hans-feiringa
Strandloppis
Diverse frå mai-Juni
Speidarane i Vikebygd
17. mai 2014 i Vikebygd
Brot i Landbruksforhandlingane
Tildeling frå Bakkevig's fond
Vikesprinten 3.5.
Fjelltur på stiar i Vikebygd
Samanslåing av kyrkjesokn?
Vikeputten 2014
Litt frå April
Utviding av gardsbruk
Bondevenner 2014
Tindelandsnaturen
Veg mellom Lio1 og Lio2
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jubilanten Per Dommersnes
Årets Vikebu kåra
ÅRET 2014

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg